Hopp til innhold

«Celina»-pæra skulle redde pæreproduksjonen i Sogn, men «ingen» vil ha ho

Fruktbønder blei lokka til å dyrke nyutvikla pæresort, men Noregs største fruktdistributør Bama vel heller utanlandske pærer.

Celina-pære

REDNINGSPÆRA? Den raude pæra «Celina» skulle redde norsk pæreproduksjon, men fruktbøndene i Indre Sogn er ikkje heilt nøgde med korleis pæra har blitt tatt i mot.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg må innrømme at eg blir fortvila når eg leverer ei perfekt pære, men så går ho ikkje ut i marknaden.

Fruktbonde Aud Halland Molvik på Leikanger ved Sognefjorden har perfeksjonert dyrkinga av pæra «Celina».

Aud Halland Molvik, Celina-produsent på Leikanger

Pærebonde Aud Halland Molvik ser utover pærefeltet på Leikanger i Sogn.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Norsk pæreproduksjon har lenge vore forsvinnande liten samanlikna med anna frukt.

Den raude pæra «Celina» skulle gi nytt håp til dei som helst ville kjøpe norsk frukt i butikkane – og dei som ville produsere ho.

Satsinga blei lagt fram som eit vere eller ikkje vere for norsk pæreproduksjon.

– Viss ikkje denne satsinga lukkast, trur eg det blir vanskeleg å få norske fruktdyrkarar til å plante nye sortar, sa forskar Mekjell Meland ved NIBIO for fem år sidan.

Men Noregs største fruktdistributør Bama har ikkje heilt fått smaken på redningspæra.

I Sogn blir frukta selt vidare til butikkane via Bama. I haust skal dei berre selje rundt 130 tonn av pæra.

I fjor blei det totalt sett selt nesten 14.000 tonn pærer. 3,5 prosent av frukta var norsk, ifølge tal frå Frukt og grønt.

Same år var nokre av «Celina»-pærene frå Sogn så lenge på lager at dei var dårlege innan dei kom i butikken.

– Eg gir ikkje opp endå, men det må skje ei forandring i sal i marknaden for at produsentane skal halde ut, seier Molvik.

Aud Halland Molvik, Celina-produsent på Leikanger

Aud Halland Molvik gjer pæretrea klare for våren.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Les også «Celina» skal redda den norske pæreproduksjonen

Et mindre pære

Kommunikasjonsrådgjevar Pia Gulbrandsen i Bama viser til at vi et mindre pærer her til lands.

– Det norske pære-forbruket er dessverre på veg nedover, i tråd med den europeiske trenden, skriv ho i ein e-post.

Ho vil ikkje kommentere saka meir.

Styreleiar Endre Kleiveland i Sogn frukt og grønt meiner at det er rom for meir norskproduserte pærer, særleg med tanke kor mykje av pærene som kjem frå utlandet.

– Pærer er ei frukt som går fint an å dyrke i Noreg. Då er det heilt logisk for meg at vi produsere det som går an å produsere i Noreg.

Pærer

Mykje av pærene vi et i dag er den importerte pæra «Conference».

Foto: Simon Skjelvik Brandseth

– Sterk aukande mat-usikkerheit

Hildegunn Norheim, leiar av kart og statistikk-divisjonen i NIBIO, synest det er trist at importpæra blir prioritert framfor den norske.

Der vi har potensial til å produsere meir frukt og grønt på eigne areal bør vi gjere det i større grad.

I Noreg produserer vi rundt 40 prosent av maten vi et sjølv.

Resten kjøper vi frå utlandet.

Kor mykje mat vi skal dyrke i Noreg har blitt endå meir aktuelt på grunn av mellom anna krigen i Ukraina, koronapandemien og klimaendringar.

Det er sterkt aukande mat-usikkerheit globalt. Mat og energi er våpen i geopolitiske konfliktar, seier Norheim.

Ho viser til at Noreg har låg sjølvforsyning på matkorn, proteinrike fôrvarer, sukker, frukt, bær og grønsaker. Det betyr at vi må produsere meir av dei produkta som det er mogeleg å produsere i Noreg.

Noreg treng ei grundig analyse av matsikkerheit og forsyningsrisiko. Vi må beskytte jordressursane og ta vare på bøndene.

Lys pæreframtid i Hardanger

Ved ein annan fjord på Vestlandet har mottakinga av «Celina»-pæra vore heilt motsett enn i Sogn.

Fruktbonde Petter Sexe Ulriksen i Ullensvang i Hardanger skulle ønske han hadde planta endå meir av «Celina».

– «Celina» er ikkje ei lagringspære, men det gjer ikkje noko. Alt vi produserer forsvinn på null-komma-svjis.

I Hardanger er det mange som satsar på den raude pæra. Ulriksen forstår ikkje at dei bremser opp i Sogn.

Petter Sexe Ulriksen, fruktbonde i Hardanger

Fruktbonde Petter Sexe Ulriksen i Hardanger kunne ønske han planta endå meir av «Celina»-sorten.

Foto: Tale Hauso / NRK

I Ullensvang blir frukta selt vidare til Coop, ikkje Bama.

Produktsjef Una Haug Andersen i Coop fortel at dei stoppar import av utanlandske pærer for å selje ut dei norske pærene.

I fjor var importstoppen på fire veker.

Ho fortel at dei opplever auka bestillingar frå butikkane og ein liten auke i sal når dei tilbyr norsk pærer.

Les også Pærer frå Leikanger tek verda med storm