Hopp til innhold

Ber regjeringa vurdere å stramme inn kollektivt vern av ukrainske flyktningar

Erna Solberg (H) meiner ein bør vurdere på nytt om alle ukrainarar skal ha automatisk opphaldsrett i Noreg, slik dei har i dag.

Erna Solberg

VIL HA NY VURDERING: Solberg meiner nokre område i Ukraina kan vere så trygge at flyktningar derifrå ikkje treng å bli rekna med i det kollektive vernet.

Foto: William Jobling / NRK

– Det vi ser no er jo ikkje at det er krigshandlingar i heile Ukraina, seier ho til NRK.

– Det betyr at det kan vere område som no er i ein situasjon der det faktisk er trygt å vere. Då er det ikkje sikkert at kollektivt vern skal gjelde for alle dei.

Solberg presiserer at dette gjeld dersom det kjem for mange til Noreg i 2024.

Ho vil ikkje talfeste kor stort talet på flyktningar frå Ukraina bør vere for at ei slik vurdering skal bli gjort.

United Nations Refugees and Displaced

Noreg tok imot i fjor flest ukrainske flyktningar av alle dei nordiske landa. Her ventar ukrainske flyktningar ved grensa inn til Polen.

Foto: Markus Schreiber / AP

Både Venstre og Frp er einige i at ein bør vurdere geografiske område i Ukraina når ein tek opp att det kollektive vernet.

– Før jul kom det fleire ukrainske flyktningar til Noreg enn til dei andre nordiske landa til saman, seier Ingvild Wetrhus Thorsvik (V) i justiskomiteen til NRK.

– Det har skapt eit ekstraordinært press på mottaksapparatet og på norske kommunar.

Justisminister Emilie Enger Mehl fortel at forslaget frå Høgre allereie er til vurdering.

Emilie Enger Mehl på Losby Gods

NRK møter Mehl på Losby Gods i Lørenskog, der regjeringa er samla på ein strategikonferanse.

Foto: Mats Rønning / NRK

– Det er for tidleg å spekulere i om det skal gjerast konkrete endringar no, seier justisminister Emilie Enger Mehl til NRK.

– Men geografisk avgrensing og kor lenge ordninga skal vare, er den typen spørsmål som regjeringa har vurdert gjennom hausten og også kjem til å vurdere framover.

Tek imot langt færre

Presset på kommunane er særleg stort.

Årdal kommune i Vestland fekk i år beskjed om at dei ville få 70 ukrainske flyktningar i 2024. Dei svarte at dei berre har kapasitet til 20.

Jasmin Eminovic er representant for Arbeidarpartiet i Årdal kommunestyre og rektor for den lokale vaksenopplæringa.

Jasmin Eminovic er rektor for den lokale vaksenopplæringa i Årdal.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Kommunen meiner dei har for få bustader og for lite kapasitet i dei offentlege tenestene til å møte behovet.

Rektor for vaksenopplæringa Jasmin Eminovic har sett fram stolar, pultar og læringsverktøy til dei nye flyktningane som kjem på måndag.

– Vi er på tilbodssida og vi prøvar å gjere det beste ut av dei ressursane vi har, fortel Eminovic, som også er Ap-representant i kommunestyret.

– Akkurat no er det litt utfordrande fordi vi så vidt har nok fysiske klasserom til dei nye elevane som kjem og dei vi har frå før av.

Eminovic er ikkje einig i at ei endring av ukrainarar sitt kollektive vern i Noreg kjem til å løyse Årdal sine problem.

– Eg synest ikkje det er nokon kvikk fiks. Det er ikkje det som er problemet. Eg trur at mange kommunar er i same situasjon som oss på grunn av Erna Solberg sin politikk i lang tid. Mange har blitt pressa på ressursar.

– Dette handlar om menneske som er i naud, som verkeleg treng dette vernet som dei kan få her i Noreg.

Skulle gjerne ha busett 70

Ordførar Christian Sønsterlien seier til NRK at presset særleg ligg på skulen, barnehagen, helse og vaksenopplæringa. I tillegg slit dei med å finne nok bustader.

Ordførar i Årdal

Ordføraren i Årdal seier kommunen er villig til å ta imot fleire enn 20 flyktningar dersom dei får ressursane til det.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

– Det er klart at vi gjerne skulle ha busett 70 og endå fleire flyktningar. Det ligg i Årdal si identitet at vi er opptekne av internasjonal solidaritet.

I fjor tok Årdal imot 55 flyktningar, akkurat som bestilt. Men i år er bestillinga større, samtidig som at kommunen er dårlegare stilt.

– Samtidig så har vi i kommunestyrevedtaket at dersom det er mogleg, og ein ser at situasjonen endrar seg, så ønsker vi å ta imot fleire.