Hopp til innhold

Aldri før har så mange testa seg for korona i Bergen

Mens R-talet går ned og smittetala er låge, testar bergensarane seg som aldri før. Legevaktsjefen ønskjer strenge nasjonale smittetiltak velkommen.

Legevaktsjefen i Bergen, Dagrun Linchausen.

REKORD PÅ REKORD: Dagrun W. Linchausen er legevaktsjef i Bergen.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Dei siste vekene har koronatestinga i Bergen sett rekordrekord.

Måndag var talet på heile 2550 personar i 20-tida.

Dermed er førre rekord på 2127 testa personar frå 21. desember godt slått.

Legevaktsjef Dagrun W. Linchausen har trua på at testtala skal komme opp mot 3000 personar i løpet av kvelden.

Folk som har stilt seg i kø før stengetid klokka 21, får også bli testa.

Tysdag opplyser Linchausen at det endelege talet på testar måndag vart på 2701.

R-talet går ned

Trass i høge testtal, har det ikkje vore like store køar som veka før jul, då stasjonen på legevakta var stengt, meiner ho.

– Vi har auka og god kapasitet. Der det kan bli kø er på Flesland flyplass, særleg når fleire fly kjem samstundes, seier Linchausen.

Samstundes har det vore opp mot 3,5 timars ventetid på drop in-stasjonen for bilistar på Spelhaugen, ifølgje trafikkvaktar på staden, Tony Solvang og Jon Gjerstad Strand.

Personar som kjem til fots skal berre måtta vente nokre få minutt.

Det heile er ein tålmodsprøve for familiar med barn, og grunna kulda står bilar med motoren på tomgang, opplyser vaktene.

– Kven bør teste seg no når så mange ønsker det, Linchausen?

– Alle som tenker det kunne vore greitt, og som er utrygge på grunn av smittesituasjonen, må berre komme og teste seg. Vi har framleis ledig kapasitet, seier legevaktsjefen.

Samstundes som testtala er enorme, er smittetala låge. Måndag blei det meld om åtte nye smittetilfelle i Bergen, og det berømte R-talet er gått ned til 0,7, etter å ha vore på 1,2 i romjula. Feilmarginen er frå 0,3 til 1,4.

Vonar å unngå smittetoppane

Trass i låge smittetal og R-tal, ønskjer legevaktsjefen dei nye, nasjonale smitteverntiltaka hjarteleg velkommen.

– Det er veldig bra, og i tråd med det vi har tenkt i Bergen. Vi hatt nokon av reglane tidlegare, og det fungerte godt. No er det strengare og gjeld heile landet, seier Linchausen.

Ho understrekar at det ikkje skal mange smitta personar til før pandemien raskt kan eksplodere igjen.

– Få smitta kan smitte mange, så det er veldig viktig å finne dei få.

Ho ventar ein auke i smittetala i Bergen framover fordi folk har vore ute og reist og vore sosiale, men trur ein kan klare å unngå dei store smittetoppane med strenge tiltak.

– Kva vil du seie til folk som no er lei av alle tiltaka?

– Hald ut! Det er som å ta innspurt på maraton, og så får vi det så mykje betre etterpå.