Hopp til innhold

Banas yngste skåra årets første Sogndal-mål

SOGNAHALLEN (NRK): 16 år gamle Eivind Helgesen sette inn det einaste målet for Sogndal i treningskampen mot Florø. Ein kamp som enda 1–1.

Eivind Helgesen (til høgre) etter å ha skåra mål for Sogndal

JUBEL: 16-åringen Eivind Helgesen etter å ha sett inn 1-0-målet.

Foto: Thomas Brakstad

Eivind Helgesen

SKÅRA: Eivind Helgesen håper å få nye sjansar med A-laget.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Det var utruleg kjekt å få ballen i mål. Det var synd at sigeren glapp på slutten, men det var kjekt å vere involvert, seier Eivind Helgesen etter kampen.

Ved pause var stillinga 0-0, med Sogndal som det beste laget. Dei hadde eit par sjansar, mellom anna eit skot i stolpen ved Ulrik Fredriksen.

I det 60. minutt i kampen kom det første målet til Sogndal ved Eivind Helgesen. Han kom seg fint frå på bakre stolpe etter eit innlegg. 15 minutt seinare sette Florø inn utlikninga. Alioune Ndour blei spelt fint gjennom åleine med keeper og avslutta fint nede i hjørnet.

Dermed enda treningskampen mellom Sogndal og Florø enda 1–1.

Nøgd med dei unge

Eivind Helgesen som er fødd i 2001, var den yngste på bana. I førre sesong fekk han eit innhopp i eliteserien i fjor. Denne sesongen håper han det blir meir speletid på A-laget.

– Det er berre å trene hardt og vere god i treningskampane. Folk venta ikkje at eg skulle skåra, difor var det kjekt å gjere det.

Eirik Bakke

NØGD: Sogndaltrenar Eirik Bakke er nøgde etter dagens kamp.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Sogndaltrenar Eirik Bakke er godt nøgd med innsatsen til 16-åringen.

– Han er ein spennande unggut som trenar mykje. Han er nok ein gut vi høyrer meir til.

Etter at Sogndal rykka med i fjor, skal laget spele i 1. divisjon i år saman med Florø.

Treningskampen laurdag ettermiddag var prega av mange spelarbytte. Sogndal bytte ut åtte i pausen og tre i andre omgang.

– Vi brukar desse kampane til å teste unge spelarar. Eg tykkjer det var ein kjempestart for gutane i dag. Vi jaga og pressa på.

Håper på betre baneforhold

Florø jublar for skåring

GLEDE: Alioune Ndour skåra for Florø

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Også Florø-trenar Terje Rognsø nytta kampen til å teste ut spelarar. Han bytte ut fire i pausen og to i andre omgang. Dermed fekk alle frå Florø prøve seg.

– Det var viktig å få flest mogleg spelarar i gang for å få storbanekjensla. Dette vil prege den første fasen vår fram til 10. februar. Vi leitar etter dei spelarane vi treng og prøver veldig mykje, seier han.

For Florø-laget er det også viktig å få spele i Sognahallen. Rognsø seier at dei har utfordringar med å trene i Florø.

– Det er snø og is på kunstgrasbana. Vi får håpe vi snart får tilbake det vêret vi er vane med, seier han.