Hopp til innhold

Kallar årets turistsesong for historias verste

BALESTRAND (NRK): August skulle vere redninga for turistnæringa. Så vart fleire og fleire land «raude».

Kviknes hotel

BALESTRAND: August skulle vere redninga for turistnæringa. Så kom i staden august med nye smitteutbrot.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Sjølv om vi har hatt ein god juli månad, vil dette året gå ned i historiebøkene som det desidert verste året for reiseliv i Noreg, seier Ståle Brandshaug, reiselivsdirektør i Visit Sognefjord.

August er den tradisjonelle feriemånaden for folk på kontinentet, og har fått ein sentral plass i forteljinga om koronasommaren.

Ikkje minst etter at reiserestriksjonane vart letta 15. juli – er det no dei utanlandske turistane skal vende tilbake?

Ifølgje tal frå Innovasjon Norge bruker utanlandske turistar nesten dobbelt så mykje pengar i Noreg per dag som det dei norske turistane gjer (1455,- mot 835,- kroner).

Så kom i staden august med nye smitteutbrot.

Oversikt over "grønne" og "røde" land etter at Belgia ble "rødt" sist torsdag.

LEVER FARLEG: Smittetala i Frankrike er høgare karantenegrensa sett av norske styresmakter.

Grafikk: Hilda Klaveness / NRK

Måndag denne veka varsla Folkehelseinstituttet (FHI) at Sveits og Tsjekkia blir «raude» land i løpet av veka, som følge av stigande smittetal.

Fredag skal FHI avgjere kva som blir Frankrike sin status.

Frankrike har no 21,7 koronasmitta per 100.000 innbyggjarar dei siste 14 døger. Det er høgare enn karantenegrensa sett av norske styresmakter.

– Det er stigande smittetal i ein god del land i Europa, seier avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet.

Line Vold, avdelingsdirektør FHI

BLIR RAUDE: Måndag varsla Line Vold og FHI at Sveits og Tsjekkia blir «raude» land i løpet av veka.

Foto: NRK

– August er «make or break»

August er «make or break»-månaden for norsk reiseliv, uttala Per-Arne Tuftin, direktør i Norsk reiseliv, til NRK i juli.

– Kom vi tidsnok med opninga av grensene, eller hadde for eksempel tyskarane allereie bestemt seg for reisemål? spurte han.

Han får støtte frå Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO reiseliv.

– Det blir et «vere eller ikkje vere» for denne sommaren om vi får europeiske gjester på besøk i august, uttala ho 10. juli.

Den gongen var ho uroleg for at opninga kom for seint. No konstaterer ho at også august blir krevjande.

– Jo fleire land som blir raude, jo færre vil kome til Noreg, seier ho.

Ho minner om at reiselivsverksemdene totalt sett berre hadde 50 prosent av normal omsetning i juli.

– Aldri rekna med august

– Det er veldig usikkert alt som ligg føre oss no, seier Sigurd Kvikne, hotellsjef på Kviknes Hotell i Balestrand.

Til vanleg er 60 prosent av gjestane ved hotellet frå utlandet.

I juli var talet cirka 4 prosent (200 av 5000 gjestedøgn).

– I august blir vel talet utlendingar omtrent det same, seier han.

Han presiserer at hotellet har tatt høgde for dette i lang tid.

– Eg har aldri rekna med at utanlandstrafikken vil ta seg opp i august. Eg er ein realist.

Sigurd Kvikne Kviknes Hotel

TOMME ORDREBØKER: – Det er ikkje mange bestillingar frå utanlandske gjestar august og september, seier Sigurd Kvikne, hotellsjef på Kviknes Hotell i Balestrand.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK