Hopp til innhold

Omfattande kuttforslag: Vil leggja ned «Noregs beste» skule

Opplæringsdirektøren går inn for å leggja ned ei lang rekkje vidaregåande skular i Hordaland. Skulen som nyleg vart kåra til den beste i landet er blant dei som vert ofra.

Elevrådsleder Rubbestadneset

BEST I LANDET: Elevrådsleiar Petter Østensen jubla for at Rubbestadneset vidaregåande skule vart kåra til den absolutt beste skulen i landet. No går fylkeskommunen inn for å leggja nes yrkesskulen.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Torsdag vart uvanleg nervøse fylkespolitikarar og rektorar informert om fylkesrådmannen i Hordaland sitt forslag til skulebruksplan fram mot 2030.

Fylkesrådmannen åtvara tilhøyrarane mot sterke scenar, før framlegginga starta.

– Eg burde kanskje hatt på meg hjelm, men eg håpar det går bra utan. Det må gjerast grep om fylkeskommunen skal ha ei berekraftig drift framover, åtvara fylkesrådmann Rune Haugsdal før dei konkrete forslaga vart lagt fram.

Ikkje uventa vert det føreslått fleire nedleggingar i planen.

LES OGSÅ: – Skuffa. Rasande. Forbanna.

Legg fram innstilling til skulebruksplan

I SENTRUM: Opplæringsdirektør Svein Heggheim og fylkesrådmann Rune Haugsdal letta i dag på sløret. Fylkesadministrasjonen foreslår ei rekkje skulenedleggingar i Hordaland.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Vil ofra «Noregs beste»

Rubbsestadnes vidaregåande skule på Bømlo gjekk 11. april til topps i regjeringa si nasjonale skulekåring. To veker seinare foreslår fylkesadministrasjonen å leggja ned skulen.

– Eg ventar på vidare politisk behandling på saka. Men Rubbestadnes vidaregåande er ein viktig skule for Bømlo, som me bømlingar sjølvsagt ønsker skal vera der i framtida, seier rektor Rune Gåsland.

– Ingen kan ta frå Rubbestadnes at dei på gjennomføringsmål har skåra godt. Det har dei gjort i mange år. Det er klart at det er ein suksessmodell for vidaregåande opplæring, og det er dette som er vanskeleg. svarar opplæringsdirektør Svein Heggheim.

Desse blir føreslegne nedlagt

Han meiner likevel det er ein dårleg idé å ha mange små vidaregåande skular spreidd rundt i fylket.

– Det å smørje tynt utover er ein dårleg strategi for å utvikle vidaregåande skular. Viss du spør mange skular, så vil dei svare at det er knappe økonomiske rammer. Vi må ha ein meir framtidsretta struktur, seier Heggheim.

Fylkesadministrasjonen går inn for å leggja ned følgjande skular. Gjennomføringsår i parentes:

  • Austrheim vidaregåande skule skal leggjast ned (2020)
  • Etne vidaregåande skule skal leggjast ned (2017)
  • Fitjar vidaregåande skule skal leggjast ned (2022).
  • Rubbestadnes vidaregåande skule skal leggjast ned (2022).
  • Bergen maritime skal leggjast ned (2020).
  • Hjeltnes vidaregåande skal leggjast ned (2017).
  • Studieførebuande program i Laksevåg skal leggjast ned (2018).
  • Sotra vidaregåande avdeling Sund skal leggjast ned. Det skal byggast ein ny skule på Straume/Bildøy (2024).
  • Norheimsund vidaregåande og Øystese vidaregåande skule skal leggjast ned. Det skal byggjast ein ny skule i Norheimsund (2026)
  • Tunesvegen skal leggjast ned (2017).
  • Garnes vidaregåande og Arna vidaregåande skal leggast ned. Det skal byggjast ein ny skule i Arna (2027).

Mange tomme skuleplassar

Det er venta ein vekst på 800 elevar, eller 5 prosent, fram mot 2030. Med dagens struktur vil det likevel vera vel 1900 tomme skuleplassar.

I dag viser utrekningane at den vidaregåande skulen i Hordaland har 2700 plassar meir enn det finst elevar til.

Om planen vert vedteke ventar ein at overkapasiteten vert på omlag 800 plassar.

Vedtak i oktober

I mai legg fylkesutvalet planen ut på ei open høyring. Fristen for å komma med innspel er sett til 1. juli.

Saka skal endeleg opp i fylkestinget i oktober.