Hopp til innhold

Ny regel gjer at dansk legepar må pakke og reise

Både Annika og Andreas har full dansk legeutdanning og turnusteneste. Ny regel gjer at berre den eine får jobbe som fastlege i Noreg.

Familiebilete med Andreas og Annika Dyrkjær, legeektepar i Luster.

USIKKER FRAMTID: Legeekteparet Andreas og Annika Dyrkjær risikerer å måtte flytte frå Luster kommune i nær framtid.

Foto: Privat

I alt er det 130.000 nordmenn som manglar fastlege, og halvparten av kommunane seier at dei har store utfordringar med å skaffe nok helsepersonell.

I Luster i Sogn var det difor stor glede då eit dansk legepar kom flyttande.

Annika og Andreas Dyrkjær vart lokka av naturen og ein draum om å bu landleg til, og slo rot. I dag jobbar begge på det lokale legekontoret, medan tre born går på skule og i barnehage.

Men familien var ikkje lenge i paradis.

For no gjer ei regelendring at familien truleg må pakke og flytte attende til Danmark.

– Det er svært frustrerande, seier Annika.

Annika Dyrkjær

ØNSKER Å BLI: Norske kommunar slit med stor mangel på legar. Annika Dyrkjær ønsker å bli verande i Luster.

Foto: Privat

Regelendringa seier at den som er utdanna i utlandet og vil starte som lege i spesialisering, først må gjennomføre norsk turnus.

Det gjekk fint for Andreas, sidan han byrja å jobbe i Noreg innan fristen, som vart sett til 1. mars 2019.

For Annika er historia annleis. Ho gjekk høggravid på same tid og rakk ikkje å jobbe før det nye regelverket kom til.

Om ho skal stette dei nye krava, må ho fyrst gjennomføre full norsk turnusteneste (LIS1). I praksis betyr det å vere vekke frå Luster i meir enn eitt år.

For trebarnsmora er dette umogleg å få til, seier ho.

Fortvilar over legemangel

Også norske medisinstudentar i Danmark har reagert på dei nye reglane, som gjorde at dei måtte ta turnusteneste både i Danmark og Noreg.

Etter press frå fleire hald snudde Helsedirektoratet i fjor sommar.

Sidan har handsaminga av søknadane blitt utsett fleire gonger, seinast like før jul.

I Luster er kommuneoverlegen fortvila over dei nye reglane.

– Vi står i fare for å miste eit dyktig legeektepar, seier Knut Cotta Schønberg.

Han legg til:

– Alle er samde om at vi må løyse fastlegekrisa, men så snublar vi på dette. Det er absurd, seier kommuneoverlegen.

Har undersøkt moglegheita for unntak

– Vi er klar over problemstillinga, svarar avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, Randi Moen Forfang.

Krava til spesialisering vart innført for å heve kompetansen sidan kommunane må yte meir komplekse helse- og omsorgstenester.

Ho legg til at det vert jobba med å forlenge perioden for tilsetting av vikarar i kommunane.

For familien Dyrkjær kan det likevel vere for seint.

Annika har undersøkt moglegheita for å søke om unntak, altså at ho kan gå inn i ei fastlegestilling med den kompetansen ho har.

Men svaret frå Helsedirektoratet er nedslåande.

I staden oppfordrar saksbehandlar henne til å søke om norsk turnusteneste (LIS1) før fristen går ut – det Annika sjølv kallar dobbel turnusteneste.

Annika og Andreas Dyrkjær, legar i Luster.

POPULÆRE: Legeekteparet får beste skottsmål både frå kommuneoverlege og pasientar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ordførar har sendt brev

Som eit siste forsøk har kommuneoverlege og ordførar i Luster sendt brev til Helsedirektoratet, der dei søker om fritak.

Senterparti-ordførar Ivar Kvalen seier han kjem til å bruke «alle kanalar» for å forsøke å få til ei løysing.

– Det er veldig alvorleg for oss. Her har vi rekruttert to dyktige legar som vil vere her. Då må vi klare å løyse byråkratiske hindringar for å få dette på plass.