- Den fann ikkje akkurat den mest passande staden å gå i land. Det var ganske bratt og ulendt, så den kava ei stund før den endeleg kom seg opp i lyngen. Kalven sklei fleire gonger og fall ned att i sjøen, fortel Siv Karin Øvrebø frå Førde.
- Ville ikkje skremme
Saman med seks vener la Øvrebø utover Førdefjorden på måndagskvelden. Etter vel timen, utanfor Flokenes, la båtføraren merke til noko meir enn sola som spegla seg i den stille fjorden - og Øvrebø fekk høve til å ta i bruk sitt nye speglreflekskamera.
SJÅ BILETA:
- Då såg vi det som likna på ein dåhjort som symde i fjorden. Vi stogga båten og køyrde litt nærmare, men stogga då vi såg den vart skremd. Vi ville ikkje skremme den lenger utover fjorden, fortel Øvrebø.
- Eit utruleg syn
Hjorten som var mellom 20 og 30 meter frå land, la på sym mot dei næraste svaberga.
- Den prøvde å finne seg ein passande plass der han kunne kome seg i land. Han såg ganske redd ut, fortel Øvrebø. Etter om lag eit minutts kamp mot naturen forsvann hjorten inn i skogholtet - i solnedgangen.
- Det var eit utruleg spesielt syn. Eg har aldri sett liknande før og vart litt oppkava og ville ta mykje bilete med ein gang, ler Øvrebø.
Ingen rømling
Øvrebø er usikker på om kalven har kryssa fjorden. Flokenes er ikkje så langt i frå hjortesenteret på Svanøy. Anders Espeset ved hjortesenteret har heller ikkje tru på at det er tale om ein rømling.
- Det har skjedd at dyr har rømt frå senteret. Vi har den typiske "Bygstad-kolla" som legg på sym kvart år ho skal kalve. Men ho er på øya no. Hjortekalvar finn ein overalt no, seier Espeset.
- Kalvane er sky
Espeset meiner at det er 99,99 prosent sikkert at venegjengen såg ein hjortekalv og ikkje ein "bambi".
- Hjortekalvane har kvite prikkar, slik som dådyra har, fram til dei er tre månadar gamle. Men det er eit uvanleg syn å sjå kalvane i løpet deira tre første levemånadar. Då er dei ganske folkesky, seier han.
Hjortekalv med kveldsbad i solnedgangen.
Foto: Siv Karin Øvrebø