Hopp til innhold

Fann alvorlege brot på barnevernslova i kommune - born kan ha blitt utsette for omsorgssvikt

Fylkesmannen har avdekka alvorlege brot i barnevernstenesta i ein Sunnfjord-kommune. I to tilsynssaker mot kommunen, har dei mellom anna konkludert med at kommunen ikkje har følgt opp sakene godt nok, og heller ikkje sett i verk tilstrekkelege tiltak.

Barnevern

BROT: Det er avdekt alvorlege brot i barnevernstenesta i ein Sunnfjordkommune.

Foto: www.colorbox.com

– Det er grunn til å tru at borna i desse sakene ikkje har fått den hjelpa dei treng, seier seksjonsleiar for barnevern hjå Fylkesmannen, Hanne Sæbø.

Ho legg til at Fylkesmannen ser svært alvorleg på det som er skjedd.

– Barnevernstenesta har plikt på seg til å gi den hjelpa som dei gjennom undersøkingar finn ut at born har trong for. Når det ikkje er gjort, ser vi svært alvorleg på det, seier Sæbø.

Er ikkje i samsvar med lova

Fylkesmannen har sett nærare på korleis kommunen har handsama to saker i barnevernstenesta. Dei konkluderer mellom anna med at barnevernstenesta ikkje har følgt opp uromeldingar godt nok, og at det er gjort for dårlege undersøkingar.

Vurderingar som er gjort er heller ikkje godt nok dokumenterte, og oppfølginga av foreldra og borna ikkje i samsvar med lova. Sæbø seier dei ser liknande lovbrot også i andre kommunar.

– Det er iallfall ikkje eineståande. Men det er ulik grad av kor alvorleg det er i dei ulike sakene, seier Sæbø.

Vil ikkje kommentere sakene

Kommunen det gjeld har no fått frist på seg til 1. oktober med å rydde opp.

– Vi har bedd kommunen om å gå gjennom rutinane sine og internkontrollsystemet sitt. Dei har frist på seg til 1. oktober på å gi oss tilbakemelding på kva dei har funne, og kva tiltak dei set i verk for å sikre at dette kjem på plass, seier Sæbø.

Rådmannen i den aktuelle kommunen syner til teieplikta og vil ikkje kommentere sakene konkret. Han seier dei er samde med fylkesmannen i at dette er ei alvorleg sak, og at kommunen no vil gå gjennom rutinane sine.

Men i tilbakemelding til Fylkesmannen skriv Sunnfjord-kommunen at dei har vedteke å jobbe vidare med sine skriftlege rutinar og styringssystem på barnevernområdet. Dei har også planar om å gjennomføre rutineendringar og endringar i styringssystem, og dette arbeidet er tenkt gjennomført innan 1. oktober 2014.