– Denne sommarferien er den travlaste vi har hatt nokon gong, seier Adrian Lefdal, dagleg leiar i Stryn Kaffebar & Vertshus.
Framfor kassa i kafeen i hjartet av Stryn, står om lag 30 menneske i kø for å bestille. Servitørane spring att og fram med bakverk og kaffi.
– Ein rekordsommar
NRK er inst i Nordfjord. Ein kort biltur unna er Briksdalsbreen og Lovavatnet, og nyare attraksjonar som Loen Skylift og klatrestien Via Ferrata.
Då koronapandemien braut ut i mars, såg reiselivsnæringa for seg ein sommar i konkursens teikn. I staden kom sommaren med håp, tilreisande – og nye reisetrendar.
– Ein rekordsommar, seier Marita Lindvik, reiselivssjef i Visit Nordfjord.
Ho peiker på Nordfjord som ein av «turistvinnarane» denne sommaren.
– Det har vore over all forventing. Vi har aldri hatt så mange nordmenn på tur i området som i sommar.
Ho meiner ferierande nordmenn har «fått opp auga» for sitt eige land, og at den uvanlege sommaren kan vere «starten på noko nytt».
Frå Syden til Helgelandskysten
Per-Arne Tuftin er direktør i Norsk reiseliv.
– Vinnarane denne sommaren er stader og attraksjonar som nordmenn lenge har ønskt å vitje, men som av ulike årsaker er blitt prioritert vekk til fordel for Syden og andre utanlandsreiser, seier han.
Som eksempel på vinnarar viser han til Lofoten og Helgelandskysten, og til eit knippe «eksponerte attraksjonar» på Vestlandet, som Loen.
Fellesnemnaren er at dei ligg i distrikta. Medan byane har hatt meir varierande resultat.
– Det ser ut til at de som tradisjonelt har hatt ein stor del utanlandske besøkande slit mest, slik som Oslo, seier Tuftin.
– Distrikts-Noreg som har vunne
NHO Reiseliv har bite seg merke i det same.
– Det er distrikts-Noreg som har vunne nordmenn sin ferie i år, seier Kjersti Aastad, politisk rådgjevar i NHO Reiseliv.
Kva for utslag det får på botnlinja er likevel ikkje gitt, seier ho, og minner om at nordmenn tradisjonelt bruker mindre pengar i guiding og restaurantbesøk enn dei utanlandske turistane.
– Om opplevingsbedriftene opplever at nordmenn legg att like mykje som utanlandske turistar vanlegvis gjer, står att å sjå.
– Meir villig til å bruke pengar
Akkurat her er signala oppløftande, seier Tuftin.
– Det ser ut som om de norske som i år ferierer i Noreg bruker meir pengar enn dei tradisjonelle norske turistane. Det tyder på at dette er ein gruppe som er vant med å feriere utanlands og som er meir villig til å bruke pengar, eller berre har betre økonomi.
No er han spent på august, som tradisjonelt er feriemånaden for utlendingane.
– Kom vi tidsnok med opninga av grensene, eller hadde for eksempel tyskarane allereie bestemt seg for reisemål? spør han.
By og land, hand i hand
Aastad er einig i at august er nøkkelen. For storbyane er det mykje som står og fell på kva dei utanlandske gjestene gjer denne månaden, seier ho.
– Storbyane håpar på utanlandske gjester når desse startar ferien i august. Håpet er at mange kombinerer natur og storby på noregsferien sin. Det burde forresten også nordmenn gjere i sin ferie.