– Det var lenger kø enn eg trudde, og litt verre vêr. Eg håper det går relativt kjapt, seier Cecilie Stokkedal.
Søndag bles og regna det så mykje at dei to borna hennar søkte ly inni regnkåpa mens dei venta på å teste seg for koronasmitte.
Med berre få dagar til julaftan er det denne helga rekordmange som vil teste seg i Bergen. Styresmaktene oppmodar folk som skal reise nokon stad om å teste seg 72 timar før dei reiser.
På Festplassen var ventetida på minst 45 minutt før dei gåande slapp inn i drop in-stasjonen.
– Det var ein som gav oss ein paraply. Folk er snille og greie med kvarandre, seier Stokkedal.
TESTKØEN: To barn søkte ly i regnkåpa til Charlotte Stokkeland mens dei venta i kø på å sleppe inn på drop in-stasjonen på Festplassen i Bergen søndag.
Foto: Therese Pisani / NRK– Litt hoste og halsvondt har oppstått. Vi ville sjekke og vere på den sikre sida, så vi kan reise til «besto» til jul, held ho fram.
Planen er å vere åtte personar rundt middagsbordet på julaftan, dersom dei testar negativt.
– Jula blir annleis, men eg håper for ungane sin del at vi får gjort den mest mogleg normal og får ha det så hyggeleg som ein kan. Men det blir naturlegvis mindre besøk til andre. Vi gjer det beste ut av det, seier ho.
Testrekord på Festplassen
Dei mange som vil teste seg før jul har ført til fleire rekordar i tal på personar som testar seg i Bergen denne veka.
Fredag var det rekordmange 2049 personar som testa seg i Bergen kommune.
Laurdag var talet 1746, noko som er rekord for ein laurdag, ifølgje legevaktsjef Dagrun Linchausen.
GLAD FOR TESTING: Legevaktsjef Dagrun Linchausen seier dei snart har testa 4 prosent av bergensarane på ei veke.
Foto: Therese Pisani / NRKMed legevakta stengt på søndag, flokka folk i hopetal til drop in-stasjonane.
– Denne veka har vi testa vi 3,6 prosent av byens befolkning. I dag tenker eg vi bikkar 4 prosent. Då er det bortimot 12.000 som har testa seg siste veka i Bergen, og det er kjempebra, seier Linchausen.
Om ein ser på kvar teststasjon for seg, har Festplassen-stasjonen ved stengetid slått rekorden på 806 testa personar frå fredag.
I 17.17-tida var talet på 811, og dei held fram til køen er gjort unna, opplyser legevaktsjefen.
Klokka 17.47 seier ho at dei nærmar seg slutten og 843 testa.
Det er så vidt testpersonalet har fått teke seg litt lunsjpause i dag.
– Det har vore veldig travelt og mykje folk, seier Katrine Mei Drønen, ei av dei som bidreg for å teste bergensarane.
– No rett før jul vil folk teste seg før dei skal reise heim og vere saman med familien, seier ho.
Bedt om å komme tilbake
På drop in-stasjonen på Spelhaugen var det på morgonen så mange bilar som kom at folk som stod ute i hovudvegen i starten av dagen blei bedne av politiet om å komme tilbake.
Utover dagen var parkeringsplassen der stadig full. Rundt 18.45 hadde 690 personar testa seg der, mot 806 på fredag. Rekorden her var på 840 den 9. november.
Den høgaste rekorden per teststasjon i Bergen var ved den tidlegare drop in-stasjonen på Laksevåg, med 962 testa på ein dag den 9. september, opplyser Linchausen.
TRAVELT: Lang bilkø på drop in-stasjonen på Spelhaugen i Bergen kort tid før stengetid.
Foto: Therese Pisani / NRKTestar alle som kjem før stengetid
Stengetid er eigentleg klokka 17 i sentrum og klokka 18 på Spelhaugen, men Linchausen seier at dei vil teste alle som har komme til køen før stengetid.
Dermed blir det overtid på testpersonalet.
– Det blir jobba for fullt begge stader, seier legevaktsjefen.
Ho har inntrykk av at folk ikkje droppar testen for å unngå karantene og isolasjon i jula dersom dei skulle vere smitta.
– Eg veit ein del tenker det ville vere veldig kjipt, men dei kjem og testar seg likevel.
Tilbake til nasjonale reglar
Ho trur smittetala vil auke framover når Bergen avviklar lokale smitteverntiltak og går tilbake til dei nasjonale frå mandag av.
– Sånn er det. Vi er i ein pandemi og lettar på tiltaka. Det kjennast godt å gjere det no så vi kan feire jul. Så er vi rusta med god kapasitet over nyttår, seier Linchausen.
Dei NRK snakka med i køen hadde ikkje fått med seg så mykje om at viruset har utvikla seg til å bli meir smittsomt i Storbritannia.
Legevaktsjefen er klar til å sette i verk nye tiltak for å førebu smitte derifrå, om styresmaktene kjem med det.
– Eg har tillit til at vi skal få dei råda vi treng, om det blir aktuelt, seier Linchausen.
FULL PARKERINGSPLASS: Mange vil teste seg på Spelhaugen drop in-stasjon søndag. Dei som står i kø ved stengetid, vil bli testa.
Foto: Therese Pisani / NRK