Hopp til innhold

Karlsen sin herlege revansj sende Sogndal ned i førstedivisjon

RANHEIM (NRK): Michael Karlsen scora først målet som sikra ekstraomgangar, før han sette det avgjerande straffesparket som sende Ranheim opp i eliteserien.

Kvalifiseringskamp til Eliteserien 2018. Ranheim - Sogndal

REVANSJE: Målscorar Michael Karlsen på Ranheim.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

– Dette er fantastisk. Vi spelar ein kjempekamp og feier Sogndal av banen. Vi møter ein gjeng med heilproffe spelarar, og det er så vidt dei prøver. Dei bør kanskje gå i seg sjølv, seier målscorar Michael Karlsen.

Ranheim fekk straffe i sluttminutta og frå 11-meteren gjorde Michael Karlsen ingen feil. Scoringa sikra heimelaget 1–0 og ekstra omgangar. For Karlsen var det ein herleg revansj, etter at hans straffebom kosta Hødd sjansen til å rykka opp i 2015.

Då kampen gjekk til straffekonkurranse var det Karlsen som kunne avgjera, etter at Eirik Schulze bomma for Sogndal.

Denne gongen gjorde han ingen feil og sende Ranheim opp. Sogndal må ta den tunge turen ned i førstedivisjon.

– Eg var veldig sikker på å score. Eg har scora på alle straffene i år, så eg var sikker, og ikkje nervøs i det hele tatt, seier Karlsen.

Sogndal-trenar Eirik Bakke var ein skuffa mann etter kampen.

Kvalifiseringskamp til Eliteserien 2018. Ranheim - Sogndal
Foto: Ned Alley / NTB scanpix

– Vi har hatt ein tung sesong med mykje stong ut og mange skader. Og i dag rauk vi på straffe, og eit billig straffespark. Det er ikkje første gangen at dommaren avgjer kampen for oss, seier Bakke.

Ranheim-strenar Svein Maalen var høgt oppe.

– Dette er ein av dei største fotballopplevingane eg kjem til å ha. Vanskeleg å setje ord på det. Strategien var å spele Ranheim-fotball, og det lukkast, seier Maalen.

Kvalifiseringskamp til Eliteserien 2018. Ranheim - Sogndal

FORTVILAR: Sogndal sin Eirik Schulze har bomma på straffa.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

Langskot

Begge omgangane gjekk på same vis. Ranheim trilla ball og prøvde desperat å få scoringa dei trengde. Sogndal låg kompakt lågt i bana og brukte lang tid kvar einaste gong ballen var ute av spel.

Og kampens prestasjon stod Sogndal-keeper Mathias Dyngeland for. Aslak Fonn Witry fekk kjempetreff frå 20 meter etter 52 minutt og ballen var på veg i målet, men ein lang arm frå fekk slått ballen via stolpen og ut.

Ti minutt seinare var Kristoffer Løkberg frampå med eit godt langskot, men nok ein gong gjekk ballen så vidt utanfor mål. Og Løkberg heldt fram med å forsøke seg frå distanse. Eit drygt kvarter før slutt prøvde han lukka igjen. Denne gongen gjekk skotet rett over.

Kvalifiseringskamp til Eliteserien 2018. Ranheim - Sogndal

TRAVEL: Sogndal-keeper Mathias Dyngeland hadde ein travel kveld på jobb.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

Ranheim best

I første omgang var det heimelaget som styrte kampen og hadde det meste av spelet. Nærast scoring kom Daniel Kvande på eit langskot frå 25-meter som gjekk rett utanfor krysset.

Sogndal si største sjanse kom etter sju minutt då ein umarkert Eirik Schulze fekk ballen på bakre stolpe etter eit frispark. Men han fekk dårleg treff og ballen gjekk utanfor.

Den første kampen mellom laga vart spelt på onsdag denne veka. Det enda med 1–0 siger til Sogndal, men Ranheim var fult på høgde med laget frå eliteserien.

Kvalifiseringskamp til Eliteserien 2018. Ranheim - Sogndal

GLOSER: Målscorar Michael Karlsen (nummer 22) kjem med nokre gloser til Sogndal-keeper Mathias Dyngeland. Gjennom heile kampen brukte Sogndal-keeperen lang tid på alle utspark, til heimelaget sin store frustrasjon.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix