Hopp til innhold

Brannvesenet slår fast: Difor spreidde denne storbrannen seg så raskt

Berre flaks gjorde at ingen liv gjekk tapt i bustadblokka. No har brannvesenet konkludert med at balkongar i tre medverka til den eksplosive brannen.

Natt til 7. august gjekk alarmen i den kommunale blokka på Lone i Bergen. Då brannvesenet kom fram, stod heile den fireetasjes blokka i full fyr.

Den raske brannen forbløffa brannvesenet. Politiet si etterforsking av saka er i sluttfasen. Tre personar har status som mistenkte.

Alle dei 30 vanskelegstilte bebuarane kom seg ut før brannvesenet var framme.

Brannen i bygget frå 2012 har skapt interesse utover norske landegrenser. Alle leilegheitene var eigne brannceller.

Likevel blei alle slukt av flammane i løpet av kort tid.

Korleis kunne det skje?

Denne veka presenterte brannvesenet sine førebelse konklusjonar. Det skjedde i eit seminar i regi av forskingssenteret FRIC.

Avdelingsleiar Janicke Larsen ved førebyggande avdeling i Bergen brannvesen innleia med at dei trur brannen starta i første etasje, på altansida.

– Det var fleire samanfallande faktorar som bidrog til den kraftige utviklinga. Dette kunne verkeleg ha gått mykje, mykje verre, fastslo ho.

Boligblokken på Lone i Arna
Lonemarka

Tørke, vind og treverk

NRK har tidlegare fortalt at blokka som blei bygd var vesentleg endra frå dei godkjente teikningane.

For å unngå innsyn inn til dei rusavhengige bebuarane kom utbyggaren med forslag om å bygga rekkverket i tre i staden for glas og metall.

Men då bygget stod ferdig, var absolutt heile balkongkonstruksjonen – med søyler, bjelkelag og skiljelag mellom balkongane – bygd i tre.

Mangeårig branningeniør Ingvar Gjerland har tidlegare gått hardt ut mot brannprosjekteringa.

No stadfestar brannvesenet at dei meiner utforminga av balkongane spelte ei direkte rolle for den raske spreiinga.

Kombinert med langvarig tørke og kraftig vind, bidrog den tette trekonstruksjonen til at brannen kunne spreia seg så raskt, meiner brannvesenet.

– Dersom balkongane hadde blitt utført i material med betre brannhemmande kvalitetar ville kanskje brannen ha utvikla seg seinare, uttalte Larsen i seminaret.

Avdelingsleder Janicke Larsen ved forebyggende avdeling i Bergen brannvesen

AVDELINGSLEIAR: Janicke Larsen er avdelingsleiar ved brannførebyggande avdeling i Bergen brannvesen.

Foto: Siv Kristin Hovland / Bergen brannvesen

– Sprinkling kunne ha sløkt brannen

Til NRK gjentar Larsen at brannen ikkje utvikla seg som forventa ut frå det brannprosjekteringa av bygget skulle tilseia.

– Når me seier at brannen ikkje utvikla seg som forventa, skuldast dette brannutviklinga og den unormale situasjonen våre mannskap møtte på brannstaden. Det er ikkje vanleg å møta ein fullt utvikla brann i ein fasade i ei fireetasjes blokk, understrekar Larsen.

Dette er dei andre faktorane brannvesenet har trekt fram i si evaluering:

  • Knusktørr vegetasjon og trekledning. Brannen skjedde etter ein lang periode utan nedbør. Brannatta var det tidvis kraftig vind som bidrog til rask spreiing.
  • Sprinkling på altanane kunne ha sløkt brannen. I verste fall kunne sprinklaranlegg ha avgrensa utviklinga og ført til tidlegare varsling. Byggteknisk forskrift slår fast at heilt eller delvis innebygde balkongar skal sprinklast. Brannkonseptet aksepterte eit fråvik på dette punktet i prosjekteringa.
  • Skiljeveggane mellom balkongane gjekk ikkje heilt opp til taket. Hadde dei gjort det, kunne det ha redusert brannspreiinga, meiner brannvesenet.

Andre læringspunkt brannvesenet har trekt fram:

  • Bygget kunne hatt ein høgare risikoklasse. Eit utleigebygg med fire etasjar, tiltenkt ei sårbar og utsett gruppe, ville truleg ha blitt oppført i ein annan risikoklasse i dag. Bygget var plassert i risikoklasse 4.
  • Bygget blei prosjektert med fem fråvik frå byggteknisk forskrift. Dette er i utgangspunktet krav, men ansvarleg prosjekterande kan argumentera og dokumentera med at løysinga som blir skissert gir tilfredsstillande branntryggleik.

10 brannar på fire år

Sidan 2014 har brannvesenet rykka ut til 11 brannar i den kommunale bustadblokka i Hardangervegen. Blokka har ei mildt sagt brokete historie.

I sommar rykka bombegruppa ut etter meldingar om sprengstoff i ei av leilegheitene.

30 personar frå 22 leilegheiter redda seg ut sjølve frå den brennande blokka.

At ingen blei skadde og at ingen liv gjekk tapt viser at noko har fungert bra i samband med brannen, poengterte avdelingsleiaren.

Ho rosa bebuarane for at dei hugsa å lukka alle utgangsdørene. Det har truleg medverka til at det ikkje tok fyr i svalgangen, på nordsida av bygget.

Totalt utbrent boligblokk i fire etasjer, fotografert fra luften, på Lone i Bergen

BRANNTOMT: Kripos har hjelpt politiet i Bergen med undersøkingar på branntomta. Politiet er snart ferdig med si etterforsking av brannen. Ein av teoriane er at brannen er påsett.

Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK

Ny gransking på gang

Også FRIC, som samarbeider med ei rekke private og offentlege aktørar, jobbar med ei eiga gransking av brannen.

– Denne brannen er spesielt interessant grunna den raske brannspreiinga og dei betydelege, materielle skadane ho skapte, samstundes som alle bebuarane, kor dei fleste kan kategoriserast å vera i ei sårbar gruppe, overlevde, skriv prosjektleiar Edvard Aamodt i FRIC i ein e-post til NRK.

Målet er å henta ut kritiske læringspunkt, men også suksessfaktorar som er vel så viktige for vidare arbeid med branntryggleik i samfunnet, poengterer han.

Rapporten er venta ferdig rundt årsskiftet.