Hopp til innhold

Bustadprisane steig i januar – men Stian og Merete har berre fått skambod

– Bustadmarknaden er tilbake, seier bransjeorganisasjon etter prisauke i januar. Aller høgast var stigninga i Bergen, men det har ikkje Stian og Merete merka noko til.

Boligsalg i Bergen Stian Hogstvedt

Merete Øiestad og Stian Hogstvedt har prøvd å selja bustaden sin i fire månader.

Foto: Oskar Rennedal / Oskar Rennedal

– Me har fått inn nokre skambod, det er det einaste, seier Stian Hogstvedt.

I over fire månadar har han og Merete Øiestad prøvd å selja huset sitt i Bergen. Dei har merka lite til oppsvinget i bustadmarknaden som bransjen melder om i dag.

I 2023 var prisveksten i bustadmarknaden dårleg, og marknaden har vore på sitt kaldaste sidan 2017.

Men i januar skjedde det noko.

Då steig bustadprisane i Bergen med 5 prosent. Sesongjustert blir det 1,5 prosent stigning.

– Ein auke på 5 prosent på ein månad er ekstremt mykje. Det er meir enn dei aller fleste såg for seg, seier Dag Jonny Johannessen.

Han er talsperson for Eiendom Norge Bergen og dagleg leiar i ZMegleren. Han får støtte frå kollega Christer Vikebø i Privatmegleren Bergen.

– Det er spesielt at prisane stig så mykje i etterkant av at renta òg steig såpass.

Boligsalg i Bergen

I midten av januar sette Øiestad og Hogstvedt ned prisen kraftig, med 750.000 kroner. Men framleis har dei ikkje fått selt. – Det er frustrerande. Det er noko me går og tenkjer på, det går jo på psyken laus, seier Hogstvedt.

Foto: Oskar Rennedal / Oskar Rennedal

Prisauke i heile landet

Men sjølv om det er Bergen som har den største auken i januar, er det framleis «relativt billig» samanlikna med Oslo, ifølgje Vikebø.

– Me har eit prisnivå som ligg ganske langt unna hovudstaden, så me har kanskje litt meir å gå på når prisane først skal gå opp, seier han.

Men også på landsbasis steig bustadprisane meir enn venta, melder Eiendom Norge.

Totalt i landet er stigninga 3,4 prosent, eller 0,7 prosent sesongjustert.

– Den positive januar-oppgangen er oppsiktsvekkande i lys av den svake utviklinga i den norske fastlandsøkonomien og ikkje minst den overraskande renteauken i desember, seier Henning Lauridsen, administrerande direktør i Eiendom Norge i ei pressemelding.

Dei siste to åra har Sentralbanken auka styringsrenta 14 gongar. Berre i løpet av 2023 gjekk renta frå 2,75 prosent til 4,50 prosent.

Les også Setter opp renta nok en gang

Sentralbanksjef Ida Wolden Bache

Noregs Bank har signalisert at det blir rentekutt hausten 2024.

Lauridsen meiner tala frå januar betyr at bustadmarknaden er tilbake.

Nordea melder om rekordauke i søknadar om bustadlån og finansieringsbevis.

Totalt blei det selt 6.757 bustadar i Noreg i januar. Dette er 2,2 prosent færre enn i januar 2023.

– Ein god start året

Vikebø i Bergen er spent på kor mykje prisane kjem til å stiga utover våren.

– Stigninga er vel eit teikn på at marknaden no trur at rentetoppen er bak oss, og at kanskje prisbotnen i marknaden er passert, trur han.

Johannessen trur stigninga gjer at seljarar no er tryggare på å få selt bustadane sine. Han meiner det ikkje er nokon grunn til å venta med kjøp i håp om at prisane skal gå ned.

– No har bustadmarknaden fått ein veldig god start på året, og me trur at utviklinga vidare kjem til å vera rimeleg bra. Om du finn draumebustaden no er det berre å slå til, seier han.

Les også Sophie og Terje «tvunget» til å bo sammen: – Verdens lengste samlivsbrudd

Terje Hongset og Sophie Kvam i et evigvarende samboerskap, for de får ikke solgt huset et år etter at de slo opp.

– Eg er vel realistisk optimistisk

Bransjen meiner altså at optimismen er tilbake i marknaden etter den treige avslutninga på 2023.

– Fordelen er jo at når marknaden fungerer godt, så slepp ein iallfall å vera bekymra for at ein ikkje skal få selt, seier Vikebø.

– Det er ein tryggleik i marknaden no. Når me avslutta fjoråret var det mange som sat på det berømte gjerdet og venta. No ser me at det er fleire som kjem på visning, seier Johannessen.

Boligsalg i Bergen

Merete Øiestad og Stian Hogstvedt har arrangert tre fellesvisingar og mange private visingar. Dei har også sett ned prisen, men framleis er bustaden deira til sals.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Han trur at det er ei god tid for dei som ikkje fekk selt i haust å få eigedomen ut på marknaden igjen.

For Stian Hogstvedt og Merete Øiestad som kjøpte seg ein ny plass å bu i august har det vore lange månader utan sal. Men dei har ikkje mista trua på at det skal ordna seg.

– Eg er vel realistisk optimistisk, viss eg kan seia det slik. Eg trur me skal få det til. Me må berre ha litt meir tid, seier Hogstvedt.

Les også Stian og Merete har hatt to på visning på tre månader: – Det er heilt daudt

Boligsalg i Bergen