Hopp til innhold

– Farleg å nedbemanne i helsesektoren

– Det er påfallande at byrådet kuttar i heimetenesta, og på same tid forventar at dei eldre skal bu heime lenger, meiner SV.

Mikkel Grüner

MEIR STRESS: Mikkel Grüner trur innsparingane vil ende med ein endå meir stressande arbeidskvardag for tilsette ved sjukeheimane.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Bergen kommune satsar knallhardt på innsparingar i helsesektoren.

Ved å effektivisere skal byrådet til saman spare 40 millionar kroner i året innan omsorgstenesta.

Leiar i helsekomitéen i bystyret, Mikkel Grüner i SV, trur det kjem til å ende med ein endå meir pressa arbeidskvardag for hjelpepleiarane.

– Eg synest 40 millionar høyrest veldig ambisiøst ut. Eg vil gjerne vite korleis ein har kome fram til dette talet, seier Grüner.

Ny teknologi i eldreomsorga

Sparetiltaka er mellom anna digitale pasientlister, elektroniske husnøklar og at eldre skal bu lenger heime enn dei gjer i dag. Dette skal føre til ei innsparing på 20 millionar i året.

I tillegg kjem effektane av normtidene, som byrådet reduserte i fjor. Her skal ein også hente inn 20 millionar i året. Normtid er tida ein normalt skal bruke for å utføre arbeidet som trengst heime hos kvar brukar.

– Vi er positive til å bruke teknologiske nyvinningar som ikkje var tilgjengeleg før. men vi er i mot at ein skal få dei som arbeider på pleieheimane til å springe fortare, seier konserntillitsvald Jan Aksel Espedal.

Jan Aksel Espedal

SKEPTISK: Hovudtillitsvald Jan Aksel Espedal er positiv til ny teknologi, men skeptisk til målet om spare 40 millionar i året.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Skeptiske til tala

Problemet med innsparingsplanen, som blir kalla «Smart omsorg», er at fleire av tiltaka endå ikkje er kome i gong. Likevel har byrådet allereie bestemt seg for løyve mindre pengar til heimetenesta neste år samanlikna med i år.

– Det er vanskeleg for meg å sjå kva som ligg bak desse innsparingane eigentleg, seier Espedal.

Også leiaren av helsekomitéen stiller seg spørjande til omfanget av innsparingane.

– Eg vil veldig gjerne vite meir om kva som ligg bak. Det høyrest svært ambisiøst ut for meg. Eg trur det er farleg å begynne med ei nedbemanning av helsesektoren før ein ser utviklinga framover meir tydeleg, meiner Grüner.

Helsebyråd Rebekka Ljosland i Bergen kommune

VIL EFFEKTIVISERE: Helsebyråd Rebekka Ljosland har tru at planen som effektivisere helsesektoren i Bergen vil fungere.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Reelle tal slik vi ser det

Helsebyråden trur derimot planen hennar vil fungere.

– Desse tala kjem frå ein prognose som førre byråd la inn. Vi har valt å halde fram med den, fordi den er veldig reell slik vi ser det no, seier byråd Rebekka Ljosland.

Ho seier poenget med prosjektet å bruke pengane på ein smartare måte.

– Midlane vi sparar gjennom «Smart omsorg» kan vi til eksempel bruke til å auke bemanninga på sjukeheimane, seier Ljosland.