Nedbemanning og kutt i industrien har skote fart i fråflyttinga i sognekommunen, og uvissa gjer at ledige bustader ikkje blir selte i same tempo som tidlegare.
Så mange som 50 av 242 bustader som er til sals i fylket nett no, er å finne i Årdal. Det er fleire enn på lenge vedgår Line Moen som er dagleg leiar og eigedomsmeklar i Terra Årdal.
– Akkurat for augneblinken er det fleire bustader til sals enn det har vore på lenge. Årsaka er den situasjonen som Årdal har vore inne i, spesielt i 2012, seier Moen til NRK.no.
Kjøparane står ikkje i kø
Bustadmarknaden viser tydeleg kor tungt 2012 var for industrisamfunnet Årdal. I fleire omgangar har arbeidarar ved verksemdene i kommunen måtte sjå at tilsette har blitt permitterte eller oppsagde.
I januar vart det også kjent at opp mot 60 tilsette kan bli råka når kommunen må spare.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Moen seier det dei siste åra har vore ein god balanse mellom tilbod og etterspurnad på bustadmarknaden.
Men no har situasjonen snudd. Frå ein situasjon der folk fekk seld einebustad og leilegheiter ganske raskt, stogga ting opp i fjor.
– Det har bakgrunn i problema med arbeidsplassar, seier Moen.
Dobbelt så mange som i Førde
50 bustader til sals i ein kommune med vel 5000 innbyggjarar er over dobbelt så mange som i fylkets største kommune, Førde.
Og dei har dobbelt så mange innbyggjarar som Årdal.
Luster, Eid og Gloppen er kommunar Årdal naturleg kan samanlikne seg folketalsmessig. Ikkje ein gong samla har dei tre kommunane like mange ledige bustadar. Hos industrikollega Høyanger er ti bustader til sals.
Når det ikkje er mange som kjempar om å få kjøpe same bustadobjekt har det også noko å seie for prisen.
– Det er ein god sjanse for kjøparar å gjere seg gode kjøp no, seier eigedomsmeklaren i Årdal.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Uroa over situasjonen
Varaordførar Marie-Helene Hollevik Brandsdal frå Arbeidarpartiet er uroa over situasjonen. Både at det er så mange bustader til sals, og at det er vanskeleg å få selt dei.
– Det betyr jo at vi har eit auka problem med å få folk til å vere her, seier ho til NRK.no.
Ferske tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det vart fleire innbyggjarar i Sogn og Fjordane i løpet av fjoråret. Ein av kommunane der folketalsutviklinga derimot går motsett veg er i Årdal.
Årdal vart den store folketalstaparen, der folketalet gjekk ned med 51 personar i 2012.
- LES OGSÅ: –
Utrygge forhold
– Når det er usikre tider og nedgangstider så fører det til utrygge forhold for innbyggjarane.
– Folk kjenner gjerne ein og to gonger på om Årdal er den rette plassen å busetje seg, seier Hollevik Brandsdal.
- LES OGSÅ:
Har trua på lysare tider
Både Line Moen i Terra og varaordførar Brandsdal håpar og trur at ting snur seg. Omstillingsmidlar og ny giv i NorSun gir håp om framleis lys i dei mange ledige bustadane.
– Eg er positiv, det må vi vere. Det er ting som har snudd seg allereie, i forhold til positive forhold med NorSun.
– Eg trur vi går lysare tider i møte i Årdal, seier varaordføraren.