Vil seie opp barnevernsavtale

Kommunane i fylket vil seie opp samarbeidsavtalen dei har med det statlege barnevernet. – Vi kan ikkje samarbeide med nokon som ikkje held avtalen, seier KS-leiar Jenny Følling.

Jenny Følling

IKKJE NØGD: KS-leiar Jenny Følling er ikkje nøgd med informasjonen frå Bufetat.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

KS i Sogn og Fjordane er lei av det dei meiner er eit dårleg samarbeid med det statlege barnevernet, Bufetat. No går KS i fylket til det steget at dei vil seie opp den overordna samarbeidsavtalen.

KS-leiar Jenny Følling seier avtalen stadig blir broten, mellom anna ved at kommunane ikkje får informasjon om kutt og nedskjeringar.

– Bufetat har gong på gong brote avtalen vår, og i ei så viktig sak som barnevern må ting fungere, seier Følling.

Vart kjent med nedlegging i media

Nyleg bestemte KS seg for å tilrå kommunane i fylket å seie opp den overordna samarbeidsavtalen med Bufetat, ein avtale som skal sikre godt samarbeid og god kommunikasjon.

KS hevdar av avtalen gjentekne gonger har blitt ignorert, mellom anna ved at informasjon har kome til dei først gjennom pressa.

Det siste dømet er trugsmålet om nedlegging av Foreldre og barn-senteret i Sogn og Fjordane, der barneministeren til slutt valde stogge nedlegginga inntil vidare.

Det vekte sterke reaksjonar at Bufetat vil leggje ned det einaste tilbodet i Sogn og Fjordane for vanskelegstilte gravide og familiar med små born.

Følling er klar på at dei vil informerast om slike ting direkte.

– Det har ikkje vore dialog, og først når dei har landa vedtak blir det presentert for oss.

– Når vi har ein samarbeidsavtale ønskjer kommunane å bli informerte og høyrde. Vi har difor valt å gå til det alvorlege steget at ein tilrår å seie opp avtalen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Illustrasjon barnevern

VIKTIG SAK: Barnevern er eit så viktig område at kommunane ikkje kan akseptere at avtalen blir broten, seier Følling.

Foto: Anette Skafjeld / NRK

– Det er ikkje lett

Kommunikasjonssjef i Bufetat region Vest, Trond Nygard-Sture, beklagar det som no skjer. Han understrekar at dei ønskjer eit godt samarbeid.

Samtidig er det statlege barnevernet på Vestlandet i ei tøff omstilling. 300 millionar kroner skal kuttast, og med store endringar er det krevjande å informere kommunane, seier han.

– Ikkje minst fordi vi må gjennomføre formelle prosessar internt med tilsette og tillitsvalde. Samtidig skal vi informere kommunane på ein god måte, det er ikkje lett, vedgår han.

Avviser at dei orienterer gjennom pressa

Nygard-Sture seier at det viktige daglege samarbeidet mellom kommunar og Bufetat ikkje blir råka av at avtalen no kan bli avslutta.

Kommunane har fleire gonger fått nyhende om endringar i Bufetat gjennom media. Men Nygard-Sture seier det er vurderingar og ikkje endelege avgjersler som er kome fram i media.

Uansett tilbakeviser han påstanden om at det er dei som orienterer om dette via pressa.

– Det er ikkje rett. Saka er at andre har gitt informasjon om prosesser til pressa, og då har vi måtte svare om vårt syn i saka, seier Nygard-Sture.