Hopp til innhold

Stor misnøye med statleg barnevern - 13 kommunar har sagt opp avtale

13 av kommunane i fylket vil ikkje lenger samarbeide med Bufetat, det statlege barnevernet på Vestlandet. KS fryktar det vil råke dei svakaste borna.

Barnevern

SEIER OPP: Halvparten av kommunane i fylket er ikkje nøgde med avtalane dei har med Bufetat, og trekkjer seg frå avtalane.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

– Det er dårleg klima, og når det kjem endringar, så blir det tredd ned over hovudet på kommunane, fortel fylkesleiar i KS, Jenny Følling.

Det er KS som har tilrådd kommunane i fylket å bryte den overordna avtalen med Bufetat, det statlege barnevernet. Oppmodinga kom KS med tidlegare i år, då det i media kom fram at Bufetat ynskte å legge ned barne- og familiehuset i Sogn og Fjordane. Det er det einaste tilbodet i fylket for vanskelegstilte gravide og familiar med små born.

Avtalen som no blir sagt opp skal sikre godt samarbeid og kommunikasjon mellom kommunane og det statlege barnevernet. Til no har halvparten av kommunane i fylket brote avtalen, Følling er ikkje overraska over talet, og trur at fleire vil følgje etter.

– Det er ikkje noko poeng å ha ein avtale når den ikkje blir følgd. Det har vore brot i avtalen, ikkje berre ein gong, men fleire gonger, seier fylkesleiaren.

Fryktar konsekvensane

I løpet av to år skal Bufetat spare inn 300 millionar kroner, og forslaget om å legge ned barne- og familiehuset er berre eit av kuttiltaka. Dette forslaget vekte stor harme, og er førebels stogga av Barne-, likestillings- og inkluderingsminister, Solveig Horne.

Jenny Følling

LEI: Fylkesleiar i KS, Jenny Følling, trur fleire kommunar vil følgje etter og bryte den overordna avtalen med Bufetat.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Bufetat ynskjer også å kutte fleire stillingar og overføre arbeidet til barnevernet i kommunane. KS har fleire gonger klaga på avtalebrot, og meint at det er vanskeleg å ha ein god dialog med Bufetat. Følling fryktar at det heile vil råke den svake part i situasjonen.

– I verste fall så går det ut over borna, som er dei svakaste, seier ho.

Håpar kommunane ombestemmer seg

Bufetat beklagar at så mange kommunar trekkjer seg frå avtalen med dei. Dei understrekar også at oppseiing av avtalen ikkje skal gå ut over borna.

– Vi stiller sjølvsagt opp dersom kommunane ynskjer å snakke om korleis dialogen kan bli betre. Det daglege samarbeidet mellom Bufetat og barnevernsetaten om kvart enkelt born blir ikkje råka av dette, seier kommunikasjonssjef i Bufetat region Vest, Trond Nygard-Sture.

Han fortel av samarbeidsavtalen som vart inngått for nokre år sidan var for ambisiøs, når etaten må gjennom så store endringar som no.

– Vi har økonomiske utfordringar og må gjere endringar. Det er vanskeleg, og vi balansere formelle prosessar internt samstundes som mange kommunar i regionen skal informerast. Det er ikkje lett å finne ein god balanse. Då samarbeidsavtalen kom i stand såg vi ikkje for oss at vi måtte gjennom så store endringar som no, fortel Nygard-Sture.

Truleg vert det forsøkt å halde eit nytt møte mellom KS og Bufetat i løpet av hausten.

– Vi står med utstrekte hender til kommunane heile tida, seier Nygard-Sture.

Fylkesleiar i KS, Jenny Følling, avviser ikkje at det kan kome på plass nye avtalar, men er klar på kva som må til.

– Vi skal gjerne sette oss ned og inngå nye avtalar, men då skal det vere ein avtale som kan følgjast.