Hopp til innhold

«Milliardærklubb» fryktar konkursar når Bybanen skal byggast. Men her skal det gravast uansett

Restauranteigarar og næringslivstoppar trur gravinga for Bybanen vil ta livet av bedriftene deira. Men 100 år gamle rør gjer at gatene blir gravne opp uansett kva som skjer.

Torget i Bergen, desember 2022

BYBANE PÅ VEG: Fire felt og to busslommer skal bli til to bybaneskinner og ein haldeplass i midten av Torget i Bergen. Det blir eitt sykkel- og bilfelt på kvar side av bybanetraseen. Haldeplassen på Torget blir det travlaste bybanestoppet i Bergen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Den lange byggefasen vil påføra oss store økonomiske tap og truga eksistensen til mange bedrifter, seier restauranteigar Tom Greni i oppslaget til Bergens Tidende førre veke.

Han og fleire andre i den sjølverklærte «milliardærklubben» på Torget og Bryggen er sterkt uroa for korleis bygginga av Bybanen til Åsane kan slå ut for dei.

No jobbar dei for å velte reguleringsplanen som er ute på høyring. Dei «nektar å gi opp tunnelløysinga» og skal arrangere støttekonsert, trykke t-skjorter og dele ut buttons.

Men graving kjem dei seg ikkje unna. Uansett om det skulle bli Bybanen i dagen eller i tunnel.

Debatten om Bybanen Dette bør du vite

Bybanen over Bryggen, illustrasjon fra 28.10.2021

Gravearbeid uansett

Årsaka er at det ikkje berre er Bybanen som blir ny når ein først grev opp sentrumsgatene frå Nedre Torgallmenningen til Bryggen. Det skal også leggast ned nye vatn- og avløpsrøyr, samt fjernvarme og bossug.

«Hovedtyngden av de belastende arbeidene for dagalternativet omfatter omlegging av teknisk infrastruktur der mesteparten uansett er modent for utskiftning. På sikt vil det derfor uansett måtte gjøres tiltak her».

Det skreiv Plan- og bygningsetaten i fjor haust. Då leverte dei sin anbefaling til byens politikarar, som etter mildt sagt mykje om og men landa på at Bybanen skal gå over Bryggen.

– Deler av vatn- og avløpsnettet er over 100 år gamalt. I mange område er ikkje separering av overvatn og kloakk gjennomført. Det må altså gjerast gravearbeid, også utan bybanen, seier prosjektleiar Solveig Mathiesen i fagetaten til NRK.

Bybanen over Bryggen, illustrasjon 2022 reguleringsplanen

Illustrasjon over korleis Bybanen over Bryggen vil bli. Henta frå reguleringsplanen som er ute på høyring hausten 2022.

Bybanen over Torget og Bryggen, kveldstid. Illustrasjon 2022

Illustrasjon over korleis Bybanen over Torget vil bli. Henta frå reguleringsplanen som er ute på høyring hausten 2022.

Bybanen over Bryggen, illustrasjon fra reguleringsplanen 2022

Illustrasjon over korleis Bybanen over Bryggen vil bli. Henta frå reguleringsplanen som er ute på høyring hausten 2022.

Bybanen over Bryggen, kveldstid, illustrasjon reguleringsplanen 2022

Illustrasjon over korleis Bybanen over Bryggen vil bli. Henta frå reguleringsplanen som er ute på høyring hausten 2022.

Uansett omfattande

Fagetaten i Bergen kommune har aldri lagt skjul på at anleggsfasen med bybanen i sentrum blir intens.

Arbeida vil vara i opp mot fem år.

  • Graving og oppgradering av gamle røyr, legge fjernvarme og bossug er venta å ta to-tre år.
  • Etablering av spor og nytt dekke vil truleg ta 1–2 år.

Plan- og bygningsetaten seier at alt anleggsarbeidet ikkje skal skje samstundes og presiserer at dei har krav på seg til at tilkomst til eigedomar er sikra.

Med bybanen på toppen blir oppgraderinga under bakken meir krevjande enn utan. Dette fordi ein vil unngå å legga kritisk infrastruktur rett under skinnene.

– Det vil verta mindre avansert utan bybanen. Men det vil framleis kunne innebera betydeleg anleggsarbeid og omfattande gravearbeid i sentrum, forklarer Mathiesen.

Tom Greni

VIL IKKJE HA BYBANEN: Restauranteigar Tom Greni på Torget vil ikkje ha bybanelinje gjennom byen.

Foto: Charlotte Haarvik Sanden / NRK

– Ingen kjem til å overleve

Tom Greni eig fleire restaurantar på Zachariasbryggen på Torget. Dei vil få bybanestoppet her som næraste nabo.

Til NRK forsikrar Greni at han er fullt klar over at det blir graving uansett. Han meiner graving for Bybanen vil gi større konsekvensar enn «vanleg» graving, fordi det kjem til å ta lenger tid.

– I serveringsbransjen er det ingen som kjem til å overleve. Vi kjem til å få graving heilt opp til inngangsdøra vår. På det første møtet med kommunen blei vi spurt om vi kunne få varelevering med båt, seier Greni.

Så fortel han om bedrifter andre stader i byen som ikkje har overlevd graving og nedlegging av nye røyr i gatene deira. Men for sin eigen del er han altså ikkje uroa for det.

– Viss dei berre skal skifte ut den gamle infrastrukturen, så skal vi klare det, meiner Greni.

– Du får eit bybanestopp i umiddelbar nærleik til restaurantane dine. Vil ikkje det gjera gravearbeidet verdt det?

– Nei. Vi får berre keisarens nye klede servert. Det er ikkje ein godbit. Fisketorget slik det er planlagd i reguleringsplanen vil vera ferdig, seier Greni.

Graving på Torget i Bergen.

2010: Slik såg det ut då Strandkaien vart graven opp i 2010. Det vart ikkje lagt noko bybaneskinner på toppen den gongen.

Foto: Arne Ellingsen

– Vil sabotere

Mikkel Grüner i SV meiner «milliardærklubben» har vikarierande motiv for å gå hardt ut mot gravearbeidet, når det skal gravast uansett.

– Kvar gong argumenta til Bryggen-motstandarane smuldrar opp, kjem dei med opp med nye. Kjernen i dette er at det er nokon som desperat prøver å sabotere banen til Åsane.

Han legg til at avbøtande tiltak for dei som har eigedom og næring på Torget og Bryggen ligg inne i avtalen som er bakgrunnen for det endelege vedtaket i bystyret.

– Så er det nokre detaljar som ikkje er heilt klare enno, men dei vil heilt sikkert få svar på sine spørsmål.

Mikkel Grüner, SV

Mikkel Grüner i SV.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Størst behov i Vågen

Sidan 2007 har den sokalla Graveklubben (BKK, Telenor, Bergen kommune/Bergen Vann og BIR) samarbeida for å unngå at den same sentrumsgata blir graven opp oftare enn naudsynt.

Kvar gong noko skal skje, samarbeider dei for at også fjernvarme, straum og bossug kan leggast ned i jorda i same slengen.

Det er naturleg å vere «på hogget» når det skjer anna utbygging av infrastruktur i byen. Når det gjeld bybaneutbygginga, er det for anlegga ved Vågen det er størst behov for fornying og omlegging, seier avdelingsleiar Hogne Hjelle i Bergen Vann.

Graveklubben har venta på kva som skal skje med Bybanen her. Blir ikkje reguleringsplanen for bybane over Bryggen vedteken, kan dei ikkje seie når dei byrjar å grave for å fikse røyra under bakken.

– Vi må planlegge og gjennomføre alternative løysingar. Kor lang tid dette vil ta er det vanskeleg å meine noko om før ein veit kva tekniske løysingar som blir valt, seier Hjelle.