Hopp til innhold

Framleis mekling mellom partane i barnehagestreiken

– Vi meklar framleis, opplyser meklar Inger-Marie Langfald til NRK.

Partane møttest i går til tvungen mekling hjå Riksmeklaren. Dette skjedde etter at den frivillige meklinga i forrige veke ikkje gav resultat.

Streiken i private barnehagar starta etter at det vart brot i forhandlingane 15. oktober. Fagforbundet, Utdanningsforbundet og Delta streikar mot arbeidsgjevaren Private Barnehagers Landsforbund.

Over 3600 barnehagetilsette er no tekne ut i streik.

Cathrine Sortland

Cathrine (29) har jobba ti år i barnehage. No kryssar ho fingrane for at partane vert samde

Partane i barnehagestreiken sit framleis og meklar etter dei tysdag vart tvinga saman til forhandlingar. Barnehagetilsett Cathrine Sortland håpar dei finn ei løysing.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no