Hopp til innhold

Fleire eldre kvinner tok sitt eige liv

Eldre har vanskelegare for å be om hjelp når dei slit psykisk, seier ekspertar. Dei er uroa over at fleire kvinner over 50 tar sitt eige liv.

Hender

AUKE: Tal frå Folkehelseinstituttet syner at fleire kvinner over 50 år enn tidlegare tar sitt eige liv.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

– Mister du mor di i sjølvmord, så tenker du ikkje på alderen. Ho vil du ha så lenge du kan, seier Elisabeth Braut.

Ho er fylkesleiar i Hordaland for Landsforeningen for etterlatte ved selvmord, og jobbar tett på menneske som har opplevd at deira kjære har tatt sitt eige liv.

Berre nokre få av medlemmene har mista nokon i aldersgruppa 60 år og eldre. Men statistikk syner at eldre kvinner i Bergen og Oslo i aukande grad tar sitt eige liv.

Elisabeth Braut i LEVE Hordaland

ALVORLEG: Elisabeth Braut i LEVE Hordaland møter pårørande etter sjølvmord. Sorga er like stor, fortel ho.

Foto: Mats Arnesen / NRK

Kjenner seg lite verde

Ekspertar på sjølvmord blant eldre vil enno ikkje kalle det ein trend, men er uroa over tala.

Tidlegare overlege ved Ullevål sykehus, Ildri Kjølseth, har skrive ei doktorgradsavhandling om sjølvmord blant eldre. Ho seier årsakene til at eldre tar sitt eige liv er komplekse, men at nokre ting går att.

– Mellom dei eg undersøkte, var det tydeleg at dette var menneske som hadde vore veldig aktive. Når dei blei gamle og fekk funksjonssvikt, eller var redde for å få det, kjente dei seg ikkje noko verdt lengre, fortel Kjølseth.

Kvart år tek vel 500 personar sitt eige liv i heile Noreg. Tala frå Folkehelseinstituttet syner at det er flest sjølvmord i aldersgruppa 30-69 år:

Sjølvmord i Oslo og Bergen, etter alder

Alder / år

2014

2015

2016

0-29

20

24

22

30-49

32

32

46

50-69

36

45

32

70-

10

12

16

Bak tala ser ein at det blir fleire kvinner over 50 år som tek sjølvmord. I dei to eldste gruppene sto kvinnene for «berre» 17 av sjølvmorda i 2014 og 2015, men 30 i 2016. Tala for 2017 er klare først i november i år.

Kjølseth trur dessutan det er mørketal i statistikken over sjølvmord blant eldre.

– Eldre menneske har mange sjukdommar. Det kan vere lettare for helsepersonell, for å skåne pårørande, å oppgi ein annan dødsårsak i tilfelle der det mest sannsynleg er eit sjølvmord, seier ho.

Ildri Kjølseth

MØRKETAL: Lege Ildri Kjølseth er ekspert på sjølvmord blant eldre. Ho trur mørketala kan vere store.

Foto: Andreas de Brito Jonassen / NRK

Får ikkje hjelp

Kjølseth trur ein årsak til sjølvmord blant eldre er at den eldre generasjonen har vanskelegare for å spørje om hjelp med psykiske vanskar. Difor er det særleg viktig at helsepersonell snakkar med eldre om tematikken, meiner ho.

Spesialkonsulent Annie Norevik i Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging trur også eldre i for liten grad får hjelp til å takle sjølvmordstankar.

Ho meiner sjølvmord og psykisk helse blant eldre er stigmatisert.

– Vi veit frå studiar at eldre menn har gått til legen i forkant av eit sjølvmord, men at dei snakkar om andre ting, fortel ho.

– Samstundes veit vi at eldre som tek livet sitt er veldig målretta når dei gjer det. Eitt av fire sjølvmordsforsøk blant eldre lukkast, mot ein av 20 blant unge, seier Norevik.

Også ho meiner helsepersonell må få betre kunnskap om sjølvmordsfare blant eldre.

Kursar fastlegar

Bergen kommune har ein nullvisjon for sjølvmord, og har tidlegare kursa tilsette i eldreomsorga i temaet. Om eit par veker vedtek kommunen ein ny handlingsplan for arbeidet.

– Vi skal prøve å identifisere eldre som er i faresona på ein meir aktiv måte, seier Audun Pedersen, spesialrådgjevar for psykisk helse i Bergen kommune.

Kommunen skal mellom anna utvide ordninga med førebyggjande heimebesøk hos eldre.

– Vi vil også lage eit kurs for fastlegar i Bergen, der identifisering og handtering av sjølvmordsfare blant eldre skal bli ein viktig del, seier Pedersen.