Hopp til innhold

Reveleiting i tre fylke

Statens Naturoppsyn skal leite etter ein einsleg rev som stammar frå ein pelsdyrgard. Leitinga skal føregå i tre fylke, i utgangspunktet som å leite etter ei nål i ein høystakk.

Sølvrev

Ettersøkt: Ein tamrev på frifot.

Foto: Stig Kalsæg Sulland/NRK

Truleg held reven seg i Sogn og Fjordane fylke, eit stykke nord for Finse, men han kan og vere i Buskerud eller Hordaland.

Skal sette ut fjellrev

Det er viktig å fange den rømde tamreven, slik at han ikkje blandar seg med fjellreven, seier seksjonssjef Terje Bø i Direktoratet for naturforvaltning.

I eit brev frå direktoratet står det at det er registrert minst eitt individ av fjellrev med farmrev/hybridopphav nord for Finse. Med nært føreståande utsetting av fjellrev på Finse ser ikkje direktorratet anna løysing enn å prøve å fange reven, står det i brevet.

Fram til 1. desember kan folk i Statens Naturoppsyn jakte etter dyret som ikkje passar inn i faunaen, og leiteområdet omfattar altså tre fylke, Sogn og Fjordane, Hordaland og Buskerud.

Artikkelen held fram under kartet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Har ikkje rette genene

– Dei fjellrevane vi har i Norge har over veldig lang tid tilpassa seg eit miljø som det vi har her i landet, medan dei revane som er fødde og oppvaksne på ein revefarm ikkje har vore gjennom den prosessen. Dei får mat av eigarane sine.

– Tamrevane kan i enkelte tilfelle greie å overleve ute, men dei har ikkje dei genene og eigenskapane som ein vill fjellrev har, seier Terje Bø.

Vanskeleg før snøen kjem

– Men er det ikkje vanskeleg å finne ein rev i eit så stort område?

– Det er vanskelegare på berr mark enn om det er snø, for då er det ikkje spor å gå etter. Men som regel viser reven seg der det er mat, og då er det om å gjere å halde eit auge med dei stadene der det finst mat, seier seksjonssjef Terje Bø.