Hopp til innhold

Vil stoppa Noregs største vegprosjekt med nasjonalpark

Der den firefelts motorvegen på E39 er planlagd, veks det truga plante- og dyreartar. No føreslår Naturvernforbundet nasjonalpark. – Eit forsøk på å stoppa vegprosjektet, seier Søviknes.

Hordfast med bru over Bjørnafjorden E39 Hordaland 2019

STORT PROSJEKT: Naturvernforbundet vil ha nasjonalpark i staden for motorveg.

Foto: Illustrasjon Statens vegvesen / Vianova/Baezeni

Ferjefri E39 er noregshistorias største og dyraste vegprosjekt. I delen kor Hordfast mellom Os, Tysnes og Stord er planlagd, skal det byggjast firefelts motorveg med 110 km/t fartsgrense. Men vegen er omstridd.

Mellom anna fordi det finst både utryddingstruga artar og temperert regnskog i området.

– Viss vi pløyer ein firefelts motorveg gjennom her, vil vi risikera å utrydda desse artane, seier leiar i Naturvernforbundet Hordaland, Gabriel Fliflet.

No har han sendt brev til Fylkesmannen i Vestland på vegner av organisasjonen.

Dei vil ha nasjonalpark i området Reksteren og Vestre Tysnes.

Globalt ansvar

SV har tidlegare åtvara mot konsekvensane av vegprosjektet. Dei visar til åtvaringane frå FN sitt naturpanel om tap av artsmangfald, og meiner Hordfast bør blir skrota.

Fylkesordførarkandidat Marthe Hammer frå SV meiner Noreg har eit globalt ansvar for å verna området.

– Det er eit paradoks at vi sender millionar av norske kroner for å bevara regnskogen i Amazonas og Brasil, og så har vi sjølv ein heilt unik regnskog som vi held på å rasera på grunn av eit gigantisk vegprosjekt.

Kart frå Miljødirektoratet visar truga artar

– PEPRA FULLT: Områda er fulle av truga artar, seier Fliflet i Naturvernforbundet. Dei gule prikkane visar kor dei truga artane finst.

Foto: Skjermdump, interaktivt kart / Miljødirektoratet

Fryktar utslepp av klimagass

Fliflet i Naturvernforbundet fryktar for klima- og miljøkonsekvensane. Han peikar på at store myrområde, som er gode lagre for karbon, vil bli øydelagde.

– Øydelegg du ei myr, så skaper du store klimagassutslepp. Regjeringa har sagt nei til å gjera om myr til matjord, og då er det rart om det er greitt å gjera myr om til motorveg.

Han håpar forslaget om nasjonalpark kan stoppa vegprosjektet.

– Hordfast er eit prosjekt som er feil for klima og miljø på alle måtar. Eg kan kanskje forstå at nokon trudde vegprosjektet var ein god ide for 10-15 år sidan. Men med den kunnskapen vi har i dag, og det alarmerande bodskapet om truga artar, må ein tenkja seg om.

Gul pærelav

LAV: Dette biletet er tatt på Reksteren. Gul pærelav er mellom dei verdifulle artane i det planlagde E39-området.

Foto: Kirstin Maria Flynn

– Eit hinder i vegen

Frp-topp i Os og Hordaland, Terje Søviknes, meiner forslaget om nasjonalpark ikkje kan stoppa Hordfast-planane.

– Trasevalet er allereie tatt tilbake i 2013, og så har vi no hatt ein formell kommunedelplanprosess i fleire år, der vedtaket er rett rundt hjørnet.

– Eg ser at Naturvernforbundet prøver å legga ei hindring i vegen for realisering for eit av dei viktigaste vegprosjekta for Vestlandet, nemleg å binda saman nord og sør, og bu- og arbeidsmarknadane, seier Søviknes.

Om forslaget om nasjonalpark blir ein realitet vil det vera den første på Vestlandet i sitt slag.

– På Vestlandet er det berre fjellområde som har fått status som nasjonalpark, og ikkje verdifull kystnatur. Dette området er jo ei perle her på Vestlandet, seier Fliflet.