Ber politikarane berga skulen deira i siste liten

ETNE (NRK): Forhandlingane om dei vidaregåande skulane går føre seg heilt opp mot dagens avgjerande fylkestingsmøte. Alt tyder på at den fire år gamle skulen i Etne forsvinn, men elevane har ikkje gitt heilt opp.

Thomas Hagland og Kamilla Vik Jakobsen

– ALVOR: – No er det alvor. Eg har ein veslebror som tenkjer å søka her etter jul, og eg trur ikkje han er klar for å flytta vekk, seier Thomas Hagland, elev ved Etne vidaregåande skule. Saman med medelev Kamilla Vik Jakobsen håpar han skulen blir berga i tolvte time.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Me har levd med uvissa i lang tid. Skjebnetimen er tett på no, seier rektor Marion Kallevik.

Marion Kallevik

Marion Kallevik

Foto: Tale Hauso / NRK

I dag får ho den endelege konklusjonen til fylkestinget, som skal behandla skulebruksplanen. Forhandlingane blant fylkespolitikarane har gått føre seg langt inn i den tolvte timen.

For berre nokre veker sidan såg det meste ut til å vera avklara.

Ap, Sp, KrF og SV konkluderte med at Etne, Rubbestadnes, Hjeltnes og Bergen maritime måtte vika – medan elevane i Austheim og Fitjar kunne pusta letta ut. Også studiespesialisering ved Laksevåg vidaregåande var berga.

Men dei siste vekene har politikarane gått tilbake til forhandlingsbordet – med håp om å finna ei løysing som heile fylkestinget kan stilla seg bak.

Etne vidaregåande skule

TRUGA AV NEDLEGGING: Etne vidaregåande skule.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Har ein jobb å gjera

– Me har enno ein jobb å gjera, men eg skal gjera mitt for å prøva å få til noko som er meir samlande på tvers av partia, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun til NRK for to veker sidan.

Ingen av politikarane NRK har snakka med opp mot dagens avgjerande møte ønskjer å røpa utfallet. Etter det NRK forstår er nedlegging av studiespesialiserande fag ved Laksevåg vidaregåande ei av løysingane som er diskutert.

– No er det alvor

Ved Etne vidaregåande håpar elevane Thomas Hagland og Kamilla Vik Jakobsen politikarane snur.

– No er det alvor. Eg har ein veslebror som tenkjer å søka her etter jul, og eg trur ikkje han er klar for å flytta vekk, seier Hagland.

Også Jakobsen håpar at skulen skal verta berga i siste liten.

– Det går ut over Etne òg. Det kjennest rart å flytta vekk frå vener og lærarar viss me blir lagt ned, seier ho.

Siri Klokkerstuen

Siri Klokkerstuen

Foto: Arbeiderpartiet

Kan mista skule og få millionrekning i same vedtak

Målet til fylkesadministrasjonen, som la fram kuttplanen, er å spara pengar. I Etne reknar fylkeskommunen med å spara minst 3,9 millionar årleg på å leggja ned den berre fire år gamle skulen.

I tillegg gjer ein attkjøpsavtale at Etne kommune må betala tilbake dei 21 millionane som fylkeskommunen investerte i skulen – som ligg midt i kulturhuset Skakkesenteret.

– Den kortsiktige tankegangen er vanskeleg for lokalbefolkninga og for meg å forsvara. Det vil ramma Etne sin økonomi knallhardt, seier ordførar Siri Klokkerstuen (Ap).

Ho sit òg på fylkestinget, og kan i dag både leggja ned ein skule med 23 arbeidsplassar – og påføra seg sjølv ei rekning på mange millionar.

– Viss ein set det talet opp mot innbyggjartalet i Bergen hadde det tilsvara 2000 arbeidsplassar. Det hadde skapa reaksjonar, konstaterer Klokkerstuen.