Hopp til innhold

Samarbeid kan vere på plass neste år - trur det vil gje betre tilbod for barna

Eit barnevernssamarbeid er på trappene i Nordfjord. Vågsøy, Eid og Selje jobbar no med å få på plass det som trengst for å jobbe saman om den viktige tenesta.

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, og ordførar i Vågsøy, Morten Hagen.

SAMARBEID: Ordførarane i Eid og Vågsøy er klare på at eit samarbeid om barnevern på tvers av kommunane vil vere til det beste for barna.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Det har vore jobba med saka lenge, og no blir det tilsett ein prosjektleiar som skal jobbe vidare med planlegginga.

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo frå Venstre, trur ting vil falle på plass.

– Dette handlar ikkje om at kommunane skal spare pengar. Det handlar om å vere sikker på at vi har gode tenester for dei som treng det aller mest, seier Bjørlo.

Har teke tid

Eit felles barnevern i Nordfjord kan vere på plass allereie neste år.

Trass i at barnevernet i Sogn og Fjordane har fått kritikk for små og svake einingar, har det teke tid å få på plass eit samarbeid i Nordfjord.

Kommunane Stryn, Gloppen og Hornindal vel å stå utanfor den felles tenesta.

Oppmodar kommunane til samarbeid

Fylkesmann Anne Karin Hamre har oppmoda kommunane om å få til samarbeid om barnevernstenestene, og har vist til at erfaringane er gode.

– Vi har hatt fleire kommunar som har hatt problem med fristbrot i barnevernssaker, og det er veldig uheldig at meldingane ikkje blir følgde opp raskt, sa ho til NRK.no i 2012.

Hamre viste då vidare til at langvarig sjukefråvær og vanskar med å finne folk som kan steppe inn på kort varsel, ofte har vore forklaringa på fristbrota.

– Der ein har etablert interkommunale samarbeid har miljøa blitt større og meir robuste, sa fylkesmannen til NRK.no.

(Artikkelen held fram under)

barnevern

VIKTIG: Ordførarane er samde om at eit samarbeid vil styrke tilbodet for dei som treng det aller mest.

Foto: NRK

Innstilte på å lukkast

Høgre-ordførar i Vågsøy, Morten Hagen (H), trur alt no ligg til rette for eit samarbeid mellom Selje, Vågsøy og Eid.

Dei tre kommunane har fått pengar av Fylkesmannen til å tilsetje ein koordinator som skal jobbe med samanslåing.

– Eg trur alle tre kommunane no er innstilte på å få til eit godt samarbeid. Vi ser at innanfor barnevernstenesta er det viktig å ha eit kompetansemiljø som gjer at vi kan rekruttere sterke fagpersonar.

– Samtidig ser vi at tenestene vi kan tilby blir mykje, mykje betre når vi får større miljø, seier Hagen.

– Dette må fungere

Selje kommune har alt gjort vedtak om å jobbe mot å få til eit felles barnevern. Så langt har ein ikkje tatt stilling til korleis arbeidsplassane skal fordelast.

Alfred Bjørlo meiner ein uansett vil lykkast.

– Vi har ikkje råd til at denne tenesta ikkje skal fungere. Det må gjelde over heile landet, også i relativt små kommunar som våre, seier han.