I ei pressemelding skriv oppdrettsgigant Ola Braanaas at han og familien flyttar til Bø i Vesterålen fordi han «over natta» har vorte «ein stor byrde for selskapet».
Heilt konkret handlar det om dei nye reglane for verdifastsetting av oppdrettsløyve, som ifølgje Braanaas gjer at han som privatperson vil få ein ekstrarekning på «nær 31 millionar».
– Derfor vel eg å flytte meg sjølv og familien min til Bø i Vesterålen, ein region der me har røter frå før, skriv han vidare.
Avisa Nordhordland, E24 og Firda har også omtala flyttinga.
59-åringen er født på Hamar, men budde fleire år i Bodø som barn.
God for 3,6 milliardar kroner
I dag bur Braanaas i Gulen ytst i Sognefjorden der han har bygd opp laksekonsernet Firda Seafood. Ifylgje tidsskriftet Kapital er han god for 3,6 milliardar kroner.
Det var Solberg-regjeringa som fyrst foreslo å oppheve praksisen der fiskeri- og havbruksløyve gitt før 1998 ikkje inngår i grunnlaget for formuesskatt.
Støre-regjeringa endra ikkje på forslaget i budsjettforliket som vart lagt fram denne veka.
I tillegg gjekk satsen på formuesskatten opp frå 0,85 prosent til 1,1 prosent for dei største formuane.
Det er summen av dette som gjer at Ola Braanaas i dag varslar at han flytter til «skatteparadiset» Bø.
Alternativet er ifylgje han ein «utilbørleg tapping av selskapet», som i 2020 omsette for 1,5 milliardar kroner i 2020, og sat att med et overskot på 170,8 millionar kroner.
«Noregs Monaco»
Bø fekk tilnamnet «Noregs Monaco» då dei i 2019 vedtok å kutte i den kommunale formuesskatten i eit forsøk på å få rike nordmenn til å flytte til kommunen.
Og det funka.
Til no har om lag 20 personar meldt flytting til kommunen i Vesterålen. Blant dei næringslivsprofilar som Bjørn Dæhlie, Einar A. Sissener og Kristian Adolfsen.
Men i november varsla regjeringa at ho frå neste år vil stanse finansieringa av «skattestuntet» i Vesterålen.
I eit brev til Bø kommune skriv kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram at regjeringa ikkje lenger vil kompensere kommunen for tapa som følger av redusert formuesskatt.
− Det er urimeleg om andre kommunar skal finansiere reduserte inntekter for Bø som følge av redusert formuesskatt, legg han til.
Endringa kjem etter at Kommunal- og moderniseringsdepartementet varsla i Kommuneproposisjonen 2021 at kommunar som vel å nytte lågare skattesatsar på inntekt og formue vil få ein korreksjon i skattetala i skatteutjamninga.
Dårleg nytt for ordføraren
For Gulen-ordførar Hallvard Oppedal (Sp) er flyttinga dårleg nytt. I fjor bidrog formuesskatt frå Braanaas med nettoinntekter til kommunen på rundt 2,8 millionar kroner.
– Vi taper ein god del på det, dessverre, seier Oppedal til NRK.
Han legg til:
– Det har betydd enormt mykje å ha han som ein utviklar i kommunen vår.