Skuffa over UDI i asylpolitikken

ÅRDAL (NRK): To år etter bussdrapa i Årdal seier ordførar Arild Ingar Lægreid at lite har blitt gjort for å innfri dei sju krava han stilte i kjølvatnet av den tragiske hendinga.

Kripos sine teknikarar gjer undersøkingar ved bussen der tre personar vart drepne i Årdal

LITE GJORT: Arild Ingar Lægreid sette fram sju konkrete krav etter bussdrapet, og seier lite er gjort. UDI meiner dei har teke grep. Biletet viser Kripos sine teknikarar då dei gjorde undersøkingar ved bussen der tre personar vart drepne i Årdal.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Med raske, bestemte rørsler pakkar Sheikh Ismail Ahmad bagen. 21-åringen frå Syria har budd på asylmottak i Årdal dei siste åtte månadane, men har no fått opphaldsløyve og skal flytte til Sandefjord.

– Eg hadde det bra her. Alle folka her i Årdal, ikkje berre folk ved ayslmottaket, var gode mot oss. Eg kjem ikkje til å gløyme dei, seier Ahmad.

Han seier han vil sakne menneska i Årdal og er takknemmeleg for sjansen og hjelpa han har fått. No meiner han Europa og Norge må hjelpe andre menneske som er på flukt frå krigen i heimlandet.

Othman Maher Hamza og Sheik Ismail Ahmad

PÅ FLYTTEFOT: Othman Maher Hamza (28) og Sheik Ismail Ahmad (21), begge frå Syria og begge skal til Sandefjord etter å ha budd 8 mnd på mottaket i Årdal.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Sju krav - lite er gjort

Mange i Årdal var urolege då det i august for litt over to år sidan vart etablert eit mottak for 150 asylsøkarar i kommunen. Ei uro som fekk nytt liv etter trippeldrapet på Valdresekspressen tre månader seinare.

I debatten som følgde sette ordførar Arild Ingar Lægreid fram sju krav til ein betre asylpolitikk.

– Det er vel ikkje så mange av krava vi sette den gongen som er innfridde, seier Arild Ingar Lægreid to år etter.

Ordførar Arild Ingar Lægreid

ORDFØRAR: Arild Ingar Lægreid.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Likevel, den rekordstore flyktningstraumen har sett krava dei kom med den gongen i eit litt anna lys, seier ordføraren. Han seier kommuen er budd på å hjelpe i den situasjonen, og i dag skriv Sogn Avis at formannskapet seier ja til å busette fleire flyktningar dei komande åra.

UDI: Har gjort viktige grep

Samstundes betyr flyktningstraumen at presset på å etablere asylmottak raskt ikkje har blitt noko mindre. Avdelingsdirektør i UDI, Christine Wilberg, seier situasjonen no er heilt spesiell.

– Vi er opptekne av å gi så god og tidleg informasjon som mogleg, men i ein situasjon der vi opprettar nye asylmottak dagleg og fleire kvar dag, er det ikkje alltid informasjonen kjem så tidleg som kommunane ønsker.

Christine Wilberg

AVDELINGSDIREKTØR: Christine Wilberg.

Foto: Nora Lie/UDI

Likevel meiner ho at dei har gjort to viktige grep etter bussdrapa.

– Vi har kutta kraftig på tida dublinerane, dei som skal tilbake til eit anna europeisk land, er i Norge. Vi har også samla dublinerane på mottak i austlandsområdet, med kortare veg til Gardermoen og til uttransportering, seier Wilberg.

– Vi skal gjere noko for landa som hjelper oss

På mottaket i Årdal gjer Ahmed seg klar til ta farvel med venene han har fått på mottaket dei siste månadene.

– Eg kom hit for eit nytt liv, for å finne ein jobb og lære meg språket. Eg synest vi også skal gjere noko for landa som hjelper oss, seier han.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.