Hopp til innhold

«Absurd ny regel» sender danske legar heim frå Noreg

Andreas og familien ville helst bli verande i Noreg, men ny regel gjer at dei no har reist attende til Danmark.

Andreas Stoklund Riis

LIKTE NOREG: Andreas Stoklund Riis har flytta tilbake til Danmark som følgje av regelendringa. – Vi ville helst bli i Noreg, seier han.

Foto: Privat

LIKTE NOREG: Andreas Stoklund Riis har flytta tilbake til Danmark som følgje av regelendringa. – Vi ville helst bli i Noreg, seier han.

Foto: Privat

Måndag fortalde NRK om eit dansk legepar i Sogn som «må pakke og reise» på grunn av ein regelendring som seier at den som er utdanna i utlandet og vil starte som lege i spesialisering i Noreg, først må gjennomføre norsk turnus.

Dei som byrja å jobbe i Noreg innan fristen – som vart sett til 1. mars 2019 – slepp unna.

I det danske legeparet sitt tilfelle betyr det at trebarnsmora Annika – som var gravid i mars 2019 – må vere vekke frå ungane i meir enn eitt år. Som ein konsekvens vel familien då i staden å flytte attende til Danmark.

NRK har også vore i kontakt med den danskfødde legen Andreas Stoklund Riis, som flytta tilbake til Danmark som følgje av regelendringa.

Vi likte oss i Kragerø og eldstedottera på seks snakka allereie flytande norsk. Men regelendringa gjer at eg må vere vekke frå familien i halvtanna år, og det vil eg ikkje.

Absurd i den situasjonen Noreg er i

NRK har dei siste dagane snakka med fleire som kallar regelendringa «eit paradoks» og «det godes fiende» gitt den norske fastlegemangelen.

Dette er absurd og eit eksempel på at styresmaktene ikkje forstår kva det er å bruke skjønn, eller sunn fornuft, seier Jørgen Skavlan, også kjent som «Noregs mest populære fastlege».

Han legg til at den danske utdanninga og turnustenesta er «heilt på linje med den norske».

At den danske turnustenesta ikkje vert godkjent er nesten absurd i den situasjonen primærhelsetenesta er i, seier han.

I alt er det 130.000 nordmenn som manglar fastlege, og halvparten av kommunane seier at dei har store utfordringar med å skaffe nok helsepersonell.

Jørgen Skavlan

ABSURD: – Dette er absurd og eit eksempel på at styresmaktene ikkje skjønner kva det er å bruke skjønn, eller sunn fornuft, seier Jørgen Skavlan.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Innført for å heve kompetansen

Eg ønsker å understreke at denne situasjonen ikkje har oppstått fordi det er tvil om kvaliteten på dei danske medisinutdanningane, svarer helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) på eit skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Silje Hjemdal, som har engasjert seg i saka.

Til NRK seier avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, Randi Moen Forfang, at krava til spesialisering vart innført for å heve kompetansen sidan kommunane må yte meir komplekse helse- og omsorgstenester.

Ho legg til at det vert jobba med å forlenge perioden for tilsetting av vikarar i kommunane.

Otto Christian Rø, styreleiar i Noregs kristelege legeforeining, seier til NRK at den nye regelen «på sikt vil kome pasientane til gode, sjølv om enkelttilfelle vil slå uheldig ut for legedekninga».

Vi har ikkje råd til å stille slike formalkrav, seier Jan Helge Dale, som er kommuneoverlege i Kinn.

Det same seier kommuneoverlegen i Sunnfjord, Øystein Furnes:

Her blir det beste det godes fiende. Ei endring i dette regelverket vil vere svært viktig for mange kommunar, seier han.

Ingvild Kjerkhol

IKKJE KVALITETEN: – Eg ønsker å understreke at denne situasjonen ikkje har oppstått fordi det er tvil om kvaliteten på dei danske medisinutdanningane, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Ein svært uheldig praksis

Kristin Kornelia Utne er leiar i Yngre legars foreining og sit i Legeforeningens sentralstyre.

Ho kallar endringa «ein svært uheldig praksis» og legg til at KBU i Danmark burde bli godkjent på linje med LIS1-tenesta (sjå faktaboks).

Da vil legane frå Danmark berre måtte gjennomføre seks månader teneste i allmennmedisin før dei kan byrje vidare spesialisering i Noreg. No må desse legane gjennom eit dobbeltløp, eit paradoks i ein situasjon kor vi har for få spesialistar i Noreg.

Kristin Kornelia Utne

SVÆRT UHELDIG: Kristin Kornelia Utne i Yngre legars foreining kallar endringa «ein svært uheldig praksis».

Foto: Michaela Klouda / Yngre legers forening

Nils Kristian Klev er leiar i Allmennlegeforeningen.

Turnustenesta i Danmark er svært lik det første året av LIS1 i Noreg og burde etter vårt syn godkjennast slik at det ikkje må takast på nytt i Noreg, seier han.

Han legg til:

Vi har avgrensa kapasitet LIS1-plassar og bør ikkje bruke de på legar som allereie har fått denne kompetansen.

Lill Sverresdatter Larsen er forbundsleiar i Norsk Sykepleierforbund.

Vi stiller oss bak uttalen til Allmennlegeforeningen, seier ho.