– Høge bompengesatsar vil redusera trafikken. Det påverkar sjølvsagt kor samfunnsnyttig det er å byggja til dømes Hordfast.
Det seier forskar Morten Welde ved forskingsprogrammet Concept på NTNU.
Han og tre andre forskar står bak ein fersk rapport om konsekvensane av at bompengar sjeldan blir rekna med når vegprosjekt blir planlagt.
Historias dyraste veg
– Då blir samfunnsøkonomisk lønsemd framstilt uriktig, og i dei fleste tilfella overvurdert.
OVERVURDERT: Samfunnsnytten blir overdriven i dei fleste tilfella når bompengar ikkje blir tatt med i reknestykket, meiner forskar Morten Welde i Concept/NTNU.
Foto: NRK– Spesielt langs kysten og i prosjekt med høge bompengetakstar og mykje lokaltrafikk kan bompengar føre til at samfunnsnytta kan bli meir enn halvert.
Fjordkryssingsprosjektet Hordfast mellom Stord, Tysnes og Os er den dyraste biten i planen om noregshistorias største og dyraste vegsatsing – ein ferjefri kyststamveg langs E39 mellom Stavanger og Trondheim.
Forventa kostnad for Hordfast åleine har blitt meir enn dobla frå 19 til 43 milliardar kroner på fem år. I den gjeldande Nasjonale transportplanen er utgangspunktet at staten berre skal betala 21 av desse milliardane. Men Stortinget har ikkje vedtatt at Hordfast skal byggjast.
– Langt frå verkelegheita
Den statlege kommunedelplanen for den planlagde motorvegen og bruene er nå ute på høyring, med høyringsfrist 20. januar.
– Det er eit paradoks at dei ikkje tatt omsyn til kva konsekvensar bompengane vil ha for trafikkmengda og nytta av Hordfast. Dei baserer trafikantnytten på full statleg finansiering, og det er jo langt frå verkelegheita, seier Welde.
DYR TUR: Utbygginga av firefelts motorveg og to bruer over Langenuen (biletet) og Bjørnefjorden kan krevja svært høge bompengetakstar.
Foto: Statens vegvesen– Korleis trur du trafikkutviklinga på Hordfast vil bli?
– Det er todelt. Der er mykje gjennomgangstrafikk og næringstrafikk som er mindre påverka av bompengar.
Les òg:
– Blir lite pendling
Det har blitt antyda kanskje opp mot 500 kroner per passering for personbilar.
– Skulle det bli veldig høge takstar er eg overtydd om at det blir veldig lite pendling, til dømes mellom Stord og Os.
Utan å ta omsyn til bompengeeffekten har Vegvesenet rekna ut at netto nytte for Hordfastprosjektet blir åtte prosent av kostnaden på 43 milliardar når ein teoretisk fordelar nytta over 40 år.
Les meir:
HORDFAST: Statens vegvesen tilrår den midtre traséen (B, markert i grøn) med bru frå Raunholmen på Stord til Nese på Tysnes og bru frå Kaldafoss på Reksteren til Søre Øyane i Os.
Foto: Statens vegvesen– Veldig nyttig
– Samfunnsnytten av Hordfast er veldig god, seier Vegvesenet sin prosjektleiar Signe Eikenes.
IKKJE NØDVENDIG: Prosjektleiar Signe Eikenes meiner dei ikkje treng å rekna med bompengeeffekten endå.
Foto: Privat– Det er ei stor, men veldig nyttig investering.
– Kvifor er bompengar haldne utanfor analysane?
– Me kan ikkje berre stipulera effekten når det ikkje er gjort vedtak om bompengenivået.
Welde meiner derimot eit anslag både bør og kan vera med i analysane, fordi bompengar samla sett finansierer ein tredel av veginvesteringane i Noreg.
– For å samanlikna dei ulike traséalternativa har det for så vidt ikkje hatt noko å seia om me reknar med eller utan bompengar, seier Eikenes.
– Blir nytta overvurdert når ein ikkje har med bompengar?
– Nytta for staten blir på ein måte større, men nytta for totalsamfunnet blir vel mindre, seier Eikenes.
- Meir om Hordfast: