Hopp til innhold

Nektar å ta nye ferjer med i ferjefri-regnestykket

Nye miljøvennlege ferjer burde sett ein stoppar for Noregs dyraste vegprosjekt over Bjørnafjorden, meiner Norges Miljøvernforbund. Det avviser Vegvesenet fullstendig.

Ferjefri E39

LUFTSLOTT? Ny bru på E39 over Bjørnafjorden er eit gigantprosjekt verda ikkje har sett makan til. Med ein prislapp på over 43 milliardar kan det bli Norges dyraste vegprosjekt nokon sinne.

Foto: Statens vegvesen (illustrasjon)

– Realiseringa av Hordfast er meir usikker enn nokosinne. Derfor er det kritikkverdig at Statens vegvesen unnlét å oppdatera kost/nytte-analysen av ferjealternativet.

Det meiner leiar Kurt Oddekalv i Norges Miljøvernforbund.

Kurt Oddekalv

KREV FERJEVURDERING: Leiar Kurt Oddekalv i Norges Miljøvernforbund.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

NRK avslørte i sommar ein ny kostnadssprekk som aukar kostnaden for det planlagde vegprosjektet mellom Stord og Os til 43 milliardar kroner.

Nyleg fortalde NRK at sambandet Halhjem-Sandvikvåg får fleire ferjer og hyppigare avgangar frå og med 2019, når ferjeselskapet Torghatten Nord får overta drifta etter Fjord1.

Men samstundes blir det fem minutt lenger overfartstid for å redusera drivstoffbruken og luftforureininga kraftig.

– Behald ferja

– Den dramatiske kostnadsutviklinga for Hordfast-planane sidan 2011, samtidig som ferjetilbodet blir betre, talar for framleis ferjedrift heller enn ei gigantisk vegutbygging, meiner Oddekalv.

Hordfast alternativer

I STADEN FOR FERJE: Vegdirektoratet føreslår at den vestlegaste gule traséen skal erstatta ferjene mellom Halhjem (Os) og Sandvikvåg (Stord)/Våge (Tysnes).

Foto: Statens vegvesen

I fjor etterlyste Fylkesmannen i Hordaland ei oppdatert nytte-analyse:

«Fylkesmannen saknar eit alternativ som nyttar dagens trase, men med auka kapasitet og frekvens på ferjesambandet mellom Halhjem og Sandvikvåg. (..) Dette bør utgreiast og vil også vera nyttig for ei vurdering om og eventuelt når det i tid vil kunne være lønnsamt å realisere Hordfast.»

20. september i år leverte Samferdsledepartementet Statens vegvesen sitt endelege planforslag for Hordfast til Kommunal- og regionaldepartementet som skal senda planen på høyring.

– Ferja er silt vekk

Der avviser vegvesenet å oppdatera nyttevurderinga av utvida ferjetilbod: «Eit alternativ 0+ meiner vi ikkje er rett å ta inn igjen.»

Også statssekretær Tom-Christer Nilsen i Samferdsledepartementet avviser Fylkesmannens krav:

– Det står han fritt til å meina, men ferjealternativa er silt vekk.

Nilsen meiner hyppigare ferjeavgangar vil gi auka nytte for Hordfast, fordi det gjer ferjealternativet dyrare.

Tom-Christer Nilsen

IKKJE AKTUELT: – Ferjealternativa er silt vekk, seier statssekretær Tom-Christer Nilsen i Samferdsledepartementet.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Heller ikkje reduserte utslepp vil gjera ferjealternativet betre enn vegalternativet. Utsleppa er ikkje ein vesentleg del av kost-nyttevurderingane.

Har ikkje rekna på nytt

Prosjektleiar for Hordfast i Statens vegvesen, Signe Eikenes, seier deira oppdrag er å samanlikna Hordfast med dagens ferjetilbod.

Signe Eikenes i Statens Vegvesen region Vest

– HORDFAST ER NYTTIG: Prosjektleiar Signe Eikenes i Statens vegvesen seier prosjektet er nyttig uansett om ferjetilbodet blir forbetra.

Foto: Privat

– Hadde me rekna på det forbetra framtidige ferjetilbodet, trur me uansett forskjellane ville blitt marginale. At Hordfast framleis er nyttig, er sikkert.

– «Fair enough»

Fylkesmann Lars Sponheim kommenterer slik at Vegdirektoratet ikkje tar til følge kravet om å analysera nytta av eit forbetra ferjetilbod:

– Nokre gonger får me gjennomslag – andre gonger ikkje. Det er «fair enough», meiner Sponheim.

LArs Sponheim på kontoret

– GREITT NOK: Fylkesmann Lars Sponheim godtar at han ikkje får viljen sin om oppdatert ferjeanalyse.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Statssekretær Nilsen seier likevel at Torghattens ferjetilbod i perioden 2019-2026 vil bli samanlikningsgrunnlaget i den endelege kost/nytte-vurderinga før Stortinget godkjenner Hordfast.

– Positivt uansett

– Men det vil ikkje påverka konklusjonane vesentleg. Trass i kostnadsauken er Hordfast eit veldig viktig prosjekt.

Oddekalv i Miljøvernforbundet meiner derimot samfunnsnytten nå er under null:

– Nytta er negativ, fordi trafikkprognosane for Hordfast er overdrivne høge.

Det avviser vegstyremaktene.