Vil legge ned barn- og familiesenter i Sogn og Fjordane

Bufetat region vest føreslår å kutte plassar på barne- og familiesenter på Vestlandet, og flytte all drift av slike senter til Bergen. Det kan føre til eit dårlegare tilbod for vanskelegstilte familiar i Sogn og Fjordane. I verste fall gjere at fleire born hamnar i fosterheimar.

Barnevern

FLEIRE FORSTERBORN: Ved å sentralisere drifta av barne- og familisenter til Bergen, vil vanskelegstilte foreldre oftare miste omsorg for borna sine.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

– Det er nesten som å høyre at høgt spesialisert hjernekirurgi skal bli utført på kommunelegekontor.

Det seier Hadle Blikra, barnevernsleiar i Årdal og regionsrepresentant for Nobo (Norsk barnevernleiarorganisasjono) etter møtet med Bufetat (barne-, ungdoms- og familieetaten) region vest måndag 17. mars.

Bufetat heldt møte for representantar for kommunane i fylket i Statens hus der dei la fram forslag til endringar og innsparingar dei ynskjer å gjere i tida framover.

Forslaget går ut på å kutte ned på og flytte plassar på barn- og familiesenter.

I dag finst det 17 plassar fordelt på barn- og familiesenter i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Bufetat foreslår å kutte ned til seks plassar, og flytte alle plassane til senteret i Bergen.

Planen er å fatte eit vedtak i saka allereie onsdag 19. mars.

Dersom forslaget blir vedteke, vil Sogn og Fjordane barn- og familiesenter i Førde bli nedlagd og plassane der forsvinne.

Kan hindre at born hamnar i fosterheim

Hadle Blikra

REAGERER MOT KUTTFORLSAG: Hadle Blikra, barnevernsleiar i Årdal og regionsrepresentant for Nobo (Norsk barnevernleiarorganisasjono)

Foto: Ida Brevik

– Dette er eit spesialisert tilbod til vanskelegstilte gravide og familar med spe- og småborn som er usikre i foreldre- og omsorgrolla. På barn- og familiesenteret får dei døgnbasert hjelp, rådgiving og oppfølging. Dette er eit viktig tiltak for å unngå at born blir tatt vekk frå foreldra og plasserte i omsorg andre stader, forklarar Blikra.

Barn - og familisenteret samarbeider òg med helsestasjonar, barnehagar, PPT (pedagogisk-psykologisk teneste) og BUP (barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk) i nærmiljøa om oppfølging etter at familiar har vore på senteret.

Dersom plassane blir flytta til Bergen, trur Blikra det vil vere vanskelegare for dei som treng det å nytte seg av tilbodet.

Det blir for langt å reise, og det kan òg føre til at foreldra ikkje får den kontakten med lokale hjelpeapparat i Sogn og Fjordane som dei treng etter opphald på barn- og familiesenteret i Bergen.

Brukte berre 64 % av kapasiteten i 2013

Regiondirektør i Bufetat region vest, Øistein Søvik, trur ikkje reisa blir eit stort problem. Opphald på senteret varar i 4-5 veker, og derfor blir det ikkje mykje reising i samband med det.

Han peikar òg på at kapasiteten ved Sogn og Fjordane barne- og familiesenter ikkje har vore fullt utnytta til no. I 2013 brukte dei berre 64 % av kapasiteten ved senteret, seier han.

Ved å sentralisere tilboda til eit større senter i Bergen, vil dei kunne utnytte kapasiteten betre og slik spare pengar.