Hopp til innhold

Dyr studieavgift fører til 80 prosent færre søkarar

Studentar utanfor Europa må no ut med fleire hundre tusen kroner for å studere i Noreg. Akademisk apartheid meiner professor.

Paulina studentavgift

DYRT: Naturen og gratis utdanning lokka Paulina Buskas til Noreg. No er naturen det einaste som framleis er gratis.

Foto: Privat

Då kanadiske Paulina Buskas pakka kofferten for å studere i Noreg, var det to ting som lokka: eit internasjonalt klassemiljø og gratis utdanning.

– Eg har fått vener frå både Pakistan, Iran og Nepal, men i år er eg usikker på om det i det heile tatt kjem nokon, seier ho.

Frå i haust må studentar frå andre deler av verda ut med fleire hundre tusen kroner i studieavgift.

Sidan har talet på søkjarar frå denne delen av verda stupt.

Ved Høgskulen på Vestlandet(HVL) sin campus i Sogndal har Paulina og studentane frå utanfor Europa fylt halve klasserommet.

I haust kjem det ingen.

Les også Regjeringen vil kreve 130.000 kroner fra utenlandsstudentene

Nisha Jha

Heller ikkje Kunsthøgskolen i Oslo eller Kunstakademiet ved NTNU i Trondheim har søkarar frå land utanfor EU.

– Det ser ut til at vi har mista omtrent nitti prosent av våre internasjonale studentar, seier viserektor for utdanning ved USN, Marheim Larsen.

I alt viser ein oversikt i Krohno at det er 80 prosent færre søkarar til norske høgskular og universitet.

Berre 332 studentar frå land utanfor EU og EØS startar på studier ved norske universitet og høgskular i haust, mot 1533 i fjor.

Det er ti prosentpoeng meir enn det Kunnskapsdepartementet kalkulerte med (70 prosent).

– Apartheid i akademia

Professor ved Høgskulen på Vestlandet, Stein Joar Hegland er provosert over den nye studieavgifta:

– Eg kallar det for akademisk apartheid. At nokre studentar må vrenge lommeboka for å kunne studere medan andre har gratis undervisning.

Han omtalar det som «ein ganske uhaldbar situasjon» og viser til at mastergraden han underviser i baserer seg på diskusjonar på tvers av alle landegrenser.

– Det vert eit fattigare klasserom der ein ikkje får fram dei ulike perspektiva som ein får med ein meir internasjonalt samansett gjeng, seier han.

Stein Joar Hegland

SKILJE: Professor ved HVL i Sogndal er bekymra for at studieavgifta skal skape eit skilje.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Har kosta for mykje

Lova vart vedteke i juni, med støtte frå SV, som fyrst markerte seg som motstandarar av forslaget.

Venstre, MDG og KrF var tydeleg imot forslaget om innføringa av skulepengar.

Himanshu Gulati (Frp) frå utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget viser til at ordninga har vore ei stor utgift:

– Subsidieringa av gratisstudium til utanlandske studentar har kosta norske skattebetalarar cirka 3,3 milliardar kroner årleg.

Han meiner difor norske studiestader må jobbe med vere akademisk attraktive sjølv om det ikkje lenger er gratis.

Med unntak av nokre tyske delstatar, er det per i dag ingen andre europeiske land som ikkje krev betaling frå studentar utanfor EU/EØS og Sveits.

Statssekretær Oddmund Løkensgaard Hoel forsvarar vedtaket om studieavgifta:

Det er ingen grunn til at det skal vere annleis her, seier han.

Himanshu Gulati

– Subsidieringa av gratisstudium til utanlandske studentar har kosta norske skattebetalarar cirka 3,3 milliardar kroner årleg, seier Himanshu Gulati (Frp).

Foto: Trond Lydersen / NRK

– Det er veldig urettferdig

I Sogndal skal Paulina Buskas ta til på sitt andre år på mastergraden. Ho meiner Noreg bør ta seg råd til å gje alle studentar eit gratis studietilbod.

– Det er veldig urettferdig spesielt når nokre må betale so mykje pengar. På vårt masterprogram er det heilt grunnleggande å diskutere med nettopp folk frå heile verda.

Les også Utenlandske studenter mister gratis skolegang: – Begrenser studenter med talent

Soheil Salahshour Langeroodi, student