Hopp til innhold

– Vi risikerer å måtte betale i fleire generasjonar

Dersom Hordaland fylkeskommune må stille lånegaranti for gigantprosjektet Hordfast, kan dei stå att med ansvaret for totalt 30 milliardar kroner i lån.

Ferjefri E39

STOR ØKONOMISK RISIKO: Miljøpartiet dei Grøne fryktar Hordfast kan få store økonomiske konsekvensar for Hordaland fylkeskommune.

Foto: Statens vegvesen (illustrasjon)

Som lånegarantist må fylkeskommunen betale frå eiga lomme dersom bompengeinntektene på vegprosjektet sviktar. Vegprosjektet er ein del av ferjefri E39 på Vestlandet.

– Vi risikerer å måtte betale i fleire generasjonar framover, fryktar Tom Sverre Tomren i Miljøpartiet dei Grøne (MDG).

Allereie har Hordaland fylkeskommune stilt med lånegaranti for 14 milliardar til ei lang rekke ulike vegprosjekt. Med Hordfast kan denne summen auke til rundt 30 milliardar kroner.

Tom Sverre Tomren

BEKYMRA: Tom Sverre Tomren og MDG meiner fylkeskommunen ikkje kan ta ansvar for totalt 30 milliardar i lånegaranti.

Foto: NRK

Vil unngå lånegaranti

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun frå Arbeidarpartiet håpar staten vil la Hordaland sleppe å stille som lånegarantist for Hordfast.

– Eg håpar og trur ein finn fram til løysingar som gjer at dette ikkje blir eit fylkeskommunalt ansvar. Det seier seg sjølv med gjeldssituasjonen vi er, samt låna vi allereie har garantert for, at det allereie er i overkant. Dette er ei kjempeutfordring, seier Hestetun.

Tomren og MDG meiner den økonomiske risikoen er for stor til at ein kan ta avgjersler basert på håp og tru.

Dersom ein skal følgje ordninga slik ho er i dag, kan fylkeskommunen stå att med det økonomiske ansvaret.

– Håp er ein god ting å ha, men ein kan ikkje ta politiske avgjersler basert på håp og tru, seier Tomren.

Partiet har lenge vore kritiske til den økonomiske risikoen og miljøfølgjene prosjektet kan føre med seg.

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap)

TRUR EIN SLEPP: Fylkesordførar Anne Gine Hestetun trur og håpar fylkeskommunen ikkje må stille som lånegarantist for eit så stort vegprosjekt.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Fryktar høg bompengepris

Kostnadsprognosane for bru og undersjøisk tunnel mellom Os, Tysnes og Os/Bergen har på få år auka frå 19 til heile 43 milliardar kroner.

Bompengesatsane på Hordfast er ein av grunnane til at Tomren fryktar fylkeskommunen kan bli stilt økonomisk til ansvar. Han trur dei kan bli så høge at bilistar vil unngå strekninga.

– Då sit vi med skjegget i postkassa dersom vi gir ein omtrent uavgrensa fylkeskommunal garanti. Dei verste analysane viser at det kan koste mellom 300 og 600 kroner å køyre Hordfast, seier Tomren.

Hordfast alternativer

HORDFAST: Vegprosjektet Hordfast er ein del av ferjefri E39 på Vestlandet. Det vestlegaste gule traséen er valt.

Foto: Statens vegvesen

– Dei vil svekke prosjektet

Fylkesvaraordførar Pål Kårbø meiner motstandarar av Hordfast-prosjektet brukar argumentet om lånegaranti taktisk, og påpeikar at det også finst positive sider ved saka.

– Eg trur nokre av dei som brukar lånegaranti-argumentet vil svekke prosjektet i heilskap. Vi må hugse at garantien vi gir er med på å sikre betre rentefinansiering. Det er viktige pengar i eit slikt prosjekt, fortel Kårbø.

– Finst eit tak på lokalt garantiansvar

Ingen av lånegarantiane Hordaland fylkeskommune har kome med til vegprosjekt har dei vore nøydde til å innfri. Difor har lånegarantiane aldri tidlegare ført til ei konkret utgift.

– Likevel skal vi skal ikkje underkjenne at å stille som lånegarantist er eit stort ansvar. Stortinget må gå inn og sjå på om dette er den beste måten i finansiere vegar på, seier Kårbø.

Pål Kårbø

FINST TAK: Fylkesvaraordførar Pål Kårbø i KrF trur kritikarane brukar argumentet om lånegaranti for å svekke Hordfast-prosjektet.

Foto: SØLVE RYDLAND / NRK