Hopp til innhold

Eirik (24) vart Sogndal-spelar i ein fei

SOGNDAL (NRK): – Eg visste om interessa frå før jul og då Sogndal vart samde med Sandnes Ulf, så kunne eg ikkje takke nei til moglegheita.

Erik Schulze

KJEKT: – Det er godt å komme i gang og sjå korleis det fungerer, kva planer dei har og å bli kjent med gutane, seier Eirik Schulze (t.h.) etter si første treningsøkt med nye lagkameratar i Sogndal Fotball. Frå før har han tre innhopp i eliteserien for Viking.

Det seier Sogndal sin nye midtbanespelar, Eirik Schulze, etter å ha gjennomført si første treningsøkt med sine nye lagkameratar.

– Eg var under kontrakt med Sandnes Ulf og var budd på å spele der, men det var veldig freistande å prøve seg då Sogndal kom på bana, seier 24-åringen.

Tilbake i toppen

Bendik Bye

TRØNDER: Bendik Bye har bøtte inn mål for Levanger siste sesongane. I år spelar 26-åringen for Sogndal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Midtbanespelaren frå Mandal ser lagkameratane tusle i garderoben etter si første økt etter ferien. Sørlendingen er saman med angrepsspelarane Kasper Nissen og Bendik Bye dei einaste nye fjesa i stallen.

Om ein ser vekk frå Ørjan Hopen, som trenar med gamleklubben for å halde seg i form til ein ny klubb dukkar opp. Schulze har eit godt inntrykk av nyeklubben.

– Sogndal er profesjonelle, med mykje moderne utstyr og moglegheiter for å ta endå steg om ein blir så god. Men primært ynskjer eg å spele tippeligaen igjen, seier Schulze.

Mange er borte

Ta nye steg er det mange Sogndal-spelarar som har gjort om ein skrur tida eitt år tilbake. Borte er Petter Strand, Babacar Sarr, Hannu Patronen, Mahatma Otoo, Rune Bolseth, Ruben Holsæter og Jukka Raitala.

I tillegg er Gilbert Koomson på veg til amerikansk fotball. Trenar Bakke meiner ikkje at Sogndal er veldig svekka sidan i fjor.

– Spelarane vi har fått inn er gode, og det kjem fleire. Dessutan bankar Johan Hove, Edin Øy, Simen Brekkhus og Fredrik Flo på døra. Eg trur vi samla sett blir eit betre lag, seier han.

Første trening for Sogndal

PIGGE: Trenar Eirik Bakke (i midten) var godt nøgd med første treninga for året. – Det er ein pigg og god gjeng, seier han og konstaterer at spelarane ikkje har ligge på latsida gjennom ferien.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Nye steg

– Spelargruppa er blitt mykje yngre med dei nye spelarane. Dessutan har vi meir på stell no enn på same tid som i fjor. Vi er fleire på trening og veit litt meir om kva som ventar etter eit år i Tippeligaen, held Bakke fram.

Sogndal vart nummer 11 i fjor. Bakke meiner det er for tidleg å legge lista for årets sesong. Allereie meiner bettingselskapa at Sogndal vil berge plassen.

– Vi kunne like gjerne blitt nummer ti eller ni fjor, men vi ynskjer å byggje vidare på det vi gjorde i fjor og hamne så høgt som mogleg. Det er lettare å svare på det når det nærmar seg seriestart. Enn så lenge får spelarane gjere praten med beina, humrar han.

Rune Bolseth

TRENAR: Rune Bolseth har lagt fotballskoa på hylla, men er saman med jølstringane Trond Vegar Ripe og Knut Øystein Ripe nye i støtteapparatet til Sogndal Fotball.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Spent

Ein som gjerne vil la beina snakke for seg, er 24-årige Schulze. Med bakgrunn frå Mandalskameratene, Viking, Strømmen og Sandnes Ulf, er det ikkje første gang han er ny i ein klubb.

– Det blir ein tøff sesong, men no handlar det om å komme i form. Så får vi ta resten etter kvart som sesongen nærmar seg, smiler han.