Hopp til innhold

– Vi skulle gjerne hatt litt meir kontinuitet

Mange skadar, store utskiftingar i spelarstallen og nedrykk frå eliteserien. Fjoråret vart alt anna enn kva Sogndal-trenar Eirik Bakke hadde tenkt.

Kvalifisering til Eliteserien 2018. Sogndal mot Ranheim 1 - 0

MANGE UTSKIFTINGAR: Sidan Eirik Bakke tok over som Sogndal-trenar i 2015 er det berre to spelarar som framleis er i klubben.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

– Mange spelarar har gått ut og fleire vil kome inn. Vi må bruke dei neste vekene på å sette laget før sesongen, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Sogndal måtte ta den tunge vegane ned i førstedivisjon, etter at dei rauk i kvalifiseringskampen mot Ranheim i desember.

Denne veka starta laget opp att treninga og mange spelarar er vekk, samanlikna med laget som rykte ned i fjor.

Tre igjen frå 2015

Grunna mange skadar gjennom heile fjorårssesongen måtte Sogndal hente inn fleire spelarar og fekk ein stall på over 30 spelarar. No er sju vekke, med blant anna Bjørn Inge Utvik, «Chidi Nwakali», Christoph Psychè og Taijo Teniste.

Det er faktisk berre keeper Mathias Dyngeland, backen Victor Grodås og midtbanespelar Lars Christian Kjemhus som er att frå laget Erik Bakke starta sesongen med i 2015.

– Det har blitt mange utskiftingar. Og det vil framleis bli nokon som forsvinn og så håpar vi å hente inn ein del nye. Men slik er det i Sogndal, nokon spelarar går fordi vi har lagt opp til det sjølv, medan andre går vidare fordi dei har større ambisjonar. Vi skulle gjerne hatt litt meir kontinuitet, seier Bakke.

Sogndals Ole Martin Rindarøy gjør 1-0 til Sogndal

SNART KLAR: Går alt som Eirik Bakke vil vert Ole Martin Rindarøy presentert som ny Sogndal-spelar om kort tid.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

For i tillegg til dei som alt er nemnd, har BA skrive at Gilbert Koomson er høgaktuell for Brann.

Men ein spelar som er på veg inn, er fjorårets innlånte back, Ole Martin Rindarøy.

– Victor Grodås slit med ein lyskeskade og Ole Martin har trent med oss dei siste dagane. Vi håpar å få til ei permanent løysing, seier Bakke.

Tilbake til 4-4-2

Då Sogndal vart råka av skadar på fleire nøkkelspelarar i april og mai i fjor, vart fotballpensjonistane Espen Næss Lund og Kjetil Wæhler henta inn.

I tillegg vart spelestilen lagt om frå den vande 4-4-2 til 3-4-3.

– I treningskampane vil eg at vi skal tilbake i 4-4-2. Vi får ein ny gjeng i år som eg vil spela inn i den spelestilen før serien startar, seier Bakke.

Og den første testen får dei på laurdag. Då er divisjonskollega Florø gjestar i Sognahallen.