Hopp til innhold

Dei avgjer framtida til tusenvis av elevar

SANDSLI VGS (NRK): To 22-åringar skal bestemme kva skular i Hordaland som skal leggjast ned. Presset er stort. – Dette er ein elddåp i å bli ein «vaksen» politikar, innrømmer Daniel Hextall.

Daniel Charles Hextall, Emil Gadolin, Aleksander Fosse Andersen, Tor André Ljosland

UNGE «BØDLAR»: F.v. Daniel Charles Hextall (22), Emil Gadolin (22), Aleksander Fosse Andersen (32) og Tor André Ljosland (33) er sentrale i å avgjere kva skular i Hordaland som skal leggjast ned.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Er det nedleggingskomiteen som er på besøk?

Elevinspektør Stig Hammersland ler godt av sin eigen kommentar i det han går forbi dei fire relativt unge mennene som står utanfor Sandsli videregående skole i Bergen.

Om ein legg godvilja til, kunne nokre av dei kanskje blitt tekne for å vere elevar.

Men Daniel Charles Hextall (22), Emil Gadolin (22), Aleksander Fosse Andersen (32), Tor André Ljosland (33) er ferdige med undervisninga. No går dei på skulen, eller rettare sagt på mange ulike vidaregåande skular, for å bestemme seg om den skal leggast ned.

Stort engasjement

Dei fire leiar forhandlingane om skulebruksplanen på vegner av dei fire fleirtalspartia SV, Ap, Sp og KrF i Hordaland fylkeskommune. Det dei blir einige om, får store konsekvensar for mange av dei 18.000 vidaregåandeelevane i fylket.

Men: Torsdag sprakk samarbeidet mellom SV og Arbeidarpartiet, då Hextall og SV gjekk inn for å støtta opposisjonen sitt forslag om å redda alle skulane.

Les meir: Kaosmøte om skulenedlegging: Vil behalda alle skulane

43 skular skal bli til 32, dersom administrasjonen får det som dei vil. Men det er politikarane som skal bestemme. Og mange vil hjelpe til.

– Det er mange som tek kontakt, og stort engasjement, seier Andersen (Sp), og trekk fram dei mange lokale Facebook-aksjonane frå patriotar som vil berga skulen i si bygd.

– Det er positivt engasjement, i all hovudsak. Men noko synest eg kan vera vanskeleg. Du møter jo enkeltmenneske som snakkar ganske personleg om deira møte med skulen. Og det er jo ikkje noko gøy å ha stram økonomi, seier Andersen, som sjølv er lærar.

Nedleggingstruede skoler Hordaland Q4 2016

– Kom som eit lite sjokk

I dag møtest opplæringsutvalet for å drøfta kva skular i Hordaland som skal leggjast ned. Dei siste vekene har politikarane vorte nedlessa av argument frå Austrheim i nord til Etne i sør.

Hextall i SV er open om at presset er stort, og fortel at han har fått ein personleg oppvekkar i arbeidet med skulebruksplanen:

– Dette har på ein måte vore ein elddåp for meg, i det å bli ein «vaksen» politikar. Før handla politikk for meg mykje om å marsjere i gatene og rope «sinte» slagord. Når ein går inn i politikken, får ein inntrykk av at ein kan bestemme så mykje, men ein har jo ikkje råd til alt ein har lyst til. Og det kom som eit lite sjokk for meg, ler Hextall.

Videregående skoler

NEDLEGGINGSFRYKT: Austrheim, Hjeltnes, Fitjar og Rubbestadneset videregåande skular er mellom dei nedleggingstruga.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Tenkjer lokalt og stort

Etne, Rubbestadnes, Fitjar, Hjeltnes og Austrheim er mellom dei som står i fare for å miste skulane sine i nær framtid.

Politikarane har ikkje noko håp om å gjere seg populære i kvar einaste krok i Hordaland.

– Vi må tenkje på lokalmiljøa som blir berørt av denne planen. Men vi skal også tenkje stort, på kva som er best for alle kommunane samla sett, seier Gadolin (Ap), leiar for opplæringsutvalet.