Hopp til innhold

Bekymra før årets laksesesong

Tørke og tidleg snøsmelting kan gje store utslag før årets laksesesong. Elveeigarlag fryktar ein ny 2021-sesong.

Leiar i elveeigarlag i Nausta, Eiliv Erdal

2021: I den populære lakseelva Nausta i Sunnfjord fryktar ein ny sesong med inntørka elv.

Foto: Benedikte Grov / NRK

1. juni er datoen 100.000 nordmenn ventar på. Då går startskotet for laksesesongen 2024.

– Følelsen av å få laks på kroken er heilt ubeskriveleg. Ein blir heilt skjelven og så hender det at eg grin litt når laksen er komen på land, seier Aud Randi Næss som kvart år fiskar i elva Nausta i Sunnfjord.

Gleda er stor over heile landet.

– No byrjar det å kile litt i magen. Eg gler meg veldig til opningsdagen på laurdag, seier Jim Arne Olsen som fiskar i Ågardselva i Sarpsborg.

Bekymra for tørke

Men etter ein uvanleg varm mai, med fleire varmerekordar på vestlandet, har det skapt usikkerheit kring årets sesong.

– Tidleg snøsmelting og lite nedbør kan gjere at laksen som siger inn i elva står lenger i fjorden, enn det han ville gjort om det var meir ferskvatn i fjorden, seier leiar for elveeigarlaget i Nausta, Eiliv Erdal.

Jim Arne Olsen som setter ut en hannlaks, etter å ha fanget den i Ågårdselva i Sarpsborg

Olsen fanga i fjor ein hannlaks på om lag 12 kg og kjem samtidig med ei oppfordring før årets sesong: – La dei store hannlaksane, som har gode genar, vere i elva. Slik kan ein sikre fiske i framtida for unge og gamle.

Foto: Jim Arne Olsen

Han grøssar når han tenker tilbake på 2021-sesongen. Uvanleg lite nedbør førte til at elva tørka nesten heilt inn og halvparten av yngelen i elva omkom.

– Vi ligg faktisk dårlegare an no enn det vi gjorde i 2021. Held det fram slik som i mai, så kjem det lite fisk i elva, seier Erdal.

Les også Tallene for villaks: – Dette er dramatisk!

Villaks

Rekordfattig fangst i fjor

Talet på fanga laks i norske elvar har hatt ein gradvis nedgang dei siste ti åra.

I fjor var det nedbør og mykje vatn i elva, men sjølv då var fisken, som blei raudlista i 2021, lite villig til å bite på floga.

Utviklinga skremmer Norske Lakseelver.

– Oppdrettsindustrien produserer no så mykje lakselus, at det bokstaveleg ete av lasset. Mange stader i landet reknar Havforskningsinstituttet at over 30–40 prosent av dei små lakseungane som går til havs, døyr, seier Torfinn Evensen, generalsekretær i Norske Lakseelver.

Les også Jenny frykter for villaksens framtid: – Det er helt tragisk

Jenny Kjestveit Domås

Forskarar er einige om at lakselus og rømt oppdrettslaks er dei to største trugslane for villaksen.

– Sportsfiskarar og elveeigarar er dei som haustar sist av villaksen, og dermed dei som må ta rekninga når vasskraftregulantar og oppdrettarar øydelegg, seier Evensen.

laksefiske

Det er blitt fanga mindre og mindre laks i elvane. Lakselus og rømt oppdrettslaks blir sett på som dei største trugslane for den fisken som blei raudlista i Noreg i 2021, og internasjonalt raudlista i 2023.

Foto: Ole Kristian Svalheim

Løysing som gjev håp

For å kjempe mot ein stadig søkkande villaksbestand er det gjort fleire tiltak før 2024-sesongen.

Mellom anna er det auka smoltproduksjon i fleire elvar, i tillegg er 186 elvar stengt for laksefiske. Det er sju fleire enn i fjor.

Samstundes er det fortgang i arbeidet med å få oppdrett over i lukka merdar.

Ein einstemmig Næringskomite på Stortinget har bedt regjeringa om fortgang i arbeidet gjennom ei konverteringsordning som blir kalla miljøfleksibilitet.

Villaks

Det blir gjort fleire grep for at villaksen skal hoppe i norske elvar i åra framover.

Foto: Knut-Sverre Horn

Les også Krise for villaksen – men neppe på grunn av pukkellaks

Norske Lakseelevar legg press på politikarar i Trøndelag, som nyleg blei råka av dei stor lakserømming på Hitra.

– Vi forventar at dei bidreg for ein snarleg iverksetting av miljøfleksibilitet, slik at det bli mogleg for oppdrettsindustrien og villaksinteressentane kan leve side om side, seier Evensen.

Dei som skal starte å fiske når sesongen no startar i juni, gler seg sjølv om det er mykje som trugar laksen.

– Vi håpar det er mykje laks i elva og at vi får greitt vêr med både sol og nedbør, men vi tek det som det kjem. Det er uansett fint å vere langs elva, seier Aud Randi Næss.

laksefiske

Her kan Aud Randi Næss stolt vise fram fangsten etter fleire minuttar med kamp.

Foto: Ole Kristian Svalheim