Hopp til innhold

Vêr-rekordar med bismak: Denne blomen blomstrar til vanleg til sankthansaftan

Arboretet i Bergen er bekymra for viktig blomstersamling dersom det ikkje kjem regn. Vêrmeldar synest dei høge mai-temperaturane kjem med ein bismak.

Rød jonsokblomst

RAUD JONSOKBLOM: Raud jonsokblom fotografert i mai. Av namnet skal den blomstre rundt jonsok, som er 24. juni.

Foto: Helene Ødven

– Vi ser at blomstringa er uvanleg tidleg i år. Spesielt ser vi det blant villblomstene, som jonsokblom er eit døme på. Av namnet skal den blomstre ved jonsok, som er 24. juni, seier Helene Ødven, direktør ved Arboretet i Bergen.

Ein kald april og ein særleg varm og tørr mai, har ført til at mange plantar står i blomst samstundes.

Blomar som ikkje skulle ha blomstra før seint i juni har no komne.

– Det er jo eit tankekors, seier Ødven.

Portrettbilde av Helene Ødven, direktør for Stiftelsen Det norske arboret.

På Arboretet i Bergen lurer dei på om dei vil ha blomstrar igjen resten av sommaren.

Foto: Tony Ågotnes / NRK

På Arboretet har allereie dei første roseknoppane sprunge ut, samtidig som rododendron står i full blomst.

Mens mange nordmenn nyt dei varme dagane, ønsker seksjonssjef for Universitetshagene i Bergen Berit Gehrke, helst litt meir regn.

Her har dei nemleg to sjeldne rododendronsamlinger som ho er redd for skal bli skadde om det tørre vêret held fram.

– Viss dei ikkje får vatn kan dei i verste fall døy. Personleg ønsker eg fint vêr, men som ansvarleg for samlinga er eg veldig bekymra.

Blomster på Arboretet i Bergen.

BLOMSTRING: Nokre av blomstrane på Arboretet i Bergen blomstrar tidleg i år. Men dei høge temperaturane bekymrar både botanikar og vêrmeldar.

Foto: Tony Ågotnes / NRK

Torsdag blei det målt varmerekordar for mai fleire stader i landet:

  • Halten fyr: 24,2 grader
  • Trondheim: 27,1 grader
  • Sunndalsøra 28,1 grader
  • Svinøy fyr: 24,0 grader
  • Sandane: 26,5 grader
  • Ytterøyane fyr: 24,6 garder

I Bergen ligg snittemperaturen an til å bli den høgste på 135 år, nærare bestemt 15,3 grader. Det er 5,2 grader over normalen.

Les også – Eg ville tenkt meg om fleire gonger før eg reiser dit i år

Værmodell 2024

Vêrmeldar: – Det er skremmande

Vêrsjef i TV 2, Eli Kari Gjengedal, melder dei høge mai-temperaturane med ein liten bismak.

Det er kjekt å varsle nydeleg vêr med sol og gode temperaturar, men samtidig ser vi at mai i år er blant dei varmaste vi har hatt.

Det synest ho er skremmande.

Gjengedal fortel at i løpet av dei snart 25 åra ho har vore vêrmeldar, har ho merka at vêret har blitt meir ekstremt.

Værbitt

Kanskje det hadde vore på tide med litt regn? Vêrsjef i TV 2, Eli Kari Gjengedal, nyt både sol og regn.

Foto: Kjell Jøran Hansen / Kjell Jøran Hansen

Ho viser til at klimaet endrar seg mot høgare temperaturar. Varmare vêr, atmosfære og hav betyr også hissigare vêr, og eit vêr ho meiner vi ikkje er førebudde på.

– Det er skremmande. Vi må få fingeren ut for å tilpasse oss desse endringane.

  • Onsdag låg det an til å bli 29 grader i Trondheim. Fleire stader i Noreg har aldri hatt ein varmare start på mai.

– Ikkje uventa at vi ser varmerekordar

Klimaforskar og direktør ved Nansensenteret, Tore Furevik, seier at den generelle trenden er at det blir varmare på heile jorda.

Han fortel at dei siste ti månadar har vore dei suverent varmaste på kloden.

– Det har blitt sett nye varmerekordar lokalt, og sånn sett er det ikkje uventa at vi òg ser varmerekordar i Noreg.

Ifølge han vil tendensen framover vere oftare tørke og høgare temperaturar om våren og sommaren, sjølv om det framleis vil vere år der det er unormalt kaldt eller vått.

Han understrekar at dei største konsekvensane av varmare vêr likevel kjem i andre delar av verda og sør i Europa.

Forskaren viser til at langvarige hete mellom anna påverkar dødstala, skogbrannar og luftforureining.

Les også – Det er jo en fare for at sommeren blir dritt

Hanna Nymoen Lund (t.v.) og Sandra Halleraker jobber ute i sommervarmen.