Hopp til innhold

Felles barnevern kan gå i vasken

Planane om eit felles barnevern mellom fem kommunar i Nordfjord kan vere i ferd med å gå i vasken. – Dette kan gå utover borna, meiner Eid-ordføraren.

Sven Flo og Alfred Bjørlo

I VASKEN: Sven Flo og Stryn har sagt nei til å vere med i barnevernssamarbeidet i Nordfjord. Det likar Alfred Bjørlo i Eid dårleg.

Foto: Lillesvangstu / NRK

Eid, Selje og Hornindal har alt sagt ja til å vere med i barnevernssamarbeidet, medan Vågsøy har sagt at dei vil ha svar på fleire spørsmål før dei bestemmer seg.

Stryn har derimot bestemt seg for ikkje å vere med, fordi dei fryktar større utgifter til barnevern i framtida.

Venstre-ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, er skuffa og seier slik grendetekning kan øydelegge for borna.

– Vi er nøydde til å ha på plass skikkelege barnevernstenester for heile regionen. Vi kan ikkje la denne typen grendetenking hindre at vi finn ei framtidsretta løysing, seier Bjørlo til NRK.no.

Vil ikkje seie ja til dyrare løysing

Han likar dårleg at planane om eit felles barnevern mellom fem av Nordfjordkommunane no kan sjå ut til å gå i vasken. Dette skjer trass i at erfaringar frå andre stadar har vist at større kontor gjer at fleire born får hjelp. Mellom anna torer fleire å melde frå.

Høgreordførar Sven Flo i Stryn seier vedtaket i kommunestyret likevel var samrøystes. Stryn har i dag færre barnevernsaker enn nabokommunane og politikarane fryktar samarbeid vil føre til auka kostnader.

– Det er ein del usikre moment rundt økonomi, og for ein kvar kommune som vurderer å inngå i eit interkommunalt samarbeid er økonomi ein tung faktor, seier Flo.

Mange gode grunnar til samarbeid

Fylkesmann Anne Karin Hamre hadde lova kommunane til saman 700 000 kroner om dei fekk til eit samarbeid. Fleire andre stadar i Sogn og Fjordane har kommunane fått på plass felles barnevern, og Hamre seier erfaringane er gode.

– Vi har hatt fleire kommunar som har hatt problem med fristbrot i barnevernssaker, og det er veldig uheldig at meldingane ikkje blir følgde opp raskt, seier ho.

Hamre seier vidare at kommunane ofte har vist til at årsaka til fristbrota er langvarig sjukefråvær og det at det er vanskeleg å finne folk som kan steppe inn på kort varsel.

– Der ein har etablert interkommunalt samarbeid har miljøa blitt større og meir robuste. Det kan også vere lettare å få til spesialisering og høve til å jobbe førebyggjande slik at ein unngår dei tyngste sakene, seier Hamre.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anne Karin Hamre

GODE GRUNNAR: Fylkesmann Anne Karin Hamre seier erfaringane frå andre stader har synt at samarbeid om barnevernet er godt for tilbodet.

Foto: Anne Gro Fredheim

– Store avstandar

Hamre gir samtidig Stryn rett i at det kan bli auka utgifter når barneverntenestene blir slått saman, rett og slett fordi ein fangar opp fleire born i vanskar.

– Det er ting som tyder på at det blir lettare å melde frå når avstanden blir større, seier Hamre.

Men Sven Flo er ikkje utan vidare samd med argumentasjonen til Hamre.

– Vi føler ut frå det vi no har fått på bordet av faglege vurderingar, at vi har eit godt nok grunnlag til å ta ei avgjerd, seier Flo.

Stryn-ordføraren fryktar også reiseavstandane i distriktet.

– Det vil vere lengre reiseavstand for dei tilsette for å nå kundane, og vi har også sett litt på om folk vil halde fram i jobbane sine eller ikkje.

– Gå ei ny runde

I Eid meiner Alfred Bjørlo at politikarane no må setje seg saman for å finne løysingar. Alle kommunane som har sagt ja til samarbeid har gjort det under føresetnad av at dei andre kommunane er med.

– Vi må kunne garantere ungar i Nordfjord som har det vanskeleg kvalitet på barnevernstenesta. Eg håpar inderleg at Stryn tek seg ei ny runde i tenkjeboksen, slik at vi kan setje oss ned å snakke saman og at dette ikkje skal koke ned til at ein er redd for at det kostar litt meir, seier Bjørlo.

Fylkesmann Anne Karin Hamre åtvarar på si side mot samarbeid der den eine parten er skeptisk, ho oppmodar dei kommunane som har sagt klart ja til å no finne i lag i eit eige samarbeid.