Hopp til innhold

Både Florø og Sogndal får heimekamp 16. mai

Både Sogndal og Florø får heimekampar i 1. divisjon 16. mai. 1. juli møtest fylkesrivalane sitt første oppgjer på så høgt nivå nokonsinne.

Florø fotball, supporter banner Stimen

KAN JUBLE: Florø-fansen kan glede seg til 16. mai-kamp på heimebane i 2018.

Foto: Truls Kleiven

Trenaren til Florø, Terje André Rognsø, er nøgd med kampoppsettet for neste år.

Vi er meir fornøgd enn vi var i fjor, særleg fordi vi får 16. mai-kampen på heimebane. Her ute har 16. mai-kampen vore ein tradisjon, så det er veldig kjekt at vi får den heime igjen, seier Rognsø.

16. mai skal Florø møte Nest-Sotra på Florø stadion.

– Det er ein litt spesiell kamp også. Vi hadde jo vår store festdag 15. oktober 2016 då vi rykka opp under Sotra. Det er mange gode minner frå den dagen.

Terje Rognsø, Florø-trenar

KLAR FOR KAMP: Florø-trenar, Terje Rognsø, ser fram til å møte nye lag i Obosligaen til neste år.

Foto: Truls Kleiven

Historisk kamp

Rognsø trur det blir mange tøffe kampar, men også fleire høgdepunkt for publikum i 2018.

– 1. juli skal vi spele mot Sogndal på heimebane, det blir ein spesiell kamp. Eg trur ikkje eg var fødd sist gong dei to laga spelte seriekamp mot kvarandre. Det er historisk, seier trenaren.

Florø skal også møte Viking og Ålesund i OBOS-ligaen til neste år.

– Dette er nye kjennskap for oss, i alle fall i seriesamanheng, Det er mykje å sjå fram til, seier Rognsø.