Hopp til innhold

«Celina» skal redda den norske pæreproduksjonen

Forska fram i Leikanger i Sogn med mål om å redda norsk pæreproduksjon: Denne raude pæra kan bli eit vera eller ikkje vera for norske pærer i butikkhyllene.

Celina-pære

REDNINGSPÆRA? «Celina» kan vera redninga for norske pærer. Eller så kan det bil det siste forsøket på å få norsk pæreproduksjon av noko særleg volum.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Om ei veke byrjar Gunvor Lidal på Slinde i Sogndal å hausta årets avling av den nye pæresorten ho planta i fruktåkeren sin for tre år sidan. Til skilnad frå andre pærer som er meir vanlege her til lands, er desse knallraude i fargen.

– «Celina» er ei knakande god pære, og den skil seg ut i butikken, seier Lidal.

Gunvor Lidal

FRUKTBONDE: Gunvor Lidal på Slinde i Sogndal håpar å få ei avling opp mot 10 tonn på sikt.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Vera eller ikkje vera

Norsk pæreproduksjon blir forsvinnande liten samanlikna med anna frukt. I 2015 vart det produsert 122 tonn pærer i Norge, og det har gått nedover dei siste åra. Til samanlikning vart det produsert 5358 tonn eple same året.

Men den raude pæra, som har fått namnet «Celina», gir nytt håp til dei som helst vil kjøpa norsk frukt i butikkane.

– Det er «Celina» me har tru på. Det er planta mellom 20.000 og 30.000 tre, hovudsakleg på Vestlandet. Den har ein tiltalande farge og smakar godt, så det er ei pære med potensial, seier Mekjell Meland, seniorforskar ved Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO).

Frukthage på Slinde i Sogndal

BÊR FRUKTER: Frukthagen på Slinde er «Celina»

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det er på tredje året i dyrkinga av den raude pæresorten. Meland forskar blant anna på korleis trea kan gi best avling, kva type pollen som er best å befrukta dei med og andre ting, for å gi størst mogleg avling.

– Viss ikkje denne satsinga lukkast, så trur eg det blir vanskeleg å få norske fruktdyrkarar til å planta nye sortar, seier Meland.

– Kan bli større enn dagens produksjon

Jens Terje Hammarvoll

HÅPAR PÅ 200–300 TONN: Jens Terje Hammarvoll, dagleg leiar i Sognefrukt, håpar «Celina» vil gi 200–300 tonn i løpet av nokre år.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Pæresorten er forska fram i Leikanger av Graminor og Njøs næringsutvikling, og det er Sognefrukt som eig prosjektet. Sognefrukt står for om lag ein tredel av foredlinga av norske pærer til konsummarknaden.

– Om det går slik me håpar, så kan det bli fleire tonn «Celina» i framtida, enn det den totale, norske pæreproduksjonen er i dag, seier Jens Terje Hammarvoll, dagleg leiar i Sognefrukt.

Han trur at dei i løpet av nokre få år kan hausta mellom 200 og 300 tonn raude pærer. På Slinde, rett over kommunegrensa til Sogndal, håpar fruktbonde Gunvor Lidal at ho om nokre år kan hausta ti tonn av den nye sorten.

– Eg er ein av tullingane som har tru på pæra, men no håpar eg at eg får opp ein god produksjon som gir meg det eg har lyst å få ut av jorda mi, seier ho.