Hopp til innhold

Sender direkte frå ørnereiret

Direktesendt daglegliv i ein havørnfamilie, er den nye attraksjonen på Værlandet i Askvoll.

Ørnereir på Værlandet i Askvoll.
Foto: Gry Leite

Fredag før helga sette Informasjonssenteret for sjøfuglvern opp kameraet som formidlar dagleglivet til den hekkande havørnfamilien. Reiret er på hemmeleg stad for å verne om ørneparet.

- Vi har mykje ørner her, men vi veit ikkje kor mange reir som er her, fortel Gry Leite.

- Alvorleg kjekt

Kamera står kring 15 meter frå reiret. Bileta blir frakta på link dei kring fem kilometerane til kafeen i båthamna. Her kan publikum følgje dagleglivet til den vesle ørnefamilien på far, mor og unge, på ein stor TV-skjerm.

- Det er alvorleg kjekt å studere den majestetiske fuglen. Du kan sitte lenge og berre sjå på. Du kjem så nærme på at du ser kva mora gjev ungen. I går stod det makrell på menyen, fortel Leite.

150 000 kroner

Kameraet er montert opp i samband med Informasjonssenteret for sjøfuglvern som er under oppbygging på Værlandet. Montering og overføring frå reiret kom åleine på kring 150 000 kroner og blir ledd av utstillinga ved senteret. Kameraet er så godt kamuflert at det skal godt gjerast å sjå det, men bileta er av svært god kvalitet.

- I går såg vi endå til otrar i bakgrunnen som leika seg i stranda, seier Leite.

Kjem att år etter år

Det var ikkje tilfeldig at akkurat denne ørnefamilien vart vald ut. Det er ikkje første gang ein ørnefamilie blir følgd med kamera, men bileta er likevel ikkje anna enn fengslande.

- Reiret er temmeleg stort og mora kjem att år etter år, seier Leite og vedgår det var knytt stor spenning til monteringa. Først då ørna hadde slått seg til ro i reiret, og ørneungen var fire veker gamal, vart kameraet sett inn. Kameraet står kring 15 meter frå ørnereiret.

Sirkla under montering

Under monteringa vart det litt meir spennande, enn dei hadde håpa på, då ørna tok til vingene.

- Vi visste ikkje korleis ho ville ta det då vi sette opp utstyret. Vi hadde alt klart, så det var berre rett inn og montere det. Ho sirkla over medan det skjedde, men vart så vekke alvorleg mange timar. Men så kom ho att med mat og alt var som før, seier Leite og trur det var solcellene som skremde ørna.

Får namn

- Vi vonar dette vil trekkje mykje folk til Værlandet. Vi har fått ideen og tips frå eit tilsvarande prosjekt i Skottland. Det har vore utruleg populært, held Leite fram. Eit samarbeid mellom dei to sentra står på trappene med tanke på utveksling av bilete.

3. juli er det duka for offisiell opning. Då skal medlemane i ørnefamilien også få "namn".

Andre dyrehistorier:

Sjå havørna på glattisen

- Den var eit utruleg spesielt syn

Då Bambi besøkte Kjøsnesfjorden