Hopp til innhold

Bakke: – Vi skal raskt tilbake til Eliteserien

Sogndal-trenar slår ring rundt Eirik Schulze etter straffebommen for Sogndal.

Schulze

STRAFFEDRAMA: Ranheim avgjorde kampen på straffekonkurranse etter straffebom av Eirik Schulze.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

– Han var både fysisk og mentalt langt nede i kjellaren i går, men sånn er straffespark. Det blir ofte ein som må bomme, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Det er «dagen derpå» for Sogndal etter at Ranheim sende laget ned i førstedivisjon. Sogndal-spelar Eirik Schulze fekk det ekstra tungt etter at han bomma på straffe.

– Han er ein tøff gut vi vil få sjå mykje av i framtida. Eg veit sjølv kor tøft det er å bomme. No skal vi bygge han opp att, seier Bakke.

Fast heiagjeng tok til tårene

Bakke har fått fleire telefonar og meldingar etter at Sogndal no må ta steget ned i førstedivisjon.

– Det varmar godt å sjå alle som bryr seg om laget. Det var spesielt tungt med gutane frå Vik som tok til tårene på laurdag. Det gjer vondt i hjartet, men det i motgang vi treng folk som bryr seg om klubben.

Bakke

BAKKE: – DETTE GÅR BRA: Eirik Bakke måtte trøyste unge supporterar.

Foto: KJARTAN OVESEN / NRK

Dei unge gutane frå Vik er på alle heimekampane til Sogndal, og Sogndal-trenaren prøvde å trøyste dei så godt han kunne.

– Fotball er brutalt. Det å vere fotballsupporter må vere noko av det hardaste ein kan vere. Oppturar og nedturar er dessverre ein del av det å vere Sogndal-supporter. Gutane frå Vik fortener at vi er i Eliteserien.

Kva sa gutane til deg?

– Dei var ikkje nøgde med dommaren. Då er vi fleire, ler Bakke.

– Vi skal raskt tilbake til Eliteserien

No skal trenaren og spelarane koste av seg skuffelsen etter det sure nedrykket. Bakke har eitt mål for auge.

– No skal vi legge gode planar. Vegen vidare blir alt anna enn lett, men vi skal raskt tilbake i Eliteserien.

Kva tenker du om dei som meiner at du må gå av som trenar?

– Det er sånn det skal vere etter eit nedrykk. Eg er klar for å jobbe vidare og er rett mann for jobben. Hadde vi vunne, så ville eg vore helt. No er eg syndebukk. Sånn er berre fotballen, seier Bakke.

Det gjekk ei kule varmt etter kampslutt på laurdag. Bakke gjekk til frontalangrep mot Ranheim.

– Det står eg for. Eg har aldri vore på ein fotballarena der både spelarane og eg har møtt så lite respekt, seier han.

No må laget innstille seg på ny divisjon og nye lag. Til våren ventar blant anna oppgjer mot Florø.

– Vi har nokre tap vi skal revansjere mot Florø. Dei oppgjera kjem når dei kjem. Hovudet mitt er ikkje kopla på at vi skal ned ein divisjon, seier Bakke.

Trener Eirik Bakke i Sogndal

RASANDE: Sogndal-trenar Eirik Bakke var rasande på oppførselen til Ranheim sine spelarar og trenarar etter kampen på laurdag.

Foto: Kjartan Ovesen / NRK