Hopp til innhold

Adrian (22) trur han har jobb i olja til han blir pensjonist

Offshorearbeidaren ser for seg ei framtid i næringa mange krev skal bli fortid. Også om den blir raskare stengt ned.

Adrian Monsen med sin oljebil

SKIL SEG UT: Adrian Monsen (22) har skaffa seg eit nummerskilt på bilen som avslører kvar han tener til livets opphald.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Sola skin, men den bestemte vinden avslører at vi er nær kysten. 22 år gamle Adrian Monsen har busett seg her på Myking i Lindås i Nordhordland.

Frå verandaen på einebustaden kan han sjå supplyskipa i Fensfjorden. På tunet har han fire bilar og ein delebil. Det er ingen tvil om kva han likar å bruke fritida på.

Det er også liten tvil om kor han tener til livets opphald. På Volvoen han nyttar mest, har han ordna seg nummerskiltet «OLJE».

Monsen smiler. Han veit at det er eit litt spesielt standpunkt å ha i desse dagar.

– Men det skiltet kjøpte eg for å vise at eg er stolt av å jobbe i oljen. Det siste eg gjer er å skamma meg, seier 22-åringen.

Adrian Monsen i simulator

VIDAREUTDANNING: Adrian Monsen i plattformsimulatoren til Fagskolen i Vestland i Bergen. Monsen tek vidareutdanning for å læra seg boring, men det kan hende Noreg har bora sitt siste oljefelt.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Trur han blir pensjonist i bransjen

Trass alderen, har han allereie fire år bak seg i Nordsjøen. To år som lærling og dei siste to åra som bore- og vedlikehaldsoperatør på boreplattforma Eldfisk Bravo.

Han køyrer «oljebilen» til Stavanger og flyr ut til to veker på jobb. Dei fire vekene han er heime, tek han vidareutdanning i boring på Fagskulen i Vestland i Bergen.

Han vil aller helst vere med å bore etter meir olje. Men bransjen hans er heftig debattert.

Diskusjonen om framtida til olje- og gassnæringa har kanskje aldri hatt større plass i offentlegheita enn årets valkamp. Og førre veke kom regjeringa oppsiktsvekkande nok med eit forslag om endringar i petroleumsskatten.

– Eg ser for meg å ha jobben min til eg blir pensjonist. Men inst inne er eg budd på å måtte omstille meg, vedgår Monsen.

Johan Sverdrup

STARTEN PÅ SLUTTEN: Produksjonen på norsk sokkel vil gå ned med 65 prosent innan 2050, trur regjeringa. Her frå Johan Sverdrup-feltet.

Foto: Arne Reidar Mortensen / Equinor

Meiner det vil ta år å stenge ned

I regjeringa si perspektivmelding ventar ein at norsk olje- og gassproduksjon går ned med 65 prosent innan 2050. 50.000 jobbar kan vera vekke innan 2030.

Men nokre parti vil stenge oljekrana raskare. MDG vil vera ferdig fasen ut innan 2035.

– Det er heilt klart at vi må kutte ned på produksjonen ein eller anna gang. Uansett kva som skjer, og når det skjer, så vil det vera mykje arbeid, påpeikar offshorearbeidar Monsen.

Det er i dag produksjon på 90 felt i Nordsjøen, Norskehavet og i Barentshavet. Det vil ta år å stenge ned. Difor trur Monsen han har jobb til han blir langt eldre.

– Det er mange brønnar som skal pluggast att og det skal ryddast opp. Det er mykje arbeid som står att før vi kan seie oss ferdig med Nordsjøen, seier Monsen.

Baste Tveito i Nordhordland Næringslag ved Mongstad

UROA: I motsetning til den unge offshore-arbeidaren, fryktar Baste Tveito i Nordhordland Næringslag konsekvensane av ei rask nedstenging og omstilling av olje- og gassnæringa.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Katastrofe

Men på land er det fleire som ser langt mørkare på ei rask omstilling av olje- og gassnæringa.

Monsen bur tjue minutt med bil unna Noregs største oljeraffineri på Mongstad. I Nordhordlandsregionen finst det 12.000-13.000 arbeidsplassar i det private.

Over 5000 av dei er direkte knytt til olje- og gassindustrien. Det lokale næringslivet meiner ein ikkje er klar for ei omstilling på kort sikt.

Mellom anna på grunn av mangel på kapasitet i straumnettet, slik Avisa Nordhordland omtala i august.

– Det korte svaret er at det vil vera ein katastrofe, seier dagleg leiar Baste Tveito i Nordhordland Næringslag.

Han utdjupar:

– Vi toler ikkje at noko skjer over natta. Vi må klare å fase dei som skal ut av næringa, på ein kontrollert måte inn i ny, grøn industri. Det er faktisk avgjerande for at samfunnet vårt i Nordhordland skal bestå.