Hopp til innhold

Denne kommunen har berre private barnehagar. No vert dei hardt råka av streiken

I Bømlo kommune i Vestland blir seks av åtte barnehagar delvis stengde i dag. – Vår store feil er at me berre har private barnehagar, seier ordføraren.

Espira Hollund på Bømlo. Ein av barnehagane i ein kommune som vert råka ekstra hardt.

STENGJER AVDELINGAR: Her på Espira Hollund vil fleire avdelingar vera stengde så lenge streiken går føre seg.

Foto: Olav Røli / NRK

Kommunen i Sunnhordland har nemleg berre private barnehagar.

Og når streiken i barnehagesektoren i dag vert trappa opp vil det råka 596 av dei totalt 660 barnehageplassane på Bømlo.

Over heile Noreg vil til saman 2.000 barnehagetilsette no vera i streik.

– Om barnehagane må stengja vil det råka hardt foreldre som har ungar der. For nokon må jo passa på ungane, seier ordførar i Bømlo kommune, Sammy Olsen (Sp).

«Vår store feil er at me berre har private barnehagar», har han sagt til lokalavisa Bømlonytt. Ifølgje Olsen kostar det kommunen ekstra når dei berre har private barnehagar. Og det har vore diskutert å oppretta kommunale barnehagar.

– Men førebels er ikkje tida der for å gjera noko med det, seier han.

Strid om pensjonsrettar

Før helga vart det nemleg brot i meklinga mellom Private barnehagers landsforbund (PBL) og Utdanningsforbundet, Delta og Fagforbundet.

Striden står om rettar til pensjon.

Dei streikande hevdar dei har dårlegare pensjonsrettar enn tilsette i andre barnehagekonsern og i kommunale barnehagar.

PBL hevdar deira tilsette har god pensjon og at det vil kosta 1,4 milliardar å gå med på krava.

Når opptrappinga i dag er eit faktum vil det råka fem barnehagar i Espira-konsernet i Bømlo kommune, pluss Maurtua Barnehage SA.

– Det er klart det vert ei utfordring når barnehagen vert stengt, seier Leif Magnus Haldorsen, som har fem år gamle Hanna Tiril i nettopp Maurtua.

Leif Magnus Haldorsen og dottera Hanna Tiril Sortland Haldorsen

Leif Magnus Haldorsen må førebu seg på heimekontor saman med dottera Hanna Tiril i dagane framover. Barnehagen der ho går er nemleg råka av streik. Dette biletet er teke ved eit tidlegare høve.

Foto: Privat

Støttar streiken

Femåringen får no barnehage anna kvar dag. Dermed må foreldra leggja til rette med heimekontor og få hjelp av besteforeldre for å få kvardagen til å gå opp.

– Samstundes støttar eg streiken. Men eg håpar det ikkje vert langvarig og at partane kan verta samde, seier Haldorsen.

Geir Aga, som har fem år gamle Lukas i barnehage på Bømlo, er også klar på at han støttar streiken.

– Likevel håpar eg ikkje at streiken vert langvarig, seier Aga.

Han fryktar han eller kona må ta ulønt permisjon for å få kabalen til å gå opp når barnehagen skal ha delvis stengt.

Geir Aga og Lukas Aga

Geir Aga er førebudd på å måtte ta ein del fri no når sonen Lukas ikkje har barnehageplass.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Fagforbundet: – Klare til å streika lenge

Til saman 58 fagorganiserte på Bømlo skal frå torsdag morgon ut i streik. Og onsdag vart dei siste førebuingane gjort før opptrappinga.

– Me er villige til å ta denne kampen så lenge det trengst for at våre medlemmar skal få pensjonen dei har krav på, seier May Rita Ersland Fjellheim.

Ho er regiontillitsvalt i Fagforbundet, og jobbar i Espira Salamonskogen på Bømlo. Der skal til saman 12 personar ut i streik frå og med torsdag.

May Rita Ersland Fjellheim og Connie Våge i Fagforbundet. Gjer seg klar til streik

May Rita Ersland Fjellheim (til venstre) i Fagforbundet var onsdag rundt med materiell til dei som skal streika. Her får Connie Våge plakatar og ein pose med vestar.

Foto: Olav Røli / NRK

Også i Ålesund er streiken trappa opp. Der er det totalt nærare 100 tilsette i elleve barnehagar no tekne ut.

– Me opplever at me har ei enorm støtte frå foreldre, for alle skjøner kor viktig pensjon er, seier leiaren i Utdanningsforbundet Ålesund, Ina Enoksen.

Ho er lei seg for at streiken råkar foreldre og barn, men seier ho trur dei fleste private barnehagar i kommunen er delvis opne, og at det er etablert ei tilsynsordning.

Ina Enoksen, leder ved Utdanningsforbundet Ålesund.

– Saka er viktig og streikeviljen er stor, seier Ina Enoksen i Utdanningsforbundet i Ålesund.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Espira: – Ikkje rettvist

Dei fem Espira-barnehagane i kommunen vil alle verta råka ulikt av streiken, seier styrar i Salamonskogen Barnehage, Heine Larsen.

Han uttalar seg på vegner av alle.

Felles for dei alle Espira-barnehagane er at éin eller fleire avdelingar vil vera stengt så lenge streiken går føre seg. Dette vil variera frå dag til dag, og frå veke til veke.

– Uansett vert det ikkje rettferdig, og det er dumt at ikkje me kan gje eit likt tilbod. Men slik er situasjonen, seier Larsen.

Han ynskjer ikkje å kommentera arbeidskonflikten, men seier han håpar det ikkje vert langvarig.

– Det er krevjande for foreldre som endå ein gong må ut å sjonglera jobb og barnehage, seier han.

Arbeidslivsforskar Kristine Nergaard i Fafo seier til TV 2 at ho fryktar denne streiken vert langvarig.

Ordfører Sammy Olsen (Sp), Bømlo kommune

Ordførar i Bømlo kommune, Sammy Olsen (Sp), fortel at deira kommune har diskutert å gå tilbake til nokre kommunale barnehagar.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Årsaka er mellom anna at diskusjonen om pensjon har gått føre seg i mange år.

Ifølgje barnehage.no er dei aller fleste barnehagane som er råka av streik opne, men med redusert tilbod.