Hopp til innhold

Frårår å følgje i skatteparadiset sine fotspor

Kommunedirektøren ber Stad-politikarane legge vekk draumen om å bli eit skatteparadis. – Vi vil køyre på, seier Frp-politikar.

Ervik på Stad.

SKATTEPARADIS: Hos Frp lever framleis draumen om å etablere eit skatteparadis for rikingar ytst mot storhavet.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Utgreiinga er klar. Halverer politikarane den kommunale delen av formuesskatten, må tilflyttarar ha med seg totalt 16 milliardar i skattbar formue for at kommunen skal gå i null.

Då vil kommunen få eit tilsvarande skatteinntektsgrunnlag som i dag, skriv Fjordenes Tidende.

– Det vil vere mest umogeleg å få auke i samla skatteinntekter ved tilflytting av innbyggjarar med høg personleg formue, utan at statens inntektssystem til kommunane vert endra, skriv kommunedirektør Åslaug Krogsæter i tilrådinga.

Vil lokke rikingar

Politikarane vedtok utgreiinga etter ein amper debatt i budsjettmøtet før jul i fjor. Idealet er modellen til Bø i Vesterålen, der ein sats på 0,2 prosent lokka fleire rikingar til kommunen.

Å redusere formuesskatten frå 0,7 til 0,35 prosent i Stad, trur Hogne Bleie i Frp at det vert lettare å lokke rike vestlendingar til nordfjordkommunen.

Hogne Bleie

I MOT: Hogne Bleie er prinsipielt i mot formuebeskatningen fordi han meiner den favoriserer utanlandsk eigarskap. – Når den først eksisterer og kommunane sjølve kan bestemme skatteøret innanfor 0,7 prosent, så må ein nytte seg av det, seier han.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Det synet står han på når saka kjem opp i torsdagens formannskapsmøte. Inntektene kan gi distriktskommunen sårt trengde pengar til tenestetilbodet.

Ei skattbar formue på 16 milliardar kroner høyrest mykje ut, men til dømes er det eigarane av to familieeigde lakseoppdrettsfirma, seier Bleie.

Ikkje mange rikingar å lokke

– Det er ikkje så mange i Noreg som har over milliarden i formue, det seier professor emeritus i skatterett Ole Gjems-Onstad.

Ole Gjems-Onstad, professor i skatterett ved Handelshøyskolen BI

Ole Gjems-Onstad er professor emeritus i skatterett.

Foto: Johan B. Sættem

Han syner til at det var nokre som melde flytting til Bø, men at det var mange som etter kvart gav opp forsøket.

– Det er ikkje berre å melde flytting, du må også gjennomføre ei reell flytting.

Gjems-Onstad meiner også at med dagens regjeringa vil det vere ein risikosport for kommunar som vil slå seg opp som skatteparadis.

– Sjølv om ein skulle ha sympati for eit ynskje om å redusere den særnorske formuesskatt, så er det likevel makta som råd. Venstresida har null sympati for slike forsøk på kommunale særordningar.

Meir å vinne, enn å tape

Men i Stad vil ikkje Frp-politikar Hogen Bleie gi opp kampen og syner blant anna til ringverknadane av ei slik tilflytting, i form av innbyggjarar og sjansane for anna verksemd som igjen kan løyse ut tilflytting og skatteinntekter til kommunen.

Bleie meiner politikarane bør ta risikoen med å justere skatten, sjølv om dei kan tape inntektsutjamning frå staten medan dei ventar på rike tilflyttarar.

I fjor fekk Stad 53,8 millionar kroner i inntektsutjamning.

Med allereie låg snittleg og total formue i Stad, meiner Bleie at Stad har meir å vinne, enn å tape.

Hovden i Bø i Vesterålen

BØ: Lågare formuesskatt har gjeve Bø rike tilflyttarar og gode skatteinntekter. Denne modellen ynskjer Frp i Stad å adoptere.

Foto: Christine Fagerbakke / Havforskningsinstituttet

– Inntektskjelda frå formuesskatten er låg. Kjem ein eller to tilflyttar med høg formue, så går ein i pluss. Er vi riktig heldige, og får ein person med til dømes 100 milliardar, så gir det kommunen 35 millionar i skatteinntekt, seier han.

– Det ville stilt seg annleis om Stad hadde mange innbyggjarar med høg formue. Då ville sjansespelet vore større, legg Bleie til.

Men professoren i skatterett meiner sjansane er små.

– Vi snakkar kanskje om eit titals personar i Noreg som har over 2 milliardar i formue. I tillegg har dei aller rikaste personane i Noreg allereie flytta til utlandet, seier Gjems-Onstad.

Venstre har snudd

Gunnar Silden, Venstre

SEIER NEI: Gunnar Silden (V) er ordførar i Stad.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Venstre stod saman med Frp og KrF bak ynskje om å greie ut kor vidt også Stad skulle satse på å verte skatteparadis. Rapporten etter utgreiinga gjer at Venstre har mista lysta på å gå vidare med saka.

Den rapporten er vel ganske eintydig på at dette ikkje vil løne seg for Stad kommune, så Venstre si gruppe er ikkje klare for å gå for dette no, seier ordførar Gunnar Silden (V).

Dermed er det heller ikkje lenger fleirtal for draumen om skatteparadiset på vestkysten.