Hopp til innhold

Fem år etter trippeldrapet: – Situasjonen har blitt verre

FLORØ (NRK): Fem år etter at ein psykisk ustabil asylsøkjar drap tre menneske på ein buss i Årdal er det framleis ikkje krav til at tilsette på asylmottak skal ha psykiatrisk utdanning.

Åstaden for trippeldrapet

TRIPPELDRAP: Ein psykisk ustabil asylsøkjar tok livet av tre menneske ombord i denne bussen i november 2013.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Ei av dei som som er svært oppgitt over situasjonen er høgskulelektor Siv Førde ved Høgskulen på Vestlandet, som har jobba tett på asylsøkjarar og deira psykiske helse i mange år. Ho fryktar nye katastrofar.

Etter at ein psykisk ustabil asylsøkjar tok livet av tre menneske på Valdresekspressen 4. november i 2013 har ho kjempa for at det skal bli innført krav om at asylmottak må ha tilsette med kompetanse innan psykisk helse.

– Eg synest absolutt ikkje at det har blitt betre. Det er ganske tragisk å sjå at slike situasjonar kan oppstå som til dømes drapa i Trondheim. Det er eit veldig godt døme på at det ikkje er bra nok.

Ho peikar på at asylsøkjarar slit mykje meir enn den jamne nordmann.

Dei kjem frå traume og krigsopplevingar over lang tid, og då er det ein illusjon å tru at dei skal klare seg sjølv, seier Siv Førde.

Stilte fleire krav

Førde har fått støtte av Årdal kommune, der drapsmannen budde som asylsøkjar.

Ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) sende i 2013 eit brev til UDI der han oppmoda dei om å stille krav til asylmottaka om å sikre seg betre kompetanse knytt til psykisk helsevern.

– Så vidt eg veit har det ikkje skjedd noko sidan den gong, og det tykkjer eg er veldig ille, seier Lægreid.

Ordføraren i Årdal stilte i si tid i tillegg fleire krav til UDI etter trippeldrapet i kommunen hans.

  • At asylsøkjarar med avklart negativ status ikkje vert sendt til asylmottak ute i kommunane.
  • At kommunane alltid får vite om asylsøkjarane sin status
  • At UDI vurderer sine rutinar knytt til etablering av asylmottak
Liv Førde

KRITISK: Siv Førde meiner at det burde vere krav om tilsette med psykisk helse som kompetanse på asylmottak.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Fryktar det same kan skje igjen

No har det gått fem år sidan trippeldrapet i Årdal, og for to månader sidan tok ein asylsøkjar livet av to andre i Trondheim. Siv Førde meiner at dei to hendingane må sjåast i samanheng, og at situasjonen for asylsøkjarar sin psykiske helse er verre enn nokon gong.

– Å ha fagfolk som kan observere kva som skjer, og sjå signal på korleis folk faktisk har det er heilt avgjerande. Det må fagbakgrunn til for å kunne sjå at folk treng hjelp, seier Førde.

Kravet som UDI stiller til dei som driv asylmottak er at det skal vere i alle fall ein tilsett på kvart mottak som har teke eit kort kurs i psykisk helse.

Meiner kompetansen er god nok

Seksjonssjef i UDI Knut Berntsen seier at dei stiller krav om at alle asylmottak skal ha i alle fall ein tilsett som har kurs i psykisk helse. Han forklarer at eit asylmottak ikkje er ein institusjon, men at dei som bur der er innbyggjarar i ein kommune som allereie har eit helsevesen.

– Helsevesenet i kommunane skal ta hand om alle slags behov som dei på asylmottaka har, og vi ser ikkje at det har noko nytteverdi at vi byggjer opp eit parallelt system til dei systema som allereie finst i kommunane.

Og han understrekar også at det er mykje god kompetanse på asylmottaka i dag.

– Dei som driv asylmottak her i landet her tretti år med erfaring med det, seier Berntsen.