Hopp til innhold

Bifituu og Dibora har venta i to år på å få søkje asyl

Fleire tusen asylsøkarar står i kø for det første asylintervjuet. No krev fleire politiske parti handling frå justisministeren.

I snart to år har Dibora (til venstre) og Bifituu venta på asylintervju, som er ei avgjerande brikke fram mot opphaldsløyve.

PÅ VENT: Dibora (til venstre) og Bifituu kom åleine til Noreg for snart to år sidan. Dei drøymer om å skape eit liv i Noreg, men livet står framleis på vent.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

– Det er trist. Eg har ingenting å gjere. Eg må berre vente, seier Bifituu (22) frå det vesle rommet sitt på Solbakken mottak i Florø i Vestland fylke.

For to år sidan rømde ho frå krigen i heimlandet Etiopia.

Då ho kom til det nasjonale framkomstsenteret i Råde i Viken var ho gjennom alle sjekkpunkta asylsøkjarar må igjennom.

Det betyr mellom anna registrering, samt ein tuberkulose-sjekk.

Men ein viktig ting mangla då ho blei sendt vidare, nemleg det avgjerande asylintervjuet.

Det er i desse intervjua med Utlendingsdirektoratet (UDI) at du formelt søkjer om asyl i Noreg. Ifølge forskrifta skal «asylintervju gjerast snarast mogleg».

Men to år har gått. Bifituu ventar framleis.

Tal frå UDI syner at 2500 andre gjer det same.

Sidan 2021 har ventetida gått frå eit snitt på 103 dagar, til å ligge på 231 i dag.

Dibora(t.v) og Bifituu bur på asylmottaket i Florø. I to år har dei venta på asylintervju.

Etter to år på mottak har Dibora og Bifituu fått dei 175 timane med norskopplæring og informasjonsmøte som dei har krav på. Sidan dei ikkje har fått søkt asyl, kan dei heller ikkje søke om mellombels arbeidsløyve. Dei kan heller ikkje begynne på høgare utdanning, noko dei begge ønskjer.

Foto: Arne Stubhaug / nrk

Mottaksleiar: – Eg er forbanna

Opp mot 30 andre på mottaket i Florø har venta i lengre tid på asylintervjuet.

Desse er frå alle nasjonalitetar, men med unntak av ukrainarar.

Dei har fått kollektiv vern og treng ikkje asylintervju.

Bente Nygård, mottaksleiar Solbakken i Florø

Mottaksleiar Bente Nygård på Solbakken seier det er tøft for bebuarane å vente. – Dei går i limbo og må leve med usikkerheita. Dei fryktar UDI har gløymt dei eller manglar papir frå dei.

Foto: ARNE STUBHAUG / nrk

Det var hausten 2021 at mottaksleiar Bente Nygård merka at fleire av dei som kom til Florø ikkje hadde fått søkt asyl.

– Eg er forbanna. Det er ikkje slik det skal vere. Når desse personane kjem til oss skal alt vere avklart. Her skal dei bu medan dei ventar på svar om dei får opphald, seier Nygård, og legg til:

– Men dei har ikkje ein gong fått lov å søkje, noko som er heile premissen for å få asyl.

UDI: Høg tilkomst årsaka

I 2022 og i 2023 var det svært mange asylsøkjarar som kom til Noreg.

Det er årsaka til doblinga i ventetida på asylintervju, seier Wenche Fone, direktør for Beskyttelse i UDI.

I 2023 kom det 5375 ordinære asylsøkjarar til Noreg, noko som er det høgste talet sidan 2015, ifølge UDI.

Fone seier ho forstår at ventetida er tøff, men at dei jobbar målretta med å få ned ventinga.

Wenche Fone

For å få ned ventetidene, har UDI oppretta intervjusenter i Kongsberg, frigjort kontor til intervju, samt at dei reiser rundt i landet for å gjennomføre intervju på mottak, fortel Wenche Fone, direktør for Beskyttelse i UDI.

Foto: Dan Robert Larsen / NRK

Dibora og Bifituu fryktar for lang ventetid også etter asylintervjuet.

Til det svarar direktøren følgande:

– Vi har eit mål om at etter asylintervjuet er gjort, så får ein svar på søknaden ganske raskt, seier Fone.

Ho legg til at dette er i dei sakene der ein er trygge på faktene i saka.

Fleire parti er kritiske til dei lange ventetidene til UDI.

Rødt meiner det er politisk uvilje frå justisministeren til å gjere noko med saka.

Mari Holm Lønseth innvandringspolitisk talsperson i Høgre, krev meir handlekraft frå justisminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Ho vil be ministeren gjere greie for ventetidene i Stortinget og kva ho vil gjere for å få dei ned.

Statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Even Eriksen, svarar følgande på kritikken mot ministeren:

Eg skjønner at det er utfordrande at nokon må venta lenge på intervju. Eg veit at UDI jobbar målretta for å få ned ventetida for søkjarane, men det er ein realitet at saksbehandlingskapasiteten er pressa.

Sivilombodet vurderer undersøkingar

Sivilombodet sin jobb er å føre kontroll med den offentlege forvaltninga.

Dei reagerer også på UDI.

– Ei ventetid på to år på intervju er alt for lenge, seier sivilombod Hanne Harlem.

Dei har så langt ikkje undersøkt ventetidene på intervju, men derimot har dei fleire gonger undersøkt lang saksbehandlingstid på sjølve vedtaket.

– Vi har fleire saker konkludert med at behandlingstidene har vore svært lange over lang tid, og det bekymrar oss, seier Harlem.

Sanja Adjulovic, fungerende generalsekretær i NOAS.

Ventetida er svært tøff og fleire blir psykiske sjuke, seier Sanja Adjulovic, fungerande generalsekretær i NOAS.

Foto: Kaspara Stoltze / NRK

Norsk organisasjon for asylsøkjarar (NOAS) har blitt kontakta av fleire asylsøkjarar som står i kø.

Fleire har venta i to år. Det er utfordrande av fleire grunnar, forklarar Sanja Adjulovic, fungerande generalsekretær i NOAS.

– Å få fortelje historia si raskt er viktig. Då får ein med viktige detaljar som UDI er opptekne av, seier ho.

Særleg kritisk er den lange ventetida for einslege mindreårige.

Dibora(t.v) og Bifituu bur på asylmottaket i Florø. I to år har dei venta på asylintervju.
Foto: ARNE STUBHAUG / nrk

I Florø ser Bifituu at andre asylsøkjarar kjem raskare til intervju og opphaldsløyve.

Sjølv får ho ikkje lov til å studere eller jobbe. Alt av norskundervisning er ho for lengst ferdig med.

Også Dibora (24) frå Etiopia har venta i nær to år på det første asylintervjuet.

– Eg tenkjer mykje på kva som skjer framover. Det er ikkje ein lett situasjon, seier 24-åringen.

Les også Helsetilsynet: – Situasjonen er uholdbar

Camilla Sønnichsen Kayed, seniorrådgiver i Helsetilsynet, ser ut i luften. Bak hennes skimtes noen vinduer og skiltet til Helsetilsynet på byggets fasade.