Hopp til innhold

Blokkbrannen i Bergen: Endra godkjenninga på kledningen i vinter

Blokka som brann ned i Arna var dekka av impregnert trekledning. I vinter blei godkjenninga på kledningen endra. No blir det undersøkt om kledningen er meir brannfarleg enn annan trekledning.

Boligblokken på Lone i Arna
Lonemarka

NRK rettar 17. august: I ein tidlegare versjon av denne saka skreiv NRK at Sintef i vinter fjerna godkjenninga. I etterkant har selskapet presisert at dette ikkje er riktig. Sintef fjerna informasjon om klassifiseringa av Kebony brukt som ytterkledning. Det er difor meir riktig å seia at den tekniske godkjenninga blei endra.

Oppdatert 20. august: I den første versjonen av denne saka uttalte Sintef at måten Kebony-kledningen blei utvikla på, moglegvis kunne forverra branneigenskapane. Etter at saka blei publisert fekk Sintef informasjon frå Kebony som indikerte at den oppfatninga var feil. Sjå meir i faktaboks nederst i saka.

I helga brann ei fireetasjes bustadblokk på Lone i Bergen. Då brannvesenet kom fram, stod alle dei 24 altanane i full fyr.

Både ekspertar og brannfolk har spurt seg korleis bygget kunne bli overtent så raskt. Det gjekk berre minutt frå brannvesenet kom fram til taket kollapsa.

Heile fasaden på bygget var i tre. Trekledningen var av typen Kebony.

No viser det seg at brannklassifiseringa for bruken av Kebony som veggkledning i vinter blei fjerna i den tekniske godkjenninga til Sintef.

Årsaka er at det er tvil om kor brannfarleg produktet er, at det ikkje er gjort ekstern testing for å undersøka dette.

Mangel på prøveresultat som grunnlag for brannklassifiseringa for Kebony er det same som det som i vinter skjedde med royalimpregnert kledning.

Boligblokken på Lone i Arna
Lonemarka

Bekymra for impregnert kledning

I vinter sprakk nyheita om at royalkledning kan vera meir brannfarleg enn først antatt fordi produktet aldri har vore gjennom testing. Både produksjonen og sal stansa over natta. Store prosjekt blei sett på vent når produktet ikkje blei godkjent i testen.

Også produkt som mellom anna Kebony-kledning blir utvikla på tilsvarande måte:

Impregnert, for mindre vedlikehald og lengre levetid.

Men der royalkledning blir impregnert med linolje, blir Kebony kjemisk modifisert ved hjelp av furfurylalkohol.

Etter at stoffet er tilsett i væskeform, blir trevirket varma opp og det tilsette stofffet omdanna til faststoff.

I juni gjekk ein av dei største produsentane til søksmål mot Direktoratet for byggkvalitet (DBK), fordi dei meiner styresmaktene feiltolkar lovverket.

Men det er ikkje berre royalkledningen som blir sett nøyare på.

Kathinka Leikanger Friquin

FORSKAR: Kathinka Leikanger Friquin er forskar på avdeling for arkitektur, byggematerial og konstruksjonar ved Sintef.

Foto: Morten Andersen

Endra godkjenninga i vinter

Til NRK stadfestar forskar Kathinka Leikanger Friquin ved Sintef i vinter endra den tekniske godkjenninga på Kebony-kledning.

Årsaka er at Sintef meiner at Kebony, i likskap med produsentane av royalkledning, burde plassera kledninga i systemklasse 3 (i EU-forordningen AVCP). I dette systemet må brannklassen bestemmast ved prøving, hos ein uavhengig tredjepart.

Produsentane har plassert dei impregnerte kledningsprodukta i system 4, der er det opp til produsentane sjølve å vurdera brannklassifiseringa.

– Sintef har vurdert at branneigenskapane til behandla trekledningar framstilt etter denne produktstandarden prøvast for å kunne bestemme brannklassen, seier Friquin.

24 personer evakuert fra boligblokk i Bergen

OVERTENT: 24 personar blei evakuerte frå bustadblokka i Bergen.

Brannvesenet har kontakta Kebony

– Det var nærast eksplosivt, det gjekk så fort, sa bebuar Rune Gjuvsland om flammane han såg utanfor vindauga natt til laurdag.

Etter alt å dømma spreidde brannen seg på fasaden.

– Eg har aldri vore med på noko som dette, sa brannvesenets innsatsleiar under storbrannen.

No har brannvesenet i Bergen kontakta Kebony for å få informasjon om kledningen.

– Me hentar informasjon frå ulike hald og kan bekrefta at me har vore i kontakt med Kebony og fått tilsendt informasjon om produkta. Me har ikkje fått sett på dette i detalj, seier Janicke Larsen, leiar ved brannførebyggande avdeling i Bergen brannvesen.

Brannvesenet har no sett ned ei gruppe som arbeidar for å finna mest mogleg informasjon om konstruksjon og materiale. Målet er å skaffa seg best mogleg grunnlag for å forstå kvifor brannen spreidde seg så fort.

– Det er mange komplekse spørsmål i denne samanhengen og me treng meir tid for å dykka ned i materialet.

Kebony: – Glade for at ingen blei skadd

– Me vil samarbeida fullt ut med alle relevante styresmakter og vil assistere etterforskinga med teknisk informasjon og kompetanse viss me blir spurt, skriv administrerande direktør Norman Willemsen i ein e-post til NRK.

NRK har stilt selskapet fleire spørsmål om trekledningen, brannklassifiseringa og om dei sjølv ville ha anbefalt Kebony-kledning på eit bygg som det på Lone.

Sistnemnde spørsmål ønskjer selskapet ikkje svara på.

– Kebony-produkt skal berre nyttast kor brannklasse D er spesifisert og vurdert som sikkert. Uavhengig av denne hendinga testar me no kledningen i samsvar med system 3, skriv Willemsen.

Også fagbladet brennaktuelt.no har omtalt at Kebony har sendt kledningen til testing.

Willemsen fortel at Sintef først skreiv ut klassifisering av Kebony-kledning basert på deira forståing av standarden. Den blei seinare trekt tilbake etter at Sintef blei gjort merksam på at berre ubehandla treverk kunne inngå i klassifiseringa som ikkje stiller krav til testing, forklarar direktøren.

Selskapet sette då omgåande i gang prosessen med å få testa kledningen.

Kebony.

KEBONY: Det norske selskapet har sine produksjonslokale i Skien og Flandern.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

– Kva er Kebony si vurdering av å nytta denne trekledningen som fasade på ei fireetasjes bustadblokk, planlagt for kommunale bustader for vanskelegstilte?

– Kebony og andre trekledningar er brennbare material, og dette faktum må takast med i betraktninga når bygningar blir konstruerte. Kebony sjølv utfører ikkje risikovurdering av bygninga, dette bør gjerast av spesialekspertar, svarar Willemsen.

– Reagerer Kebony på at kledningen er brukt som den er gjort på den kommunale blokka på Lone?

– Sidan dette er ei pågåande etterforsking, er det ikkje riktig av oss å kommentera årsaka og utviklinga av brannen. Me har følgt situasjonen nøye og var glade for at det ikkje var personskadar etter hendinga i Bergen.

Person fra Forsvaret klargjør robot som skal søke gjennom brannruiner

MILITÆRPERSONELL: Politiet får bistand frå militæret i forsøket på å henta ut overvakingsmaterialet frå den kommunale blokka. Sidan bygget blir vurdert som utrygt, blei ein robot tatt i bruk.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Vurderer nye tilsyn

Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) gjennomførte i fjor tilsyn med brannhemmande kledning. Kebony-kledning var ikkje ein del av dette tilsynet.

– Me vurderer fortløpande kva for produkt me skal føra tilsyn med mellom anna på bakgrunn av ny informasjon og tips. I samband med det vurderer me behovet for tilsyn med eit breiare utval av ulike kledningsprodukt til bygg. Me vil også vurdera om det er behov for informasjonskampanjar retta særleg mot produsentar og importørar av byggevarer, opplyser avdelingsdirektør Therese Brøndum i DiBK.

Politiet har så langt ikkje slått fast kva som var årsaka til brannen. Ein av teoriane er at brannen er påsett. Tysdag var søkshundar frå Kripos og militærpersonell på plass.