Hopp til innhold

Nei til EU tapte Acer-saka også i Høgsterett

Høgsterett slår fast at Stortingets vedtak om å knyte Noreg til EUs energibyrå Acer ikkje er grunnlovsstridig.

Acer-dom i høyesterett.

I dag tok Høgsterett stilling til om suverenitetsavståinga var godt nok forankra då Noreg vart med i den europeiske energimarknadspakken.

Foto: NTB

Var det tilstrekkeleg at eit alminneleg fleirtal av stortingsrepresentantane sa ja til den tredje energimarknadspakken då Noreg vart ein del av Acer-samarbeidet i 2018?

Eller var overføringa av makt så omfattande at regelen i Grunnlova om kvalifisert fleirtal skulle vore påkalla?

Det er spørsmålet som dei øvste dommarane i riket i dag tok stilling til.

Retten konkluderte: Overføringa av suverenitet til Acer er ikkje meir «inngripande» enn at eit simpelt fleirtal i Stortinget var tilstrekkeleg for å gjere gyldig vedtak.

– Vi er i randsona av kva som kan karakteriserast som myndigheitsoverføring, og denne er begrensa. Eg vurderer på same måte som Stortinget, sa høgsterettsdommar Knut Erik Sæther.

Han la til at «samla sett er eg ikkje i tvil om at myndigheitsoverføringa er lite inngripande».

Nei til EU har dermed tapt i tre rettsinstansar.

Tidlegare har Oslo tingrett og Borgarting lagmannsrett dømt i favør av staten.

Norges Høyesterett

Tyngda i saka gjorde at Høgsterett stilte med heile 17 av 20 dommarar. Dommen kan setja punktum for ein årelang rettsleg krangel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Tek dommen til etteretning

– Vi tek til etteretning at staten har vunne fram på det juridiske spørsmålet vi reiste saka på. Men vi meiner det var viktig og riktig å reise ei så prinsippiell sak, seier Einar Frogner, leiar i Nei til EU.

I ei pressemelding skriv organisasjonen at dei no avsluttar den rettslege prosessen mot norsk deltaking i energiunionen, men at dei held fram den politiske kampen.

Organisasjonen utelukkar heller ikkje rettslege skritt seinare «dersom EU-tilpassinga blir meir og meir inngripande.»

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier han er «glad for ein god og grundig rettsprosess».

– Det er nyttig at vi no har fått dei prinsipielle avklaringane som kjem i denne omfattande dommen. Det er bra at vi har fått Høgsteretts avklaring i ei sak som har vore omstridd i mange år, både rettsleg og politisk. Denne prosessen har vist den norske rettsstaten på sitt beste.

Behandla i fleire instansar

Bak spørsmålet om «grunnlovsmessigheita» låg djupare spørsmål om straumprisar, «arvesølv», arbeidsplassar og nasjonal suverenitet.

På toppen reiser saka spørsmål om maktfordelingsprinsippet og rolla til Høgsterett.

Domstolane skal kontrollere dei folkevalde, men ikkje overprøve dei. Den balansen kan vere hårfin.

«Etter mitt skjønn strir det mot openberre rettsstatsomsyn om domstolane ikkje under nokon omstende skulle kunne prøve om eit politisk fleirtal held seg innanfor Grunnlovas grenser på eit område som dette», uttalte Høgsterett då han sa ja til å behandle saka i 2021.

Les også Slik havnet striden om «arvesølvet» i Høyesterett

ACER-s??ksmÂlet starter i H??yesterett p onsdag

Juridisk har Nei til EU argumentert langs fleire aksar:

  • For det første hevdar dei at stortingsfleirtalet tok feil då det la til grunn at Acer si makt er avgrensa til situasjonar der statane er usamde.
  • Vidare argumenterer dei for at verknaden av suverenitetsavståing til internasjonale organisasjonar må leggje totalsummen til grunn – ikkje kvar enkelt overføring.

Som ein del av EØS-avtalen har Noreg innført mange tusen europeiske rettsakter.

Berre i to av tilfella har Grunnlovas føresegn om tre fjerdedels fleirtal komme i spel.

Første gongen var sjølve innmeldinga i EØS; andre gongen var då Noreg innførte EUs regulering av finansmarknadene.

ACER-søksmålet starter i Høyesterett på onsdag

Det uttalte og overordna målet til saksøkjar Nei til EU har vore å «ta tilbake politisk kontroll med krafta, utan det EU-styrte marknadsregimet som har gitt oss ei straumpriskrise».

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Støre: – Eit regulert handelssamarbeid er svært viktig

I den grad striden om den tredje energimarknadspakken er over, har slaget om den fjerde Acer-pakken berre byrja.

Arbeidarpartiet er i utgangspunktet positive til pakken, medan partileiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum har sagt at det er uaktuelt å sitje i ei regjering som innfører denne.

Slik har Norge blitt tettere koblet på Europa med kraftkabler

Norge er en del av et kraftmarked som er knyttet til Sverige, Danmark, Storbritannia, Tyskland, Polen, Russland, Nederland og Baltikum med kabler. Målet er å jevne ut prisforskjeller og å styrke energisikkerheten.

I fjor fremja Sp forslag i Stortinget om å «starte prosessen med å trekkje Noreg ut av EUs energibyrå (Acer)».

Noreg er ein liten, open økonomi. Og som stor eksportør av gass er det viktig for Noreg å ha ryddige marknadsforhold og like konkurransevilkår, sa statsminister Jonas Gahr Støre då han talte til Fellesforbundets landsmøte sist veke.

Deretter fekk han svar på tiltale frå Fellesforbundet som vedtok at Noreg må bryte med det europeiske energisamarbeidet og la vere å «jatte med Brussel».

Dei store utanlandskablane til England og Tyskland er den utløysande årsaka til vedtaket om å gå ut av Acer, forklarte Forbundsleiar Jørn Eggum.

Støre: – Israel bryter folkeretten

– Som stor eksportør av gass er det viktig for Noreg å ha ryddige marknadsforhold og like konkurransevilkår, sa statsminister Jonas Gahr Støre då han talte til Fellesforbundets landsmøte sist veke.

Samsending med P2.

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 07 0,63 kr
Dyrest kl. 22 1,5 kr